Wonderful Christmastime

Wonderful Christmastime
Singel av Paul McCartney
B-side

«Rudolph the Red-Nosed Reggae»

Språkengelsk
Utgjeve16. november 1979
Innspelt30. august 1979 i Lower Gate Farm i Sussex
SjangerRock
Lengd3:45
SelskapParlophone, Columbia
KomponistPaul McCartney
TekstforfattarPaul McCartney
Låtskrivar(ar)Paul McCartney
ProdusentPaul McCartney
Paul McCartney-kronologi 
«Eat at Home»
(1971)
Wonderful Christmastime«Coming Up»
(1980)


«Wonderful Christmastime» er ein julesong av Paul McCartney frå 1979.

Songen vart gjeven ut på singel, og sidan som bonusspor på 1993-utgåva av Wings-albumet Back to the Egg.[1]

Songen vart òg gjeven ut som bonusspor på 2011-utgåva av McCartney II. Songen vart miksa i 5.1 kringlyd for DVD-utgåva av The McCartney Years i 2007.

Historie

McCartney spelte inn songen under innspelinga av soloprosjektet McCartney II. Ingen av medlemmane i Wings er med på innspelinga, men dei er med i musikkvideoen.[2]

«Wonderful Christmastime» vart nytta i animasjonsfilmen Rudolph the Red-Nosed Reindeer: The Movie i 1998.[3]

Singelen nådde sjetteplassen på singellista i Storbritannia den første veka i januar 1980.[4] Songen nådde ikkje Billboard Hot 100 i USA, men låg to veker på julesonglista i desember 1984 med ein tiandeplass som høgaste plassering.[5] Han nådde òg 29. plassen på Billboard Hot Adult Contemporary-lista tidleg i januar 1996.[5]

Songen vert ofte spelt på radio i juletider, men somme musikkjournalistar hevdar det er den dårlegaste songen til McCartney skreiv.[6][7][8] Beatles-forfattaren Robert Rodriguez skreiv om «Wonderful Christmastime»: «Elsk han eller hat han, få songar av McCartney har skapt så sterke reaksjonar.»[7]

Medverkande

Andre versjonar

  • Martin Sheen, John Spencer og Stockard Channing (alle skodespelarar i The West Wing) spelte «Wonderful Christmastime» på NBC Celebrity Christmas-albumet i 2000.
  • Barenaked Ladies spelte ein kort instrumentalversjon av songen i 2004 på albumet Barenaked for the Holidays.
  • Jump5 spelte og remiksa songen i 2002 for julealbumet All the Joy in the World.
  • Earthasuit spelte inn songen for Happy Christmas Vol. 3 i 2000.
  • Hilary Duff spelte inn «Wonderful Christmastime» i 2002 på julealbumet Santa Claus Lane.
  • Tom Mcrae spelte songen for samlealbumet Maybe This Christmas Tree i 2004.
  • Jars of Clay gav ut songen i 2007 på Christmas Songs.
  • Demi Lovato gav ut songen i 2008 for albumet All Wrapped Up. Denne versjonen finst òg på samlealbumet Now That's What I Call Today's Christmas og i trailerar for filmen A Madea Christmas frå 2013.
  • Family Force 5 spelte inn songen i 2009 på julealbumet Family Force 5 Christmas Pageant.
  • Amy Grant spelte inn songen for julespesialen Amy Grant: A Christmas to Remember, som vart send 15. desember 1999 på CBS.
  • Rahsaan Patterson spelte inn songen i 2008 for albumet The Ultimate Gift.[9]
  • Helix spelte inn songen i 2008 for julealbumet A Heavy Mental Christmas.
  • The Venture Bros.-skaparane Jackson Publick og Doc Hammer gav ut ein versjon av songen, framført som rollefigurane 21 og 24, for nettstaden Quick Stop Entertainment i 2008.[10]
  • Kelly Rowland spelte ein versjon av songen i 2010 for albumet Now That's What I Call Christmas! 4.
  • Chicago spelte inn songen i lag med Dolly PartonChicago XXXIII: O Christmas Three som kom i 2011.
  • Eli Young Band spelte inn songen i 2011 for samleplata The Country Christmas Collection. Versjonen deira nådde 33. plassen på Billboard Hot Country Songs-lista i januar 2012.
  • The Shins spelte inn songen for Starbucks-albumet Holidays Rule i 2012.
  • Eleventyseven spelte inn songen i synthpop-stil i 2012 for EPen Regifted.
  • Paul McCartney spelte inn songen på ny i 2013 med acappellagrupa Straight No Chaser for EPen deira, Under the Influence: Holiday Edition[11]

Kjelder

Bakgrunnsstoff