Siouxsie and the Banshees

engelsk rockeband

Siouxsie and the Banshees var eit britisk rockeband, skipa i London i 1976 av vokalisten Siouxsie Sioux og bassgitaristen Steven Severin. Dei har inspirert mange andre artistar, både samtidige og seinare artistar. Q tok med gitarspelinga til John McKay på songen «Hong Kong Garden» på lista si over dei hundre beste gitarssongane gjennom tidene,[1] medan Mojo rangerte gitaristen John McGeoch som ein av dei hundre beste gitaristane gjennom tidene for arbeidet hans på «Spellbound».[2] The Times omtalte gruppa som «ein av dei mest dristrige og kompromisslause musikalske eventyrarane i post-punk-tida».[3]

Siouxsie and the Banshees

AliasJanet and the Icebergs
OpphavLondon, England
Aktiv1976–1996, 2002
Sjanger
Tilknytte artistar
Plateselskap
Tidlegare medlemmerSiouxsie Sioux
Steven Severin
Marco Pirroni
Sid Vicious
Kenny Morris
Pete Fenton
John McKay
Budgie
Robert Smith
John McGeoch
John Valentine Carruthers
Martin McCarrick
Jon Klein
Knox Chandler

I starten vart bandet assosiert med punk-miljøet, men utvikla seg raskt til «ei form for post-punk-disharmoni full av vågale rytmiske og lydmessige eksperiment».[3] Debutalbumet deira The Scream kom ut i 1978 til rosande omtale. I 1980 endra dei den musikalske retninga si og vart «nesten eit heilt anna band» med Kaleidoscope,[4] som nådde femteplassen på UK Albums Chart. Med Juju (1981), som òg nådde topp 10, vart dei eit viktig band i det gryande gotiske miljøet. I 1988 slo bandet gjennom i Nord-Amerika med det varierte albumet Peepshow, som fekk god kritikk. Med stor støtte frå radiostasjonar baserte på alternativ rock,[5] fekk dei ein hit i USA i 1991 med singelen «Kiss Them for Me».

I løpet av karrieren gav Siouxsie and the Banshees ut 11 studioalbum og 30 singlar. Bandet hadde fleire endringar i besetninga og Siouxsie og Severin var dei einaste konstante medlemmane. Dei vart oppløyst i 1996, men Siouxsie og trommeslagaren Budgie heldt fram å spele inn musikk som The Creatures, eit band dei skipa på si i tidleg i 1980-åra. I 2004 byrja Siouxsie òg ein solokarriere.

Historie

Skiping (1976–1977)

Siouxsie Sioux og Steven Severin møttest på ein Roxy Music-konsert i september 1975 på ei tid då glamrock var på veg ut og det ikkje var noko nytt som kom opp som dei kunne identifisere seg med.[6] Frå februar 1976 byrja Siouxsie, Severin og somme vener å følgje eit usignert band, The Sex Pistols.[7] Journalisten Caroline Coon kalla dei «Bromley Contingent», sidan dei hovudsakleg kom frå Bromley-området sør i London, ein merkelapp Severin kom til å forakte. «Det var ikkje noko slikt, det var berre ein gjeng som møttest på grunn av korleis dei kjende seg og såg ut».[7] Dei var alle inspirerte av Sex Pistols og den kompromisslause haldninga deira.[8] Då dei fekk vite at eitt av banda som skulle spele på 100 Club Punk Festival, organisert av Sex Pistols-manageren Malcolm McLaren, trekte seg frå spelelista i siste augneblink, føreslo Siouxsie at ho og Severin kunne spele, sjølv om dei ikkje hadde noko bandnamn eller andre medlemmar.[9] To dagar seinare spelte paret på festivalen i London den 20. september 1976. Med to lånte musikarar på scenen, Marco Pirroni på gitar og John Simon Ritchie (då alt kjend som Sid Vicious) på trommer, bestod settet deira av ein 20 minuttar lang improvisasjon basert på «Fader vår».[10]

Sjølv om bandet var meint å bli oppløyst etter konserten, vart dei beden om å spele igjen. To månadar seinare henta Siouxsie og Severin trommeslagaren Kenny Morris og gitaristen Pete Fenton.[11] Etter å ha spelt fleire konsertar tidleg i 1977, forstod dei at Fenton ikkje passa inn, fordi han var «ein verkeleg rockegitarist». John McKay tok til slutt plassen hans i juli.[12] I november spelte dei første gongen på TV på Manchester-kanalen Granada, på showet til Tony Wilson kalla So It Goes. Dei spelte så første gongen for John Peel på BBC radio der dei hadde premiere på ein ny song, «Metal Postcard», og introduserte ein «motorik-nøysemd» i trommemønsteret.[13] Bandet skildra musikken sin som «kald, maskin-liknande og lidenskapeleg samstundes». Dei var på framsida av det britiske vekesmagasinet Sounds, der Vivien Goldman skreiv: «dei høyrest ut som eit industrianlegg på 2000-talet».[14]

The Scream og Join Hands (1978–1979)

Medan bandet spelte utselde konsertar i London tidleg i 1978,[15] hadde dei framleis problem med å få seg den rette platekontrakten, som kunne gje dei «full kunstnarisk kontroll».[16] Polydor gav dei til slutt tilbodet dei ønskte seg og dei signerte i juni. Den første singelen, «Hong Kong Garden», består av eit xylofon-motiv, og nådde topp 10 i Storbritannia kort tid etter. Ei melding i NME kalla songen «ei lys, levande forteljing, som augeblikksbilete frå vindauget av eit japansk lyntog, ladd med den mest originale, berusande gitarspelinga eg høyrt på lang, lang tid».[17]

Bandet gav ut debutalbumet sitt, The Scream, i november 1978. Nick Kent i NME sa om plata: «Bandet høyrest ut som ei blanding av The Velvet Underground blanda med mykje av oppfinnsamheita på Tago Mago-tida til Can, om ein kan trekkje nokon parallell». Mot slutten av artikkelen la han til: «Den tradisjonelle tredelte lyden har absolutt aldri blitt brukt på ein meir uortodoks måte med så fantastiske resultat før».[18]

Det andre albumet til The Banshees, Join Hands, kom ut i 1979. I Melody Maker skildra Jon Savage songen «Poppy Day» som «ei kort, mektig levandegjering av gravplassane etter første verdskrigen»,[19] og Record Mirror skildra heile plata som eit farleg verk som «må høyrast».[20] The Banshees la ut på ein stor turné for å marknadsføre albumet. Eit par dagar inn i turneen i september, drog Morris og McKay frå ei butikksignering etter ein krangel og slutta i bandet.[21] The Banshees trengde erstattarar for å fullføre resten av turneen og manageren deira ringde til trommeslagaren Budgie, som tidlegare hadde spelt i The Slits, og spurte om han ville prøvespele. Budgie fekk jobben, men Siouxsie og Severin hadde ingen suksess med å finne ein ny gitarist.[22] Robert Smith frå The Cure tilbaud seg å hjelpe dei om dei ikkje fann ein gitarist (gruppa hans var alt oppvarmingsband på turneen), og bandet tok i mot tilbodet.[23] Turneen fortsette i september og etter den siste konserten drog Smith attende til The Cure.[24]

Kaleidoscope, Juju og A Kiss in the Dreamhouse (1980–1982)

Siouxsie (1980)

Trommeslagaren Budgie vart fast medlem og bandet gjekk i studio for å spele inn singelen «Happy House» med gitaristen John McGeoch, som då framleis var medlem i Magazine. Det tredje albumet deira, Kaleidoscope, kom ut i 1980, der The Banshees gjekk i nye musikalske retningar og brukte andre instrument som synthesizer, sitar og trommemaskinar. Gruppa hadde opphavleg ein plan om la kvar song høyrast heilt forskjellig ut, utan tanke på om songen let seg framføre på scenen.[25] Melody Maker skildra resultatet som «eit kaleidoskop av lyd og bilete, nye former og innhald, som blinkar føre augo våre».[26] Kaleidoscope vart ein salssuksess og nådde femteplassen på den britiske albumlista. Denne besetninga, med McGeoch på gitar, turnerte i USA for første gongen, og spelte dei første konsertane sine i New York City i november 1980.[27]

Juju (1981) gjekk bandet til verks på ein ny måte og øvde inn songane på konsertane sine før dei spelte dei inn.[28] Juju vart i følgje Severin eit utilsikta konseptalbum som «var basert på mørkare element». Sounds hylla det som «spanande, intenst, tankevekkjande og særs atmosfærisk».[29] Albumet nådde sjuandeplassen på den britiske albumlista og vart eit av dei bestseljande albuma deira.[30] Gitarspelet til McGeoch på Juju vart seinare lovprisa av Johnny Marr frå The Smiths.[31][32]

På den påfølgjande turneen i 1981 vart Siouxsie og Budgie i løyndom eit par.[33] Samstundes byrja dei å spele som ein tromme-og-vokal-duo kalla The Creatures, som gav ut den første EP-en sin, Wild Things.

The Banshees følgde i 1982 med det psykedeliske A Kiss in the Dreamhouse.[34] Plata, med strykarar på fleire av songane, var ein medviten kontrast til dei tidlegare platene deira, som Severin sidan skildra som eit «sexy album».[35] Den britiske pressa var entusiastiske.[36][37] Richard Cook fullførte meldinga si for NME med: «Eg lovar...denne musikken vil ta pusten frå deg».[38] På denne tida sleit McGeoch med alkoholproblem og vart lagt inn på sjukehus då han kom attende frå ein marknadsføringstur til Madrid. Bandet sparka han kort tid etter.[39] Severin spurte Robert Smith om å ta over som gitarist igjen og Smith kom inn i gruppa i november 1982.[40]

Hyæna, Tinderbox og Through the Looking Glass (1983–1987)

I 1983 arbeidde bandmedlemmane på fleire sideprosjekt. Siouxsie og Budgie skapte det første Creatures-albumet, Feast, medan Severin og Smith spelte i lag som The Glove. Smith insisterte på å dokumentere tida si med The Banshees, så gruppa gav ut ein versjon av The Beatles-songen «Dear Prudence» i september 1983. Han vart den største hitten deira og nådde tredjeplassen på UK Singles Chart.[41] Dei gav òg ut eit konsertalbum, Nocturne, og fullførte det sjette studioalbumet deira, Hyæna.[42] Kort tid før albumet kom ut i mai 1984, slutta Smith i gruppa, og sa sjølv det var av helseårsaker sidan han vart overarbeidd då han var i to grupper samstundes.[43]

Den tidlegare Clock DVA-gitaristen John Valentine Carruthers erstatta han. The Banshees omarbeidde så fire nummer frå repertoaret sitt, med ein strykeseksjon, for EP-en The Thorn. NME gav prosjektet god omtale: «Krafta i eit klassisk orkester er den perfekte folien for den malande, insisterande lyden til bandet».[44] Den nye Banshees-besetninga brukte mykje av 1985 på ei ny plate, Tinderbox. Gruppa fullførte songen «Cities in Dust» før albumet kom ut, så dei gav han kjapt ut før dei la ut på den lengste turneen sin i Storbritannia.[45] Tinderbox kom til slutt ut i april 1986. Sounds skreiv: «Tinderbox er ei forfriskande vinkling på det forstyrra perspektivet til The Banshees og gjenopprettar dei livlege nyansane i den bleike paletten til popen».[46] Sidan dei brukte så lang tid på Tinderbox, ønskte gruppa spontanitet og valde å spele inn eit album med coversongar, Through the Looking Glass, i 1987.[47] Mojo roste seinare versjonen deira av «Strange Fruit».[48][49] Etter albumet kom ut forstod bandetatCarruthers ikkje lenger passa inn og valde å spele inn nye songar som ein trio.[50]

Peepshow (1988–1990)

Etter ein lengre pause henta bandet inn multi-instrumentalisten Martin McCarrick og gitaristen Jon Klein. Kvintetten spelte inn Peepshow i 1988, med ikkje-tradisjonelle rockeinstrument som cello og trekkspel. Q gav albumet særs god omtale: «Peepshow finn stad i eit slags forvridd tanke-tivoli der rare og fantastiske former oppstår».[51] Den første singelen, «Peek-a-Boo», vart sett av kritikarane som eit «modig grep» med blåsarar og danseelement.[52] Sounds skreiv: «Skarptromma vert klappa til, stemma til Siouxsie bølgjer seg kring hovudet ditt og alt kjem saman på magisk vis».[52] «Peek-a-Boo» var det første verkelege gjennombrotet deira i USA.[53] Etter turneen valde bandet å ta ein pause, og Siouxsie og Budgie spelte inn eit album som Creatures, som vart det mest kritikarroste albumet deira til no,[54] Boomerang, og Severin og McCarrick arbeidde på materiale i lag.[55]

Superstition, The Rapture og oppløysing (1991–1999)

I 1991 vende Siouxsie and the Banshees attende med singelen «Kiss Them for Me», som blanda strykarar over ein danserytme fylt med exotica. Gruppa samarbeidde med då ukjende, asiatiske tabla-spelaren Talvin Singh, som òg song på mellomspelet. Singelen fekk god kritikk[56] og nådde sidan 23. plassen på Billboard Hot 100, der dei nådde eit nytt publikum.[53] Albumet Superstition kom ut kort tid etter, og gruppa turnerte USA som det andre hovudnamnet på den første Lollapalooza-turneen. Året etter vart The Banshees spurt om å komponere «Face to Face» som ein singel for filmen Batman Returns, etter ynskje frå regissøren Tim Burton.[57]

I 1993 spelte The Banshees inn nye songar med strykearrangement, men stoppa raskt innspelingane for å spele på festivalar utanlands. Då dei kom heim henta dei inn det tidlegare Velvet Underground-medlemmet John Cale til å produsere resten av plata.[58] Då det kom ut i 1995 vart The Rapture skildra av Melody Maker som «ei fascinerande, transkontinental reise gjennom fare og exotica».[59] Eit par veker etter det kom ut, droppa Polydor bandet frå stallen sin[60] og Klein vart erstatta på den siste turneen deira i 1995 av den tidlegare Psychedelic Furs-gitaristen Knox Chandler. I april 1996 vart The Banshees oppløyst eter 20 år i lag.[61] Siouxsie og Budgie annonserte at dei kom til å halde fram The Creatures. I 1999 gav dei ut det kritikarroste albumet Anima Animus.[62]

Etter 2000

I 2002 gav Universal Music ut samlealbumet The Best of Siouxsie and the Banshees. I april kom Siouxsie, Severin, Budgie og Chandler ei kort stund saman att for Seven Year Itch-turneen, som vart dokumentert med konsertalbumet og DVD-en Seven Year Itch i 2003. Dagen etter den siste konserten deira i Tokyo i Japan, vart Siouxsie og Budgie verande att og spelte inn eit album som The Creatures. Det fjerde og siste studioalbumet deira, Hái!, kom ut nokre månadar seinare.

I 2004 kom plateboksen Downside Up ut, med alle B-sidene til The Banshees og EP-en The Thorn. The Times skreiv i meldinga si: «for her er ei gruppe som aldri fylte B-sidene med dårlegare spor. I staden såg dei på desse som somme av dei mest radikale og utfordrande verka sine».[63]

I 2006 kom dei fire første albuma til bandet ut ommastra og med bonusspor som ikkje før var gjeven ut. Fleire innspelingar gjort for John Peel frå 1978 til 1986 vart òg samla saman på Voices on the Air: The Peel Sessions. AllMusic skildra den første innspelinga som «ei brennande intensjonserklæring» og omtalte dei andre framføringane som «glimrande».[64] Den andre gruppa med ommastra utgåver, for perioden 1982–1986, kom ut i april 2009. Plateboksen At the BBC med ein DVD med alle dei britiske TV-framføringane deira og tre CD-plater med konsertopptak, kom ut i juni same året.

I april 2014 vart debutsingelen deira, «Hong Kong Garden», gjeven ut på ein dobbel 7''-vinyl. Seint i oktober dette året kom dei fire siste studioalbuma deira med ommastra lyd og bonusspor.[65] Siouxsie og Severin sette saman ei samleplate kalla It's a Wonderfull Life for musikkmagasinet Mojo i september 2014 der Siouxsie var på framsida av magasinet.[66] Plata bestod av film- og klassisk musikk av komponistar som hadde inspirert dei.[67]

I 2015 kom ei ny samleplate kalla Spellbound: The Collection, med singlar, albumspor og B-sider.[68] Ein CD-boks kalla Classic Album Selection Volume One kom ut i januar 2016 med dei første seks albuma deira ommastra av Kevin Metcalfe. Classic Album Selection Volume Two, inneheldt dei andre seks albuma og kom ut i april. Ei biletutgåve på vinyl av The Scream kom ut i november.

I 2018 kom alle albuam deira ut på vinyl, ommastra frå dei originale lydbanda av Miles Showell.[69] Ei utgåve av The Scream på blå vinyl kom ut i eit opplag på berre tusen eksemplar, i høve 40-årsjubileet til albumet i november.[70]

Musikkstil

Det er blitt sagt at Siouxsie and the Banshees utvikla «ei form for post-punk-disharmoni full av vågale rytmar og lydmessige eksperiment».[3] The Times skreiv at «The Banshees står stålt som eit av dei mest vågale og kompromisslause musikalske eventyrarane frå post-punk-tida».[3] Med nokre av dei mørkaste songane deira, var bandet òg med på å starte det gotisk-miljøet.[71] Bandet vert òg rekna som eit new wave-band.[72]

Dei var òg eit av dei første alternative banda. Musikkhistorikaren Peter Buckley har peikt på at dei var «heilt i fronten av alternativ rock-miljøet».[73] I 1988 var «Peek-a-Boo» eit av dei aller første spora som toppa den amerikanske Modern Rock-lista etter at Billboard lanserte denne lista i starten av september for radiostasjonar som hovudsakleg rekna seg som alternative og college-kanalar.[74]

Ettermæle

Siouxsie and the Banshees har inspirert mangeseinare sjangrar, inkludert post-punk, new wave, synthpop, gotisk rock, alternativ musikk, shoegazing og trip-hop, med artistar som Joy Division, The Cure, The Smiths, Depeche Mode, PJ Harvey, Radiohead, Tricky og LCD Soundsystem.

Peter Hook i Joy Division, som såg gruppa på konsert i Manchester i 1977,[75] sa: «Siouxsie and the Banshees var ei av dei største inspirasjonskjeldene våre. Den første plata til The Banshees var ei av favorittplatene mine nokon gong, og måten gitaristen og trommisen spelte på var verkeleg uvanleg og dette albumet var ein milepåle».[76] Joy Division-produsenten Martin Hannett såg ein skilnad mellom den første besetninga til The Banshees og andre band i 1977: «Alle harmoniane du fekk var nakne, for å sei det mildt, utanom eit og anna unntak, som Siouxsie. Dei var interessante».[77] Sjefen i The Cure, Robert Smith, sa i 2003: «Siouxsie and the Banshees og Wire var dei to banda eg verkeleg likte. Dei betydde noko.»[78] Han fortalte òg om då han stod på scenen med bandet i 1979: «På scenen den første kvelden med The Banshees vart eg blåst av banen av kor mektig eg kjende meg då eg spelte denne musikken. Det var så forskjellig frå det me gjorde med The Cure. Før det så hadde eg tenkt at me skulle vere som The Buzzcocks eller Elvis Costello, punkversjonen av Beatles. Banshees endra verkeleg haldninga mi til det eg heldt på med».[79]

Dei to låtskrivarane i The Smiths snakka om bandet. Songaren Morrissey sa at «Siouxsie and the Banshees var glimrande», og at «dei var ei av dei store gruppene seint i 1970- og tidleg i 1980-åra».[80] I 1994 sa han «om du studerer moderne grupper, som får presseomtale og går inn på salslistene, så er det ingen av dei som er så bra som Siouxsie and the Banshees. Det er ikkje støvete nostalgi, det er fakta».[81] Då gitaristen Johnny Marr vart spurt om kven han angra på han ikkje fekk sett konsert med sa han «første utgåva av Siouxsie and the Banshees. Men andre utgåva var enno betre».[82] Marr nemnte at han likte John McGeoch og bidraga hans til singelen «Spellbound».[83] U2 omtalte Siouxsie and the Banshees som ei stor inspirasjonskjelde[84] og valde ut «Christine» for ei samleplate for Mojo.[85] I september 1981 omtalte Dave Gahan frå Depeche Mode The Banshees som eit av dei tre favorittbanda hans i lag med Sparks og Roxy Music.[86] Jim Reid frå The Jesus and Mary Chain omtalte «Jigsaw Feeling» frå The Scream som ein av favorittsongane hans.[87] Thurston Moore i Sonic Youth har omtalt «Hong Kong Garden» som ein av favorittsongane hans,[88] og Kevin Shields i My Bloody Valentine omtalte dei som tidlege inspirasjonskjelder.[89]

The Banshees har òg blitt hylla av andre artistar. Thom Yorke har sagt at då han såg Siouxsie på ein konsert i 1985 vart han inspirert til å bli artist sjølv.[90] Radiohead omtalte McGeoch-tida med Siouxsie som inspirasjon for songen deira «There There»,[91] og øvde på Banshees-songar før turneen deira i 2008.[92] Jeff Buckley, som henta inspirasjon frå fleire kvinnelege vokalistar, spelte «Killing Time» (frå albumet Boomerang) ved fleire høve.[93][94] Buckley eigde òg alle Banshees-albuma i platesamlinga si.[95] Suede-songaren Brett Anderson omtalte Juju som eit av favorittalbuma hans.[96] Red Hot Chili Peppers framførte «Christine» på konsertane sine,[97] og gitaristen deira John Frusciante har omtalt The Banshees i intervju.[98] Garbage-songaren Shirley Manson sa «eg lærte å syngje til The Scream og Kaleidoscope. I dag kan eg sjå og høyre innverknaden til The Banshees overalt».[99][100] Siouxsie har òg blitt rosa av andre kvinnelege songarar, som PJ Harvey[101] og Courtney Love.[102] PJ Harvey valde ut Anima Animus som eit av dei ti favorittalbuma hennar frå 1999.[101] Bandet har òg hatt stor effekt på to viktige trip hop-artistar.[103][104] Tricky spelte «Tattoo» som opningssporet på det andre albumet sitt, Nearly God;[105] Massive Attack, sampla «Metal Postcard» på songen «Superpredators», spelt inn før Mezzanine.[106] Air-medlemmet Jean-Benoît Dunckel har omtalt gruppa som ein av dei tre viktigaste inspirasjonskjeldene hans.[107] Billy Corgan frå Smashing Pumpkins omtalte The Banshees som ein viktig inspirasjon for musikken hans.[108] Faith No More spelte «Switch» på konsertane sine[109] og omtalte The Scream som ein av inspirasjonskjeldene sine.[110]

The Banshees har fortsatt med å inspirere yngre musikarar. Songaren James Murphy vart prega av somme Banshees-album i barndommen.[111] Bandet hans LCD Soundsystem spelte «Slowdive» som B-side til singelen «Disco Infiltrator». The Beta Band sampla «Painted Bird» på sporet sitt «Liquid Bird» frå albumet Heroes to Zeros.[112] TV on the Radio sa dei alltid prøvde å lage ein song som byrjar som «Kiss Them for Me» der det brått er eit «overraskande moment» med «ei enorm tromme som kjem inn».[113] Santigold baserte ein av songane hennar på musikken til «Red Light». «'My Superman' er ein interpolasjon av 'Red Light'».[114] Indie folk-gruppa DeVotchKa spelte balladen «The Last Beat of My Heart» etter forslag frå Arcade Fire-songaren Win Butler. Denne kom ut på Curse Your Little Heart EP-en.[115] Gossip kalla The Banshees ei av dei store inspirasjonskjeldene sine under marknadsføringa av singelen «Heavy Cross».[116] Det britiske indie-bandet Bloc Party henta inspirasjon frå «Peek-a-Boo» og songaren deira Kele Okereke sa at Banshees-songen «høyrdest ikkje ut som noko anna på denne planeten. Dette er ein popsong dei gav ut midt i karrieren sin, og for meg høyrdest det ut som den mest moderne, men òg den mest futuristiske gitarpopmusikken eg har høyrt».[117] A Perfect Circle-medlemmet Billy Howerdel sa at the Banshees var eit av dei tre favorittbanda hans.[118] The Weeknd sampla forskjellige delar av «Happy House» for songen hans «House of Balloons», og nytta òg refrenget frå den originale versjonen.[119]

Bandmedlemmar

Tidslinje

Besetningar

PeriodeMedlemmarUtgjevingar
September 1976ingen – berre ein konsert
November 1976 – mai 1977
  • Siouxsie Sioux – vokal
  • Peter Fenton – gitar
  • Steven Severin – bass
  • Kenny Morris – trommer, perkusjon
ingen – berre konsertar
Juli 1977 – september 1979
  • Siouxsie Sioux – vokal
  • John McKay – gitar, saksofon
  • Steven Severin – bass
  • Kenny Morris – trommer, perkusjon
September – oktober 1979
  • Siouxsie Sioux – vokal
  • Steven Severin – bass
  • Robert Smith – gitar (erstattar)
  • Budgie – trommer (erstattar)
ingen – berre konsertar
Tidleg 1980 – november 1982
  • Siouxsie Sioux – vokal
  • John McGeoch – gitar, klaverinstrument
  • Steven Severin – bass, klaverinstrument
  • Budgie – trommer, perkusjon
November 1982 – mai 1984
  • Siouxsie Sioux – vokal
  • Robert Smith – gitar, klaverinstrument
  • Steven Severin – bass, klaverinstrument
  • Budgie – trommer, perkusjon
Juni 1984 – februar 1987
  • Siouxsie Sioux – vokal
  • John Valentine Carruthers – gitar, klaverinstrument
  • Steven Severin – bass, klaverinstrument
  • Budgie – trommer, perkusjon
Midten av 1987 – januar 1995
  • Siouxsie Sioux – vokal
  • Jon Klein – gitar
  • Steven Severin – bass, klaverinstrument
  • Budgie – trommer, perkusjon
  • Martin McCarrick – klaverinstrument, strykarar
Januar 1995 – april 1996
  • Siouxsie Sioux – vokal
  • Knox Chandler – gitar
  • Steven Severin – bass, klaverinstrument
  • Budgie – trommer, perkusjon
  • Martin McCarrick – klaverinstrument, strykarar
  • «New Skin» (1995)
Ikkje aktive frå april 1996 til april 2002
April – august 2002
  • Siouxsie Sioux – vokal
  • Knox Chandler – gitar
  • Steven Severin – bass
  • Budgie – trommer
  • The Seven Year Itch (2003)

Diskografi

For meir om dette emnet, sjå Diskografien til Siouxsie and the Banshees.

Studioalbum

Kjelder

Litteratur

  • Bennett, Samantha (2018). Siouxsie and the Banshees' Peepshow (33 1/3). Bloomsbury Publishing. ISBN 978-1501321863. 
  • Heylin, Clinton (2006). Babylon's Burning: From Punk to Grunge. Penguin. ISBN 0-14-102431-3. 
  • Reynolds, Simon (2005). Rip It Up and Start Again: Postpunk 1978–1984. Penguin. ISBN 0-14-303672-6. 
  • Stevenson, Ray (1983). The Siouxsie and the Banshees Photo Book. Omnibus Press. ISBN 0-7119-0301-8. 
  • West, Mike (1982). Siouxsie and the Banshees. Babylon Books. ISBN 0-9071-8814-1. 

Bakgrunnsstoff

Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Siouxsie and the Banshees