Willie the Pimp

Willie the Pimp
Song av Frank Zappa
frå albumet Hot Rats
Utgjeve10. oktober 1969
SjangerBluesrock, hardrock
Lengd9:25
SelskapBizarre/Rykodisc
Låtskrivar(ar)Frank Zappa
ProdusentFrank Zappa

«Willie the Pimp» er ein bluesrocksong av Frank Zappa frå albumet Hot Rats frå 1969. Captain Beefheart syng vokal på songen, medan Zappa spelar ein av sine klassiske gitarsoloar. Songen er 9 minuttar og 16 sekundar lang på Hot Rats. Han er den einaste songen som ikkje er ein instrumental på albumet, men inneheld ein lang instrumental gitarsolo.

Songen finst òg på konsertalbuma Fillmore East - June 1971 og You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 4.

Albumtittelen Hot Rats kjem frå ein del av teksten på Willie the Pimp. Opphavet til songen vart forklart i ein samtale Zappa spelte inn i 1969. Intervjuet vart seinare gjeven ut som «The Story of Willie the Pimp» på Zappa-albumet Mystery Disc.

Songen vart rangert på 75. plass på lista over dei 100 beste gitarsongane av Rolling Stone.[1]

Musikarar

Hot Rats-versjonen

Fillmore East

You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 4

Andre versjonar

  • Juicy Lucy spelte «Willie the Pimp» i 1970 på Lie Back and Enjoy It. Denne versjonen finst òg på samlealbumet til Andy Votel kalla Vertigo Mixed, som kom i 2005.
  • Stack Waddy i 1972 på albumet Bugger Off!
  • Clouds (med Adam McGrath) på Legendary Demo på songen «Magic Hater»
  • Qui i 2007 på albumet «Love's Miracle".
  • Alex Harvey på albumet The Joker is Wild
  • Den tidlegare Zappa-gitaristen Warren Cuccurullo spelte songen i 1998 på albumet Roadrage.
  • Den New Jersey-baserte pskyedelisk/progressiv rock-kvartetten Karmic Juggernaut har spelt songen på konsertane sine.
  • Darryl McDaniels, Talib Kweli, Mixmaster Mike & Ahmet Zappa spelte songen på The Frank Zappa AAAFNRAAAA Birthday Bundle 2010

Kjelder