After All

After All
Song av David Bowie
frå albumet The Man Who Sold the World
Utgjeve4. november 1970 (USA)
April 1971 (UK)
InnspeltTrident og Advision Studios, London
18. april - 22. mai 1970
SjangerPsykedelisk rock, psykedelisk folk
Lengd3:52
SelskapMercury Records
Låtskrivar(ar)David Bowie
ProdusentTony Visconti

«After All» er ein song skriven av David Bowie i 1970 for albumet The Man Who Sold the World, gjeven ut dette året i USA og i april 1971 i Storbritannia. Songen er ein av fleire Bowie-songar frå tidleg i 1970-åra som syner påverknad frå Friedrich Nietzsche og Aleister Crowley, og har av biografen David Buckley vorte skildra som «den skjulte skatten på albumet»,[1] og av Nicholas Pegg som «ein av dei mest undervurderte songane til Bowie».[2]

Musikk og tekst

Some people are marching together and some on their own
Quite alone
Others are running, the smaller ones crawl
But some sit in silence, they're just older children
That's all, after all

David Bowie (1970)

Songen skil seg frå resten av The Man Who Sold the World, som er full av rockelåtar om seriemordarar, sexgalningar, vonde datamaskinar og djevelen med at han er ein roleg, tilbaketrekt rekviem for dei fortapte.[3] Bowie syng med ei neste kviskrande stemme. Songen er òg uvanleg i rockesamanheng sidan han går i valsetakt, som kjem mest tydeleg fram i det surrealistiske, sirkusliknande, instrumentale mellomspelet. Denne stilen var inspirert av «noko skummelt, gjennomtenkt melankolsk» frå songar Bowie hugsa frå barndommen, som Danny Kaye sin «Inchworm».[1] Om det musikalske arrangementet sa produsent Tony Visconti «den grunnleggande songen og 'oh by jingo'-linja var David sine idear. Resten var Ronno og meg»[2].

Versa er bygd opp kring mollakordar - e-moll til a-moll, og stig til F under «by jingo»-refrenget.

«After All» verkar som ein marerittaktig oppfølgjar til tidlege psykedeliske songar, dei lystbetonte voggesongane i 1966 og 1967, i tillegg til Bowie sine eigne barndomsballadar, «There Is a Happy Land» frå debutplata David Bowie i 1967 og «When I’m Five».[2][4] I desse songane var det vedunder og fryd mellom skuggane, men i «After All» er det berre skuggar.[3] Som mykje av The Man Who Sold the World er teksten farga med Nietzsche-aktig Übermensch-filosofi («Man is an obstacle, sad as the clown»).[4] Linja «Live til your rebirth and do what you will» vert ofte sitert som ei hyllest til okkultisten Aleister Crowley og sitatet hans, «Do what thou wilt».[1][2] «Rebirth» syner til den evige tilbakekomst, eit konsept frå antikken som vart henta fram att av Nietzsche.

Ettermæle

Som med «All the Madmen» frå same albumet, har den gotiske atmosfæren på «After All» vorte omtalt som viktige inspirasjonskjelder for band som Siouxsie and the Banshees, The Cure og Bauhaus.[1]

Andre versjonar

  • Human Drama – Pinups (1993)
  • The Mission – Goth Oddity - A Tribute to David Bowie (1996)
  • Ventilator – Crash Course for the Ravers - A Tribute to the Songs of David Bowie (1996)
  • Tori Amos – Strange Little Girls (2001) (b-side frå «Strange Little Girl»-singelen)
  • Billie Ray Martin – After All (2014) (EP med remiksar av Mijk van Dijk og Caesar Gergess)

Medverkande

Kjelder

Bakgrunnsstoff