“Heroes” av David Bowie

Denne artikkelen handlar om songen. For albumet, sjå “Heroes”.
“Heroes”
Singel av David Bowie
frå albumet “Heroes”
B-side

V-2 Schneider

Språkengelsk
Utgjeve23. september 1977
InnspeltJuli–august 1977
StudioHansa (Vest-Berlin)
SjangerKunstrock
Lengd
    • 6:07 (album)
    • 3:32 (singel)
SelskapRCA Records
KomponistBrian Eno, David Bowie
TekstforfattarDavid Bowie
Låtskrivar(ar)David Bowie, Brian Eno
ProdusentDavid Bowie, Tony Visconti
David Bowie-kronologi 
«Be My Wife»
(1977)
“Heroes”«Beauty and the Beast»
(1978)


«“Heroes”» er ein song av den engelske musikaren David Bowie, skriven i lag med Brian Eno og produsert av Bowie og Tony Visconti. Han vart spelt inn i juli og august 1977 i Hansa Studio by the Wall. Han vart gjeven ut 23. september 1977 som den første singelen frå det 12. studioalbumet hans med same namn, med B-sida «V-2 Schneider». Songen kmo ut i Berlinperioden til Bowie og songen vart ikkje ein stor hit verken i Storbritannia eller USA då han kom ut, men han har sidan vorte ein av signaturlåtane hans. I januar 2016 etter Bowie døydde, nådde songen 12. plassen på UK Singles Chart. «“Heroes”» er rekna som den nest mest covra låten til Bowie etter «Rebel Rebel».[1]

Bowie vart inspirert til teksten då han såg produsenten Tony Visconti omfamne kjærasten sin ved Berlinmuren og songen fortel ei soge om to kjærastar, ein frå Aust- og ein frå Vest-Berlin. Framføringa til Bowie av «“Heroes”» den 6. juni 1987 ved den tyske Riksdagen i Vest-Berlin har blitt rekna som ein katalysator for at Berlinmuren seinare fall.[2][3][4] Etter at Bowie døydde i januar 2016 takka den tyske regjeringa Bowie for å ha «hjelpt til med å bringe ned muren», og sa «du er no blant heltar».[5]

«“Heroes”» har fått mykje lovord sidan han kom ut, og finst på mange lister over dei beste songane gjennom tidene. Rolling Stone kåra han til den 46. beste songen og NME til den 15. beste.[6] Bowie-forfattaren David Buckley har skrive at «“Heroes”» «er kanskje popens definitive melding om den potensielle triumfen til menneskeanda over motgang».[7]

Tittel og tekst

Tittelen på songen er ein referanse til «Hero» av det tyske krautrockbandet Neu! frå 1975,[8] som Bowie og Eno var tilhengjarar av. Det var ein av dei første songane dei spelte inn for albumet, men han vart verande ein instrumental til slutten av produksjonen.[9] Hermeteikna i tittelen vart sett inn for å vise til den ironiske meininga av uttrykket i den elles romantiske og triumferande teksten og musikken.[10][11][12][13] Produsent Tony Visconti tok æra for å ha inspirert til biletet av dei to kjærastane som kyssar kvarandre ved «muren», då han og korvokalist Antonia Maaß omfamna kvarandre, medan Bowie såg dei frå vindauget i Hansa Studio.[14] Bowie sa då songen kom ut at personane i songen var eit ukjend, ungt par, men Visconti, som var gift med Mary Hopkin på denne tida, meiner at det var fordi Bowie ikkje ville avsløre forholdet hans til Maaß til nokon. Bowie stadfesta dette i 2003, over to tiår etter Visconti og Hopkin var skilde.[9]

Musikk

Bowie sa at det «det jamne tempoet og rytmen» var inspirert av Velvet Underground-songen «I'm Waiting for the Man».[15]

Richard Buskin i Sound on Sound skildra «“Heroes”» som eit «særs eksperimentelt stykke kunstrock». Musikken, skriven av Bowie og Eno, består av to akkordar (D-G) med «korte ekskursjonar til kjende akkordar» i G-dur.[16] Biografen David Buckley har samanlikna songen med ein Wall of Sound-produksjon, med eit mektig og støyande arrangement av gitarar, perkusjon og synthesizerar.[14] Eno har sagt at musikalsk har stykket alltid høyrdest «storarta og heroisk ut» og at han hadde «akkurat det ordet - heroes - i tankane, sjølv før Bowie byrja å skrive teksten».[17] Det grunnleggande akkompagnementet bestod av eit vanleg arrangement med piano, bassgitar, rytmegitar og trommer. Dei andre partane bestod av syntheziser av Eno med hjelp av ein EMS VCS3 skapte lågfrekvente bordun-tonar, med ein rytmefrekvens frå tre oscillatorar som produserte ein skjelvande effekt. I tillegg skapte King Crimson-gitarist Robert Fripp ein uvanleg vedvarande lyd på gitaren, skapt av feedback ved at han sat forskjellige stader i rommet for å endre tonen på feedbacken. Visconti miksa ut basstromma til Dennis Davis og sa at songen verka å «gå tungt» med tromma, men hadde ei meir energisk kjensle utan denne.[18]

Vokalsperre-effekt

Vokalen til Bowie vart spelt inn etter at dei fleste studiomusikarane hadde reist frå Berlin. [17] Visconti rigga eit system med tre mikrofonar for å fange den episke vokalen[19], med ein mikrofon like føre Bowie, ein 7 meter unna og den siste 17 meter unna. Mikrofonane hadde lydsperrer som opna seg når volumet frå stemma til Bowie vart høg nok, slik at berre den første var open for den rolegare vokalen i starten av songen, den andre opna seg når vokalen vart litt høgare, og alle tre av dei opna seg for dei mest høglydte partia. Dette skapte progressivt meir klang og atmosfære etter høgare vokalen vart.[20]Jay Hodgson skreiv «Framføringa til Bowie veks så i intensitet i takt med at stadig meir atmosfære fyller leveringa hans, før han i siste verset må rope for å bli høyrd ... Jo meir Bowie roper, berre for å bli høyrd, jo lenger bak i miksen til dette fleirdelte systemet til Visconti pressar vokalsporet seg og skapar ein sterk metafor for situasjonen kring dei dømde kjærastane Bowie syng om.»[21]

Utgjeving og etterverknad

«"Heroes"» vart gjeven ut på forskjellige språk og forskjellige lengder (ein samlar sin våte draum i følgje NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray[10]). I motsetnad til den forbløffande studiosituasjonen, vart videoen (regissert av Stanley Dorfman)[9] naken og enkel, der Bowie syng songen i eit enkelt opptak, filma frå forskjellige vinklar, i eit mørkt rom føre ein lyskastar.

«“Heroes”» kom ut 23. september 1977 som den første singelen frå det 12. studioalbumet til Bowie med same namnRCA Records med ei lengd på 3:32 og albumsporet «V-2 Schneider» som B-side.[22] Han kom så ut med ei lengd på 6:07 som det tredje sporet, mellom «Joe the Lion» og «Sons of the Silent Age», på albumet i oktober same året.[23] Ein annan 12"-singel inneheld både singel- og albumversjonen, og kom ut i USA på RCA Victor (as RCA / JD-11151) same året.[24] Den tyske og franske versjonen, kalla høvesvis «"Helden"» og «"Héros"», kom ut på RCA (RCA / PC-9821).[25]

Trass i at singelen vart marknadsført, mellom anna med den første framferda til Bowie på Top of the Pops sidan 1972,[14] nådde berre singelen 24. plassen i Storbritannia og nådde ikkje lista i det heile i USA.[26] I Italia selde singelen til gullplate.[27]

Mottaking og ettermæle

Charlie Gillett skreiv for NME då plata kom ut: «Vel han hadde eit ganske godt løp for pengane våre, for ein fyr som ikkje var noko songar. Men eg trur tida hans har vore og gått, og dette høyrest berre sliten ut. Så igjen, kanskje det store, tunge riffet vil bli absorbert på radioen, og den monotone kjensla kan berre vere hypnotisk nok til å trekke folk til å kjøpe ho. Eg håar ikkje det.»[28] Trass i den dårlege meldinga vart songen plassert på sjetteplassen på årslista til NME for 1977.[29]

Seinare har kritikken vore god. I februar 1999 kåra Q Magazine «"Heroes"» som ein av dei 100 beste singlane gjennom tidene. I mars 2005 plasserte det same magasinet songen på 56. plass på lista si over dei 100 beste gitarsongane. I 2004 rangerte Rolling Stone songen på 46. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene. Songen var med på lista til Pitchfork Media over dei «500 beste songane frå punk til i dag» i 2008. John J. Miller frå National Review rangerte «"Heroes"» på 21. plass på ei liste over «dei 50 største konservartive rockesongane»[30] på grunn av den anti-sovjetiske, politiske konteksten. Songen vart òg ein homo-hymne.[31][32] Uncut plasserte øvst på lista si over dei 30 beste Bowie-songane i 2008.[33]

Bowie har ofte spelt songen på konsertane sine. Songen har vorte mykje nytta i reklamefilmar, mellom anna for Microsoft, Kodak, CGU Insurance, HBO Olé (HBO Latin America) og forskjellige idrettsarrangørar verda over. Heroes finst i videospelet Rock Band.

Songen vart spelt under innmarsjen til deltakarane i opningsseremonien til sommar-OL 2012 i London då dei britiske utøvarane entra stadion.

Moby har sagt at «“Heroes”» er ein av favorittsongane hans og meinte det var «uungåeleg» at musikken hans kom til å bli inspirert av denne songen,[34] og Dave Gahan, frontmann og songar i Depeche Mode, vart henta inn i bandet då bandsjefen Vince Clarke høyrde han syngje «“Heroes”» under ein jam.[35]

Lovord

PublikasjonLandLovordÅrPlassering
TIMEUSA«All-Time 100 Songs»[36]2011N/A
Rolling StoneUSA«500 beste songane gjennom tidene»[37]200346
NMEStorbritannia«100 beste singlane gjennom tidene»[38]20025
NMEStorbritannia«500 beste songane gjennom tidene»[39]201415
NMEStorbritannia«100 beste songane i levetida til NME...så langt»[40]20123
NMEStorbritannia«NME-lesarane sine favorittsongar siste 60 åra»[40]201216
NMEStorbritannia«Beste songar frå 1970-åra»[40]20144
NMEStorbritannia«David Bowie sine 40 beste songar»[41]20141
MojoStorbritannia«Dei 100 beste singlane gjennom tidene»[42]199734
SoundsStorbritannia«Tidenes 100 beste singlar»[43]19852
QStorbritannia«Q-lesarane sine 100 beste singlar gjennom tidene»[44]199936
PitchforkUSAThe Pitchfork 500[45]2008N/A
PitchforkUSA«Dei 200 beste songane frå 1970-åra»[46]20166
Radio XStorbritannia«Dei 1000 beste songane gjennom tidene»[47]201024
Radio XStorbritannia«Beste britiske»[48]20167
UncutStorbritannia«David Bowie sine 30 beste songar»[49]20081

N/A indikerer uordna liste.

Innhald

Alle songar skrivne av David Bowie og Brian Eno, utanom der andre er nemnde

7" vinyl
  1. «“Heroes”» – 3:38
  2. «V-2 Schneider» (Bowie) – 3:10
12" vinyl
  • RCA / JD-11151 (US promo)[24]
  1. «“Heroes”» (Album version) – 6:07
  2. «“Heroes”» (Single version) – 3:29
  • RCA / PC-9821 (Tyskland)[25]
  1. «“Heroes”» / «'Helden'» (English/German version) – 6:09
  2. «“Heroes”» / «'Héros{» (English/French version) – 6:09

Medverkande

I følgje biografen Chris O'Leary:[50]

Salslister og salstrofé

Salslister

Vekeslister

Liste (1977–78)Plassering
Australia (AMR)11
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[52]19
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[53]17
Irland (IRMA)[54]8
Nederland (Mega Single Top 100)[55]9
New Zealand (RIANZ)[56]34
UK Singles (Official Charts Company)[57]24
USA Record World Singles Chart 101–150[58]126

Liste (2016)Plassering
Australia (ARIA)[59]36
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[52]14
Euro Digital Song Sales (Billboard)[60]3
Frankrike (SNEP)[61]9
Tyskland (Media Control AG)[62]19
Irland (IRMA)[63]29
Italia (FIMI)[64]17
Japan Hot Overseas (Billboard)[65]18
Nederland (Mega Single Top 100)[55]47
New Zealand (RIANZ)[56]34
Portugal (AFP)[66]32
Skottland (Official Charts Company)[67]8
Spania (PROMUSICAE)[68]59
Sverige (Sverigetopplistan)[69]37
Sveits (Schweizer Hitparade)[70]17
UK Singles (Official Charts Company)[71]12
US Hot Rock & Alternative Songs (Billboard)[72]11

Årslister

Liste (2019)Plassering
Portugal (AFP)[73]1683

Salstrofé

RegionSalstroféSalstal
Danmark (IFPI Danmark)[74]Gull0^
Italia (FIMI)[75]Gull15 000*
Storbritannia (BPI)[76]Platina600 000^

xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Konsertversjonar

  • Før singelen kom ut, framførte Bowie songen i den siste episoden av TV-showet til venen Marc Bolan på Granada Television, Marc (filma 7. september 1977, sendt 28. september 1977,[77] after Bolan's funeral). Denne særskilde versjonen, gjeven ut på ein 7" biletplate 22. september 2017,[77] har eit alternativt akkompagnement som vart spelt inn med Bolan på sologitar og T.Rex-medlemmane Dino Dines på klaverinstrument og rytmeseksjonen Herbie Flowers på bass og Tony Newman på trommer.[78] Før dei vart med T.Rex, spelte Flowers og Newman bass og trommer på Bowie-albumet Diamond Dogs, den påfølgjande turneen, inkludert konsertalbumet David Live.
  • Bowie spelte songen då han deltok på Bing Crosby sin julespesial i 1977, Bing Crosby's Merrie Olde Christmas. Dette vart filma 11. september 1977 og Bowie song over eit førehandsinnspelt akkompagnement.
  • Den 20. oktober 1977 song Bowie songen på BBC-programmet Top of the Pops, med eit nytt akkompagnement som vart spelt inn dagen før av Bowie, Tony Visconti, pianisten Sean Mayes og gitaristen Ricky Gardiner.[79]
  • Konsertopptak frå Isolar II-turneen har kome ut på Stage (1978) og Welcome to the Blackout (2018).[80][81]
  • Bowie framførte songen på Serious Moonlight-turneen i 1983, som ein kan sjå i konsertvideoen frå turneen frå 1984 og som høyrd på konsertalbumet Serious Moonlight (Live '83), som kom ut i 2018 i plateboksen Loving the Alien (1983–1988)[82] og sidan separat i 2019.[83]
  • Ei utgåve frå Live Aid i 1985 har vorte skildra som «den beste versjonen av "Heroes" han nokon gong song».[84] Thomas Dolby spelte klaverinstrument på denne versjonen.
  • Bowie framførte songen under Glass Spider-turneen, som ein kan sjå i konsertvideoen frå turneen frå 1988.
  • Songen vart framført på Freddie Mercury Tribute Concert i 1992 av Bowie, Mick Ronson og John Deacon, Roger Taylor og Brian May frå Queen.
  • Ein akustisk versjon av songen vart spelt i 1996 på The Bridge School Benefit Concert i Shoreline Amphitheater i Mountain View, California, og seinare gjeven ut på The Bridge School Benefit Concert-albumet.
  • Ei framføring av songen 25. juni 2000 på Glastonburyfestivalen kom ut i 2018 på Glastonbury 2000.[85]
  • Songen vart framført av Bowie på The Concert for New York City den 20. oktober 2001. Før Bowie opna konserten vart han spurt om å spele «“Heroes”». Han sa det ikkje høvde seg fordi det var ein kjærleikssong, så han opna med ein soloversjon av Paul Simon sin «America», før han spelte «“Heroes”» med husbandet leia av Paul Shaffer.
  • Bowie framførte songen på A Reality Tour i 2003, og eit konsertopptak frå november det året kom ut på ein DVD i 2004, og seinare på eit album, gjeve ut i 2010.

Andre utgjevingar

  • Ein forkorta 7" singel på 3:32 med «V-2 Schneider» på baksida, vart gjeven ut separat på engelsk, fransk ("Héros") og tysk ("Helden"). Alle desse tre, samt «V-2 Schneider», vart gjeven ut i lag på ein australsk singel.
  • Den komplette engelske albumversjonen vart gjeven ut på ein spansk 12" singel.
  • Ein versjon som startar med den engelske versjonen og sluttar med den tyske ("Heroes/Helden") finst på tyske utgåve av vinylutgåva av albumet og finst òg på filmmusikkalbumet til filmehn Christiane F. og på Rare.
  • Songen finst på samleplatene:
  • Songen vart gjeven ut som biletplate i RCA Life Time-settet.
  • Den tyske („Helden“) og franske («Héros») versjonen av singelen, i tillegg til den engelsk-tyske (“Heroes”/„Helden“) og den engelsk-franske (“Heroes”/«Héros») versjonen av albumsporet, kom ut på ein EP i 2017 i plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982). Singelversjonen av med på Re:Call 3, som var i same samlinga.[86] I 2015 nådde den franske versjonen av “Heroes” òg 37. plassen på singellista i Frankrike.[87]

Andre versjonar

Wallflowers-versjonen

Det amerikanske rockebandet The Wallflowers spelte inn ein versjon av songen for filmmusikken til monsterfilmen Godzilla. Denne versjonen nådde tiandeplassen på den amerikanske Billboard Modern Rock Tracks-lista i 1998 og 27. plassen på Billboard Hot 100 Airplay-lista og 23. plassen på Billboard Top 40 Mainstream-lista. I Canada toppa singelen RPM Alternative 30 i seks veker og nådde 13. plassen på RPM Top Singles-lista. Den britiske duoen Dom and Nic regisserte musikkvideoen til songen.[88]

I mai 1998 melde Billboard-redaktøren Larry Flick songen og skreiv at versjonen «lyser vakkert opp den hjarteskjerande kvaliteten i teksten» men at Wallflowers-songaren Jakob Dylan ikkje klarte å gjenskape «ironien og det kvasse» i versjonen til Bowie.[89] I ei melding av Godzilla-albumet på AllMusic, skreiv Stephen Thomas Erlewine at versjonen var respektfull for originalen.[90]

Medverkande

The Wallflowers

  • Jakob Dylan – vokal, gitar
  • Rami Jaffee – Optigan, Farfisa-orgel
  • Greg Richling – bass
  • Michael Ward – gitar
  • Mario Calire – trommer

Andre

  • Patrick Warren – strykearrangement, chamberlain
  • Buddy Judge – harmonivokal
  • Andrew Slater – produsent
  • Brian Scheuble – lydteknikar
  • Tom Lord-Alge – miksing

Salslister

Vekeslister
1998 weekly chart performance
Liste (1998)Plassering
Australia (ARIA)[91]38
Canada Top Singles (RPM)[92]13
Canada Adult Contemporary Tracks (RPM)[93]28
1
Tyskland (Media Control AG)[94]85
Iceland (Íslenski Listinn Topp 40)[95]21
US Radio Songs (Billboard)[96]27
US Adult Alternative Songs (Billboard)[97]3
US Adult Pop Songs (Billboard)[98]20
US Alternative Songs (Billboard)[99]9
US Mainstream Rock (Billboard)[100]4
US Pop Songs (Billboard)[101]23

Årslister
1998 year-end chart performance
Liste (1998)Plassering
Canada Top Singles (RPM)[102]62
Canada Rock/Alternative (RPM)[103]5

Andre coverversjonar

  • Arcade Fire spelte ein versjon under presidentvalkampen i USA til støtte for Barack Obama i Greensboro i North Carolina, den 1. mai 2008
  • Apocalyptica og Till Lindemann frå Rammstein - tysk versjon av songen på Worlds Collide (2007).
  • Bon Jovi har spelt songen med fiolinorkester i Yokohama i Japan 2003
  • Blondie - Konsertopptak (1980) med Robert Fripp. Finst på samlinga Blonde and Beyond (1993) og vart gjeven ut som singel. Finst òg på David Bowie Songbook (1997) og Diamond Gods: Interpretations of Bowie (2001), samt Starman: Rare and Exclusive Versions of 18 Classic David Bowie Songs
  • Marc Bonilla i filmen The Replacements i 2000.
  • Celtic Frost - Vanity/Nemesis (1990)
  • Meg Lee Chin - .2 Contamination: A Tribute to David Bowie (2006)
  • Clan of Xymox - Heroes EP (2007)
  • Coldplay framførte songen som ein hyllest til Bowie på A Head Full of Dreams-turneen deira.[104]
  • Depeche Mode gav ut ein offisiell versjon og ein video i høve 40-årsjubileet til songen. Songaren Dave Gahan sa «Bowie er ein artist som har vore med meg sidan tidleg i tenåra. Eg høyrer alltid på albuma hans når eg er på turné og å spele "Heroes" er ein hyllest til Bowie.»[105]
  • Enola Gay - Ashes to Ashes: A Tribute to David Bowie (1998)
  • Det argentinske bandet Fricción, ein spansk versjon i 1985.
  • Peter Gabriel - Scratch My Back (2010)
  • Goodbye Mr. Mackenzie - «Love Child» - B-side til singel side (1990)
  • Grant Lee Buffalo - Konsert Jubilee Tour
  • Gregorian - Masters of Chant Chapter V (2006)
  • David Guetta miksa songen i 2003 som «Just for One Day (Heroes)»
  • iamamiwhoami - Konsert med Darin Zanyar på the Svenska Hjältar-utdelinga i Sverige (2010)
  • Iva Davies & Icehouse - The Berlin Tapes (1995)
  • Indochine - Konsert (1996)
  • Kasabian - nytta til å introdusere verdsmeisterskapen i fotball 2006 på ITV
  • Kimon and the Prophets - Hero: The Main Man Records Tribute to David Bowie (2007)
  • King Crimson - Konsertopptak: Heavy ConstruKction (2000), og på Eyes Wide Open live DVD. Dei spelte inn ein versjon for EP-en Heroes: Live in Europe 2016.[106] Denne vann prisen for årets video i 2017 Progressive Music Awards.[107]
  • Letzte Instanz - tyskspråkleg versjon på Das weisse Lied (2007)
  • Love Like Blood
  • The Magnetic Fields - Crash Course for the Ravers - A Tribute to the Songs of David Bowie (1996)
  • Mandarins Drum and Bugle Corps - 2000
  • Kevin Max - Flevo Festival i 2002.
  • MIA. tyskspråkleg versjon på Hieb und Stichfest
  • Nena «Helden» i 2007 på albumet Cover Me
  • Nicole Kidman og Ewan McGregor - Del av «Elephant Love Medley» i filmen Moulin Rouge! (2001)
  • Nico - Drama of Exile (1983); gjeven ut som snigel og finst på albumet Diamond Gods: Interpretations of Bowie (2001)
  • Oasis - B-side til singelen «D'You Know What I Mean?» (1997)
  • Philip Glass baserte fire satsar i sin "Heroes"-symfoni på songen.
  • Pink Lincolns - My So-Called Punk Rock Life
  • Billy Preston - Singel (1991)
  • P.J. Proby - The Savoy Sessions (1993)
  • Quintorigo - Rospo (1999)
  • The Script på Comic Relief 2009.
  • Seam - B-side of «Sukiyaki» (1999)
  • Six by Seven - "Helden": B-side til «10 Places to Die»
  • The Smashing Pumpkins - ein gong på Dennis Rodman sin 36-årsdag i Chicago
  • Stahlhammer - "Heroes/Helden" på Opera Noir
  • Strange Boutique - Singel (1992)
  • Tangerine Dream, i 2010 på Under Cover - Chapter One
  • The Tea Party - Konsert
  • Thunderpuss 2000 - "Heroes" - The Dance Mixes (1998)
  • TV On The Radio - War Child Heroes (2009)
  • The Wallflowers - Godzilla soundtrack (1998); òg gjeven ut som singel og nådde 24. plass i USA.
  • Mike Williamson - Best of The Mike Walsh Show, 9 Network Australia (1998)
  • Wreckage - Goth Oddity - A Tribute to David Bowie
  • Adrian Belew og Martha Wainwright spelte songen på RockWiz i Australia.

Seinare bruk av songen

  • I 2012 vart songen spelt då det britiske laget gjekk inn på den olympiske stadionen under opningsseremonien til sommar-OL 2012 i London. Songen vart òg spelt etter kvar medaljeseremoni under leikane.[108]
  • I 2012 vart songen nytta i filmen The Perks of Being a Wallflower.
  • I 2014 vart songen nytta i traileren til den brasilianske filmen Praia do Futuro.[109]
  • I dagane etter Bowie døydde januar 2016 var songen den mest strøymde Bowie-songen på Spotify.[110]
  • Sommaren 2016 nytta BBC Sport songen under ein montasje for å oppsummere hendingar under fotball-EM 2016.[111]

Kjelder

Bakgrunnsstoff