Polaris, Nordstjerna, Polarstjerna, 1 Ursae Minoris, HR 424, BD +88°8, HD 8890, SAO 308, FK5 907, GC 2243, evt.S 1477, CCDM 02319+8915, HIP 11767, Cynosura, Alruccabah, Phoenice, Navigatoria, Star of Arcady, Yilduz, Mismar
Nordstjerna eller Polarstjerna, som au er kjent under det latinske namnet Polaris (α UMi / α Ursae Minoris / Alfa Ursae Minoris), er den sterkaste stjerna i stjernebiletetDen vesle bjørnen og den 45. mest lyssterke på nattehimmelen. Ho er svært nær den himmelske nordpolen og er difor den noverande polstjerna.
Ho er ei multippelstjerne som består av hovudstjerna Alfa (som er ei superkjempe), dei to midnre følgjestjernene Alfa UMi B og Alfa UMi Ab, og to fjerntliggande komponentane Alfa UMi C og Alfa UMi D. Alfa UMi B vart oppdaga i 1780 av William Herschel.
I gamal samisk tru var Polarstjerna verdspillaren som heldt himmelkvelvinga oppe og som dei andre stjernene krinsa kring. På samisk heiter stjerna boahji, boahi eller boahji-návli.