Musikkgruppa Blondie

Blondie er ei rockegruppe frå New York i USA skipa av songeren Debbie Harry og gitaristen Chris Stein.[1] Gruppa vert normalt rekna som ei føregrangsgruppe frå punk/new wave-scenen, og starta som eit undergrunnsband i 1975. Med det tredje albumet, Parallel Lines frå 1978 braut dei gjennom med ei rekkje melodiske popmelodiar. Dei neste tre åra hadde gruppa ei rekkje hittar[2] som «Heart of Glass», «Call Me», «Rapture» og «The Tide Is High», og blei kjend for ei eklektisk blanding av ulike musikkstilar med element frå disco, pop, reggae og tidleg rapp.

Musikkgruppa Blondie

Blondie i 1977. Venstre til høgre: Gary Valentine, Clem Burke, Debbie Harry, Chris Stein og Jimmy Destri.
Aktiv
  • 1974–1982
  • 1997–present
Sjanger
Tilknytte artistar
  • The Wind in the Willows
  • The Jazz Passengers
Plateselskap
  • Private Stock
  • Chrysalis
  • EMI
  • Beyond
  • BMG
  • Epic
  • Sire
  • Sanctuary
  • Eleven Seven
MedlemmerDebbie Harry
Chris Stein
Clem Burke
Leigh Foxx
Matt Katz-Bohen
Tommy Kessler
Tidlegare medlemmerJimmy Destri
Nigel Harrison
Frank Infante
Gary Valentine
Fred Smith
PrisarRock and Roll Hall of Fame

Historie

Musikkgruppa Blondie fekk namn etter tilropa Harry ofte fekk på gata etter at ho bleika håret sitt blondt.[3]

Debutalbumet til gruppa, Blondie, kom ut i desember 1976 og igjen i oktober 1977 på eit anna platesleskap. Platemeldinga i Rolling Stone merka seg den ekspressive røysta til Debbie Harry.[4]

Det andre albumet til Blondie, Plastic Letters, fekk ein del suksess utanfor USA, men det trejde albumet deira, Parallel Lines (1978), blei ein verdsomspennande suksess. Det inneheldt mellom anna singelen «Heart of Glass», som nådde førsteplassen i USA og Storbritannia. Det neste albumet deira, Eat to the Beat (1979), fortsette suksessen og selde til platina. I juni 1979 blei gruppa avbilda på framsida til Rolling Stone. Autoamerican kom ut i 1980, og gruppa hadde hittar med «Call Me», «Atomic», «The Tide Is High» og «Rapture».

Etter ein pause på eit år kom Blondie saman att og gav ut sitt sjette studioalbum, The Hunter (1982). Albumet hadde ikkje så stor suksess som dei tidlegare, og ein verdsturné blei korta ned på grunn av relativt låge billettsal. Rundt denne tida blei Stein svært sjuk av den sjeldne autoimmune sjukdommen pemphigus. Alt dette førte til at gruppa blei oppløyst.

Gruppa blei oppløyst etter utgjevinga av det sjette studioalbumet sitt, The Hunter i 1982. Debbie Harry fortsette ein karriere med soloartist med varierande resultat etter nokre års pause for å ta seg av partneren Chris Stein, som var råka av den sjeldne autoimmune hudsjukdommen pemphigus.[5]

I 1997 kom Blondie saman igjen for første gong på 15 år. Dei fire opphavlege medlemmene (Harry, Stein, Clem Burke og Jimmy Destri) byrja laga det som skulle bli det sjuande studioalbumet deira, No Exit (1999). Dei fekk suksess med singelen «Maria», som nådde førsteplassen på den britiske topplista i 1999, nøyaktig 20 år etter den første britiske toppsingelen deira («Heart of Glass»). Singelen nådde også førsteplassen i 14 ulike land. No Exit debuterte på tredjeplassen på albumlista i Storbritannia og 17. plass i USA.

Gruppa turnerte nesten kvart år i løpet av dei neste åra, og spelte inn albuma The Curse of Blondie (2003), Panic of Girls (2011), Ghosts of Download (2014) og Pollinator (2017), som debuterte på fjerdeplassen på den britiske albumlista.

Diskografi

  • 1976 - Blondie
  • 1977 - Plastic Letters
  • 1978 - Parallel Lines
  • 1979 - Eat to the Beat
  • 1980 - Autoamerican
  • 1982 - The Hunter
  • 1995 - Beautiful/The Remix Album
  • 1999 - No Exit
  • 1999 - Live
  • 2003 - The Curse of Blondie
  • 2011 - Panic of Girls
  • 2014 - Ghosts of Download
  • 2017 - Pollinator

Kjelder

Bakgrunnsstoff