Verdsmeisterskapen i sjakk 1954

Verdsmeisterskapen i sjakk 1954 vart spela mellom regjerande verdsmeister Mikhail Botvinnik og utfordraren Vassilij Smyslov, begge frå Sovjetunionen, i Moskva frå 16. mars til 13. mai 1954.

Tvikampen vart spela som best over 24 parti. Viss kampen enda uavgjort 12-12, ville Botvinnik behalde verdsmeister-tittelen.

Botvinnik tok ei tidleg leiing, men Smyslov kjempa seg tilbake til ei leiing 6-5 etter 11 parti. Dette var det næraste Smyslov kom verdsmeistertittelen i denne tvikampen. Smyslov vann rett nok det 23. partiet slik at det stod likt før siste runde, men han klarte ikkje å vinne det 24. partiet også. Dermed likt 12-12 etter 24 parti, og Botvinnik beheldt såleis verdsmeister-tittelen.

Resultat

Verdsmeisterskapen i sjakk 1954
123456789101112131415161718192021222324Poeng
Mikhail Botvinnik11½1½½0½00011011½½½0½½0½12
Vassilij Smyslov00½0½½1½11100100½½½1½½1½12


Bakgrunnsstoff

.