Made in Heaven er det femtande og siste studioalbumet til det britiske rockebandet Queen, gjeve ut den 6. november 1995 på Parlophone og Hollywood Records. Før utgjevinga av Queen Forever i 2014, var dette det siste albumet med originale songar av den originale besetninga av bandet.
Etter at Freddie Mercury døydde, arbeidde bassisten John Deacon, trommeslagaren Roger Taylor og gitaristen Brian May med vokalen og pianopartia som Mercury hadde spelt inn før han døydde, og la til instrument på innspelingane.
Begge stadia av innspelingane, før og etter at Mercury døydde, vart fullført i studioet til bandet i Montreux i Sveits. Albumet gjekk rett inn på toppen av albumlista i Storbritannia, der det selde 4× platina. Albumet vart ein suksess verda over, særleg i Europa, og selde over fem millionar eksemplar der, og meir enn 7,5 millionar verda over.
Albumet vart spelt inn på ein annan måte enn dei andre studioalbuma til Queen. Tidleg i 1991, då bandet var ferdig med innspelinga av Innuendo, og nokre månader før han døydde, spelte Freddie Mercury inn så mykje vokal som han klarte, og instruerte resten av bandet: Roger Taylor, John Deacon og Brian May, om å fullføre songane seinare. Av songar som vart spelt inn på den tida var «A Winter's Tale», «Mother Love» og det som skulle bli «You Don't Fool Me».
Då me spelte inn desse songane etter Innuendo, hadde me hatt diskusjonane, og me visste at me var fullstendig på lånt tid med Freddie, for han hadde fortalt oss at han ikkje kom til å vere her meir når desse songane vart gjevne ut. Eg trur planen var å gå inn der når Freddie kjende seg bra nok. Me budde praktisk talt i studio ei tid og når han ringde og sa 'Eg kan kome nokre timar', så var planen å utnytte denne tida så mykje som mogeleg, og han sa: 'Få meg til å syngje kva som helst, skriv kva som helst for meg og eg skal syngje det og eg vil etterlate dykk med så mykje som eg overhovudet klarar.'
»
Etter at Mercury døydde, gjekk bandet inn i studio att i 1993 og byrja å gjere songane ferdige. May har skildra i intervju at Taylor og Deacon hadde byrja på nokre av songane i 1992, medan May var på turné for å marknadsføre albumet sitt, Back to the Light. Då han kom attende i 1993 følte May at dei ikkje var på riktig veg med musikken, og dei byrja meir eller mindre på nytt. Dei tre arbeidde då i lag med produsenten David Richards.
Dei hadde mindre enn eit heilt album å arbeide med og valde å hente inn songar dei hadde spelt inn tidlegare. Bandet diskuterte ikkje om Mercury hadde noko innspel før han døydde på kva songar han ville hatt med. Ideen var å ta eksisterande songar som Mercury song og omarbeide dei som Queen-songar.
I 2013 sa Brian May om albumet at «det er kanskje det beste Queen-albumet me har laga. Det er så mykje vakkert der. Det var ein lang, lang prosess, omhyggeleg sett saman. Eit sant kjærleiksarbeid.»[1]
To spor på vinylversjonen av Made in Heaven måtte redigerast for å passe inn på ei vinlyplate. Desse to spora var «I Was Born to Love You» og «You Don't Fool Me». Versjonen av «Heaven for Everyone» på vinylversjonen er singelversjonen.
Side ein
Nr.
Tittel
Låtskrivar(ar)
Lengd
1.
«It's a Beautiful Day»
Queen (Freddie Mercury, John Deacon)
2:32
2.
«Made in Heaven»
Mercury
5:25
3.
«Let Me Live»
Queen
4:45
4.
«Mother Love»
Brian May, Mercury
4:49
5.
«My Life Has Been Saved»
Queen (Deacon)
3:15
Side to
Nr.
Tittel
Låtskrivar(ar)
Lengd
6.
«I Was Born to Love You»
Mercury
4:25
7.
«Heaven for Everyone» (Single Version)
Roger Taylor
4:43
8.
«Too Much Love Will Kill You»
May, Frank Musker, Elizabeth Lamers
4:20
9.
«You Don't Fool Me»
Queen
4:46
10.
«A Winter's Tale»
Queen (Mercury)
3:49
11.
«It's a Beautiful Day (Reprise)»
Queen (Mercury)
3:01
12.
«Yeah» (Namnlaus)
Queen (Mercury)
0:15
I 2015 vart heile albumet gjeve ut på vinyl som eit dobbeltalbum.
Fleire år før Freddie Mercury byrja å spele inn solomateriale, skapte han eit lydklipp der han eksperimenterte på piano i Musicland Studios i München i 1980 under innspelinga av The Game. Seinare vart dette nytta for albumet og songen vart strekt ut til to minuttar og 32 sekund. Den meir klassiske delen, utan improvisasjonen til Mercury, vart sett saman av John Deacon.
Opphavleg vart songen spelt inn for Mercury-albumet Mr. Bad Guy, og denne songen, i lag med «I Was Born to Love You», fekk spesialhandsaming av Queen for dette posthume albumet. Bandet omarbeidde musikken slik at han fekk ein «Queen-lyd», og plasserte den tidlegare vokalen til Mercury over den nye musikken.
«Let Me Live» er ein livleg rockeballade sungen av Mercury, Roger Taylor og Brian May i lag. Songen vart fullført i 1995 etter at Mercury var død. Songen var opphavleg spelt inn med Rod Stewart under innspelinga i 1984 for albumet The Works.[2] Då han var ferdig i 1995 for Made in Heaven, gjorde Queen ei endring i tolvte time for å unngå å bli saksøkt. Delar av korvokalen inneheldt ein tekst som var særs lik Erma Franklin-songen «Piece of My Heart». Det er ikkje kjent om Queen sjølv gjorde denne endringa eller om dei vart fortalt av plateselskapet om å gjere det. Til slutt vart den potensielt problematiske biten miksa bort og sporet vart gjeve ut. Promokassettar i USA hadde det opphavlege, uendra akkompagnementet.
«Mother Love» var den siste songen Mercury og May skreiv, og den siste vokalen som Mercury spelte inn.[3] Vokalen til Mercury for «Mother Love» vart spelt inn mellom 13. og 16. mai 1991.[4] Før det siste verset sa Mercury til May at han «måtte gå og kvile seg litt», men at han skulle kome att for å spele inn resten. Mercury kom aldri attende til studio og May måtte derfor syngje siste verset på songen.
Songen vert avslutta med ein sample frå eit konsertopptak frå den kjende konserten deira på Wembley Stadium i 1986, og ein sample frå introen av studioversjonen av «One Vision» og «Tie Your Mother Down». Han inneheld òg ein liten sample frå ein cover av «Goin' Back», ein song skriven av Carole King og Gerry Goffin, som Mercury hadde sunge solovokal på i 1972. Versjonen vart gjeven ut som B-side til «I Can Hear Music», ein Ronettes-coverversjon av Larry Lurex, kort tid før Queen gav ut debutalbumet. Klippa kjem fram mellom allsongen og «Goin' Back»-samplet er visstnok nokre få millisekund av kvar song Queen nokonsinne spelte inn, sett saman og spelt hurtig gjennom.
«My Life Has Been Saved» vart byrja som ein akustisk song hovudsakleg skriven av Deacon i 1987-1988. Produsenten David Richards hjelpte han med å lage ein demo med klaverinstrument. Mercury song så songen og seinare spelte heile bandet på songen. Made in Heaven-versjonen skil seg frå 1989-versjonen, som opphavleg vart gjeven ut som B-sida til singelen «Scandal»), men nyttar same vokalen frå Mercury. Deacon spelar gitar og klaverinstrument, i tillegg til det vanlege instrumentet sitt, bassgitaren.
«I Was Born to Love You» vart opphavleg spelt inn (piano, vokal, synth) av Mercury den 25. mai 1984, for albumet Mr. Bad Guy. May, Taylor og Deacon spelte inn songen på ny og la til instrumenta sine, og gjorde songen om til ein kjapp rockelåt, hovudsakleg med hardrockgitar frå May. Songen vart populær i Japan i 2004, då han vart nytta som kjenningsmelodi for dramaserien «Pride» (プライド). Denne versjonen inneheld samplingar frå Mercury sin improviserte vokal frå «A Kind of Magic» frå albumet med same namn i 1986, og frå «Living on My Own», frå albumet Mr. Bad Guy. Musikkvideoen for denne versjonen av songen, som òg vart laga i 2004, vart hovudsakleg sett saman av klipp frå Mercury sine solovideoar og frå Queen: Live at Wembley.[5] Det finst òg ein versjon framført av May (som syng introen og spelar 12-strengsgitar) og Taylor (som syng solovokal).
«Heaven for Everyone» var ein song skriven av Taylor og prøvd ut med Queen i 1987,[6] men vart i følgje somme kjelder skriven med tanke på at Joan Armatrading skulle syngje han. Om ho avslo songen eller om Taylor trekte han attende er uklårt, men han vart spelt inn med det andre bandet hans, The Cross. Ein kveld Mercury kom for å vitje The Cross i studio og etter somme drinkar gav han dei idear om korleis songen kunne syngjast og enda opp med å syngje solovokal på songen. Mercury deltok på den britiske versjonen av albumet deira Shove It som gjestevokalist på songen, med Taylor på korvokal. Rollene var bytte om på singelen og den amerikanske versjonen av Shove It. Vokalen til Mercury vart så nytta på Made in Heaven med eit par forskjellige linjer og May song korvokal i staden for Taylor, medan Richards la til fleire idear til arrangementet. Songen vart gjeven ut på singel i 1995. Musikkvideoen er til minne om Mercury, og inneheld klipp frå Georges Méliès-stumfilmen A Trip to the Moon frå 1902.[7]
«Too Much Love Will Kill You» vart skriven av May, Frank Musker og Elizabeth Lamers ein gong mellom Magic og Miracle-innspelingane.[8] Dei skreiv songen i USA og Mercury song på han. Det vart nokre problem med rettane til songen for Musker og Lamers så dei kunne ikkje gje ut songen på The Miracle. Songen var meint å gå mellom «I Want It All» og «The Invisible Man», men vart fjerna. Det er den einaste songen på Made In Heaven som ikkje vart omarbeidd av dei attverande medlemmane i 1993-1995, men ein nytta i staden den opphavlege miksen frå 1989.
Under The Freddie Mercury Tribute Concert spelte May piano på songen og framførte songen for første gongen, og gav han så ut på soloalbumet Back to the Light. Arrangementet skil seg frå Queen-versjonen med akustisk gitarsolo og ingen trommer. May spelte songen live i 1992-1993, men då i eit liknande arrangement som Queen-versjonen. Songen vart nominert til Ivor Novello-prisen i 1997 for beste song musikalsk og tekstmessig.[8]
Songen vart framført av Queen og Luciano Pavarotti i 2003, og Pavarotti song dei siste delane av versa på italiensk.[9]
«You Don't Fool Me» var ein av dei siste songane som vart spelt inn for Made in Heaven og kom til på ein uvanleg måte. May har forklart på nettsida si at Richards meir eller mindre skapte rammeverket for songen på eiga hand, og bygde songen frå bitar av tekst som vart spelt inn kort tid før Mercury døydde. May har sagt at før Richards byrja å arbeide på songen så var det ikkje nokon song å snakke om. Men etter Richards redigerte og miksa songen (og tok med bitar av harmonivokal spelt inn for «A Winter's Tale») presenterte han songen for bandet. May, Taylor og Deacon la så på instrument og korvokal og vart overraska over å ende opp med ein ferdig song som hadde byrja som ingenting. Stilen på songen minnar om albumet Hot Space frå 1982.
«A Winter's Tale» er ein ballade skriven og komponert av Mercury i leilegheita si i Montreux i Sveits. Det er den siste songen Mercury skreiv heilt aleine, og det er den einaste songen i Queen-historia som vart spelt inn og gjeve ut der Mercury song vokalen før musikken var ferdig.
Han har sidan blitt rekna som ein av julesongane til bandet. Om dette var intensjonen eller ikkje er ukjent.
«Yeah» er den kortaste songen på albumet og i katalogen til Queen, med berre fire sekund. Han består berre av Merucury som seier «yeah», teken frå songen «Don't Try Suicide» frå Queen-albumet The Game.
Spor 13 var eit eksperiment av Richards med ein Ensoniq ASR-10-sampler. Han tok opningsakkorden på «It's a Beautiful Day» og laga ein loop, og la så til stemma til Mercury gjennom store mengder ekko. May og Taylor la òg til nokre idear til sporet. Denne finst berre på CD-utgåva og promokasettar av albumet.
Made in Heaven fekk generelt positive meldingar då det kom ut. Kritikarane har trekt fram den livlege karakteren og kvaliteten i musikken etter at Mercury døydde i 1991.
Q skreiv: «Ti nye spor (og ein reprise). Ingen fyllmasse. Inga skam. Eit essensielt kjøpt for Queen-fans, og sjølv utan den spesielle tydinga til albumet er Made In Heaven truleg eit betre album enn Innuendo og ein høvande svanesong for ei av dei mest glødande rockegruppene i historia. Made in Heaven er òg det siste testamentet til ei stjerne som aldri kom til å bli ein helgen, men som med framføringane sine, heilt til den absolutte slutten, alltid var prega av uvøren entusiasme og ei sjeldan generøs ånd.»
The Sunday Times skildra albumet som «essensielt».
Entertainment Weekly skreiv: «Det er den perfekte teatralske gravskrifta til eit liv dedisert til strålande kunstgrep.»
Allmusic skreiv: «Made in Heaven gjekk attende til Queen i 1970-åra med sterke melodiar og hardrockgitar, toppa med Mercury som syng med bravur og somme av koreffektane dei nytta på «Bohemian Rhapsody». Sjølv om ein ikkje visste om at desse songane vart sungen i skuggen av døden, så er temaet openbert. Tekstane omhandlar livet og døden.»
Brian May – gitar, klaverinstrument på «Mother Love», «I Was Born to Love You» og «A Winter's Tale», piano på «Too Much Love Will Kill You», korvokal, solovokal på «Let Me Live» og det siste verset på «Mother Love»
Roger Taylor – trommer, perkusjon, klaverinstrument på «Heaven for Everyone» og «You Don't Fool Me», korvokal, solovokal på «Let Me Live»
John Deacon – bassgitar, gitar på «My Life Has Been Saved», klaverinstrument på «It's a Beautiful Day», «My Life Has Been Saved» og «It's a Beautiful Day (Reprise)»
Andre medverkande
Rebecca Leigh-White, Gary Martin, Catherine Porter, Miriam Stockley – korvokal på «Let Me Live»
Queen II-turneen · Sheer Heart Attack-turneen · A Night at the Opera-turneen · Summer Gigs 1976 · A Day at the Races-turneen · News of the World-turneen · Jazz-turneen · Crazy Tour · The Game-turneen · Hot Space-turneen · The Works-turneen · The Magic-turneen · Queen + Paul Rodgers-turneen (med Paul Rodgers) · Rock the Cosmos-turneen (med Paul Rodgers) · Queen + Adam Lambert-turneen 2012 (med Adam Lambert) · Queen + Adam Lambert-turneen 2014–2015 (med Adam Lambert) · Queen + Adam Lambert-turneen 2016 (med Adam Lambert)
Tilknytte artiklar
Diskografi · Konsertar · Queen + Paul Rodgers · Queen + Adam Lambert · Queen & Adam Lambert Rock Big Ben Live ·Highlander ·Flash Gordon · Ibex · Larry Lurex · Mike Grose · Smile · The Cross · The Brian May Band · One Night of Queen ·Queen: The eYe ·We Will Rock You · We Will Rock You: 10th Anniversary Tour · Queen at the Ballet · Deacy Amp · The Official International Queen Fan Club · Mercury Phoenix Trust · Queen Extravaganza Tour · Mountain Studios · Red Special ·Spike Edney · Jim Beach · John Reid ·