Triose

monosakkarid som inneheld tre karbonatom

Triosar er monosakkarid som inneheld tre karbonatom.[1] Det finst tre ulike former av sukkeret: L-glyseraldehyd og D-glyseraldehyd, som begge er aldotriosar sidan karbonylgruppa ligg ytst i kjeda, og dihydroksyaceton, som er ein ketotriose sidan karbonylgruppa ligg i midten.[2]

D-glyseraldehyd er ein aldotriose sidan karbonylgruppa ligg ytst i kjeda.
Dihydroksyaceton er ein ketotriose sidan karbonylgruppa ligg i midten av kjeda.

Triosar er viktige for celleanding. Gjennom glykolyse blir fruktose-1,6-difosfat broten ned til glyseraldehyd-3-fosfat og dihydroksyacetonfosfat, som seinare gjev opphav til mjølkesyre og pyrodruesyre.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Triose
Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.