Zemstvo
Zemstvo (russisk Земство) var eit sjølvforvaltingsorgan innført på landet i Det russiske keisardømet av Aleksander II av Russland. Ideen bak zemstvo vart utarbeidd av Nikolaj Miljutin og dei første zemstvolovene vart kunngjort i 1864. Etter oktoberrevolusjonen i 1917 vart systemet lagt ned.
Systemet tok seg mellom anna av vegbygging, skattespørsmål, grunnskuleutbygging og helsestell.