Trygve Lindeman
Trygve Henrik Lindeman(3. november 1896–24. oktober 1979)var ein norsk cellist frå Kristiania og i to mannsaldrar var han rektor for Musikkonservatoriet i Oslo.[1]
Trygve Lindeman | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. november 1896 Christiania |
Død | 24. oktober 1979 (82 år) |
Yrke | musikar |
Far | Peter Lindeman |
Mor | Anna Severine Lindeman |
Etter examen artium (1915) studerte han til sivilingeniør ved NTH i 1916 før han skifta tilmusikkstudiar ved Musikkonservatoriet i Oslo under Gustav Fr. Lange og iden danske hovudstad ved Det kongelige danske Musikkonservatorium under Carl Nielsen. Som cellist debuterte han i 1925 ogvart direktør (etter sin far Peter Brynie Lindeman) ved Musikkkonservatoriet i 1928. Direktør var han fram til 1969. Ekteparet Lindeman hadde ikkje barn og etablertederfor Lindemans Legat og overlét konservatoriets leiing til Anfinn Øien som var rektor fram til Norges Musikkhøgskole vart starta i 1973.Lindeman-tradisjonen i norsk musikk vart dyrka fram av Trygve som meinte at allekunne spelle, komponere og begripe musikkteori og bedrive pedagogikk.[2].Trygve Lindeman var frimurar og skjøtta embetet som ordførande meister i sin loge i ei årrekke.
Premiar
- Kongens fortjenstmedalje i gull 1953
- St. Olavs Orden, riddar i 1. klasse av gull 1967.
Utgivingar
- Lærebok i taktering for kordirigenter, 1939
- Lærebok i elementær musikkteori, 1943
- Tonetreffing og musikkdiktat, 1951
- Orkesterinstrumenter og partitur, 1973
- Musik-konservatoriet i Oslo 1883–1973, 1976, med E. Solbu