Wind Up Workin' in a Gas Station

Wind Up Workin' In A Gas Station
Song av Frank Zappa
frå albumet Zoot Allures
Utgjeve1976
SjangerRock, hardrock, komedierock
Lengd2:29
Låtskrivar(ar)Frank Zappa
ProdusentFrank Zappa

«Wind Up Workin' in a Gas Station» er den første songen på Frank Zappa-albumet Zoot Allures. Songen vert sungen av Zappa med ein falsk, tysk aksent fordi Zappa var fascinert av den tyske kulturen. På konsertane vart linja «Show me your thumb if you're really dumb» repetert mange gonger, og publikum svarte med å heve begge tomlane opp i lufta. Trass i den pessimistiske teksten vart songen ein favoritt hos fansen. Ein konsertversjon finst på You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 6.[1][2]

Tyding

Tittelen tyder «Enda opp med å arbeide på ein beninsstasjon». Songen går til åtak på det amerikanske skulesystemet og forklarer at sjølv med høg utdanning endar folk likevel opp med dårleg betalte jobbar, som å arbeide på ein bensinstasjon.[3]

Lady Bianca-kontroversen

Solovokalen vert sungen av Bianca Odin, betre kjend under scenenamnet Lady Bianca, som berre var i bandet til Zappa i 1976. Årsaka til at Odin slutta i bandet sa ho i eit intervju:

««Eg drog frå Frank Zappa fordi eg er ei kvinne. Eg ønskte ikkje å bli audmjuka med å ta av med kleda mine eller la Frank nytte meg som ei kulisse i showet hans. Eg følte at vokalen og dei musikalske eigenskapane mine var nok. Det var derfor eg slutta, det var mitt val».»

Etter at Lady Bianca vart songen droppa frå setlista fordi den høge vokalen til Lady Bianca var vanskeleg å etterlikne av andre vokalistar.[1]

Kjelder