Siret (ukrainsk Серет - Seret, russisk Сирет, ungarskSzeret) er ei elv som spring ut frå Karpatane nord i Bukovina i Ukraina, og renn sørover og inn i Romania. Ho renn sørover i Romania før ho munnar ut i Donau. Den totale lengda hennar er 706 km. I antikken vart ho kalla Hierasus.
Av byar og landsbyar langs Siret finn ein frå kjelda til munningen: Berehomet, Storozjynets, Siret, Grămești, Zvoriștea, Liteni, Pașcani, Stolniceni-Prăjescu, Roman, Bacău, Adjud, Mărășești og Galați.