Tinnemannen

Tinnemannen er ein slått som tradisjonelt er nytta i Telemark. Slåtten er ein gangar i 2/4-takt, oftast spela i roleg tempo.

Alle variantane av slåtten er skrivne ned etter spelemenn frå Telemark, men ein bonde frå Valdres, Heimreisa etter Torleiv Bolstad har nokre nærskylde tak. Slåtten har namn etter bygdehovdingen Olav Hovdejord (1680-1765), som budde sine siste år på garden Tinne attmed Heddalsvatnet, om lag der Notodden ligg i dag. Olav skulle ha tralla slåtten i vande etter at ein kaptein hadde hogge av han eine handa.

I eldre tid var slåtten gjerne kalla Sildraren. Slåtten er i alle høve knytt til Heddal gjennom segna om Tinnemannen, og gamal i Telemark.

Variantgruppa

Hardingfeleverket har fire variantar av slåtten, som har nr 137. Den største forma av slåtten meiner ein er bygd ut av Lars Fykerud frå Sauherad, og denne forma var nytta av spelemenn i aust-Telemark, mellom dei Kristiane Lund, Olav Groven og Anund Roheim.

  • a: Tinnemannen etter Rikard Gøytil, Rauland[1]. Nedskrift Eivind Groven 1954 (G 808). Rikard hadde slåtten etter morbroren Olav R. Berge, som nok hadde han frå faren Rikard Aslaksson Berge. Slåtten er difor gamal i Bergsætta. Olav Berge spela inn slåtten på voksrull for Rikard Berge kring 1910. Denne forma er rekna som den eldste og knappaste. Rikard Gøytil spela han med karakteristiske blåtonar, som er sagt å gje att trallinga etter Olav Hovdejord.
  • c: Tinnemannen etter Olav Groven, Lårdal[3]. Nedskrift Eivind Groven 1957 etter minne (G 1039). Eivind Groven hadde slåtten etter Olav Groven, men og frå andre spelemenn. Groven skreiv og ut denne slåtten for det reinstemde orgelet. Forma er nærskyldt den dei nytta i nedre Telemark, etter Lars Fykerud.
  • d: Tinnemannen etter Anund Roheim, Bø i Telemark[4]. Nedskrift Eivind Groven 1957 etter opptak i NRK (G 1053). Roheim lærde først slåtten av Kristiane Lund, og skøytte sidan på noko etter Johannes Larsson Fykerud, son av Lars Fykerud. Denne forma er rekna som ein Fykerud-slått.

Fotnotar