Mother Love

Mother Love
Song av Queen
frå albumet Made in Heaven
Utgjeve6. november 1995
InnspeltMai 1991, 18. oktober 1993 – tidleg 1995 i Mountain Studios, Cosford Mill og Metropolis Studios
SjangerRock
Lengd4:49
SelskapParlophone (Europa)
Hollywood (Nord-Amerika)
KomponistBrian May
TekstforfattarFreddie Mercury
Låtskrivar(ar)Brian May
Freddie Mercury
ProdusentQueen

«Mother Love» er ein song av Queen frå 1995 på albumet Made in Heaven, gjeven ut etter Freddie Mercury døydde i 1991. Han var skriven av Brian May og Mercury. Songen er den aller siste Mercury spelte inn, i mai 1991, seks månader før han døydde.[1][2]

Detaljar

«Mother Love» var den siste songen skriven i lag av Mercury og Brian May og det var aller siste gongen Mercury song i studio.[3] Vokalen til Mercury vart spelt inn mellom 13. og 16. mai 1991, etter innspelinga av Innuendo.[4] Under innspelinga, før dei nådde det siste verset, sa Mercury til May at han måtte kvile seg litt, men at han skulle kome attende og avslutte songen. Han kom aldri attende, og May måtte syngje det siste verset.

På slutten av songen kan ein høyre ein sample frå eit konsertopptak frå den kjende konserten til Queen på Wembley Stadium, og ein sample frå introen av studioversjonen av «One Vision» og «Tie Your Mother Down».

Mot slutten av songen finst òg eit par sekundar langt klipp av alle songane Queen spelte inn, sett i saman av særs korte klipp.

Songen har òg ein sample av ein versjon av «Goin' Back», ein song skriven av Carole King og Gerry Goffin, som Mercury song i 1972. Versjonen vart gjeven ut som B-sida til «I Can Hear Music», ein song av Ronettes som Larry Lurex spelte inn og gav ut kort tid før debutalbumet til Queen kom ut. Mot slutten av songen kan ein høyre eit spedbarn som gret.

Medverkande

Kjelder

Bakgrunnsstoff