Hyske
62°07′18.9″N 7°9′46.1″E / 62.121917°N 7.162806°EHyske eller Hysket (dialektisk høskje) er ein øydegard på nordsida av Geirangerfjorden, i Stranda kommune i Møre og Romsdal fylke.
Garden er nemnt i skattemanntalet for 1603[1] og ein veit ikkje når dei siste flytta derifrå. Han vart nemnt som øydegard i 1606/7[2] og seinare i 1767. Etter ei overlevering skal der ein gong i tida ha vore ein stor og god gard, og ein marknadsplass[Note 1], men seinare vart han øydelagt av skred. Ein gong på 1500-talet eller før, skal Årsetfjellet[Note 2] (ved garden Årset) ha rasa ut og heile garden, med markar, hus, folk og dyr, skal ha blitt sopt ut i fjorden. Ein kan sjølvsagt ikkje utan vidare feste lit til ei slik historie, men undersøkingar som NGU har gjort i nyare tid viser at eit stort skred verkeleg har gått ut i fjorden, nett der tunet på Hyske ein gong kan ha lege[3]. Skredet var truleg mellom dei største skredulukkene vi kjenner til i Noreg.
Steinruinar etter 3-4 hus er å sjå på staden i dag, og dei kan ha samanheng med at plassen på 1600- og 1700-talet skal ha blitt nytta av ungfolk i kortare periodar, til dei fann seg ein betre stad å bu.
Hyskjet naturreservat[4] (Areal: ca. 525 dekar) vart oppretta 27. juni 2003, med det føremål å ta vare på ein av dei best utvikla edellauvskogane i fjordstroka på Sunnmøre, med det naturlege plante- og dyrelivet.
Notar
Referansar
Bakgrunnsstoff
- Jørgen Gjerding (1935). Øydebruk i Sunnylven og Geiranger. Hellesylt: Eige forlag. s. 46.
- Edv. Hole (1905). Geiranger : en beskrivelse med billeder. Christiania [i.e. Oslo]: Grøndahl. s. 40.
- Astor Furseth (2006). Skredulykker i Norge. Oslo: Tun Forlag. s. 148. ISBN 82-529-3043-3.
- Hysket Arkivert 2017-10-14 ved Wayback Machine. Naturbase, Miljødirektoratet
- Verdsarv Vestnorsk fjordlandskap - innskrive på UNESCO si Verdsarvliste 14. juli 2005.