Albumet Wazoo

Wazoo
Konsertalbum av Frank Zappa
Utgjeve30. oktober 2007
InnspeltBoston Music Hall,
24. september 1972
SjangerJazzfusion
Lengd51:35 (disk 1)
44:30 (disk 2)
SelskapVaulternative
ProdusentFrank Zappa
Frank Zappa-kronologi 
The Dub Room Special
(2007)
WazooOne Shot Deal
(2008)


Wazoo er eit konsertalbum av Frank Zappa, posthumt gjeve ut 30. oktober 2007.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars [1]
Rolling Stone4/5 stars [2]

Det er eit dobbeltalbum som består av ein heil konsert framført av det 20 mann store storbandet «The Mothers of Invention/Hot Rats/Grand Wazoo» den 24. september 1972 ved the Music Hall i Boston i Massachusetts i USA.

Det er den siste konserten i ei rekkje konsertar som Zappa heldt etter han kom attende etter ei ulukke, då han vart angripen på scenen og fall ned og vart hardt skadd på Rainbow Theater i London på 10. desember 1971.

Songane syner den meir jazz-baserte musikken til Zappa og mange av songane finst på studioalbuma The Grand Wazoo og Waka/Jawaka i 1972, og studioalbumet Studio Tan frå 1978. Øvingane som førte til desse albuma og konsertane er dokumentert på Joe's Domage (2004), medan Imaginary Diseases (2006) syner ei nedstrippa utgåve av storbandet kalla «Petite Wazoo».

Wazoo er den tredje plata til Vaulternative Records med komplette Zappa-konsertar etter FZ:OZ (2002) og Buffalo (2007).

Innhald

Alle songar er skrivne av Frank Zappa.

Disk ein
Nr.TittelLengd
1.«Intro Intros»3:19
2.«The Grand Wazoo (Think It Over)»21:17
3.«Approximate»13:35
4.«Big Swifty»11:49
Disk to
Nr.TittelLengd
1.«Ulterior Motive»3:19
2.«The Adventures of Greggery Peccary
  • Movement I – 4:50
  • Movement II – 9:07
  • Movement III – 12:33
  • IV. The New Brown Clouds - 6:07»
32:37
3.«Penis Dimension»3:35
4.«Variant I Processional mars»3:28

Musikarar

The Mothers of Invention / Hot Rats / Grand Wazoo:

  • Frank Zappa – gitar
  • Tony Duran – slidegitar
  • Ian Underwood – piano og synthesizer
  • Dave Parlato – bass
  • Jerry Kessler – elektrisk cello
  • Jim Gordon – trommer
  • Mike Altshul – pikkolo, bassklarinett og andre blåseinstrument
  • Jay Migliori – fløyte, tenorsaksofon og andre blåseinstrument
  • Earl Dulmer – obo, kontrabass sarrusofon og andre blåseinstrument
  • Ray Reed – klarinett, tenorsaksofon og andre blåseinstrument
  • Charles Owens – sopransaksofon, altsaksofon og andre blåseinstrument
  • Joann McNab – basoon
  • Malcolm McNab – trompet i D
  • Sal Marquez – trompet i B
  • Tom Malone – trompet i B, òg tuba
  • Glenn Ferris – trombone og eufonium
  • Kenny Shroyer – trombone og barytonhorn
  • Bruce Fowler – trombone i den øvre atmosfæren
  • Tom Raney – vibrafon og elektrisk perkusjon
  • Ruth Underwood – marimba og elektrisk perkusjon

Kjelder

🔥 Top keywords: HovudsideOddvar TorsheimCarles PuigdemontSpesial:SøkGene SimmonsJa, vi elsker dette landetVerdas landTussmørkesvermararSpesial:Siste endringarWikipedia:KontaktNy-CaledoniaDet norske flaggetLora stoppestadDraumkvedetDet norske alfabetetWikipedia:Gode nynorskordWikipedia:OmAndre verdskrigenParadis i BergenKrøllalfaNetiporn SanesangkhomNasjonaldyrRayleeWikipedia:ArbeidskontoretHjelp:InnhaldWikipedia:AtterhaldWikipedia:SamfunnshusetSang til BergenWikipediaBottheim stoppestadNoregLønnPinseHurraDen norske grunnlovsdagenLinn UllmannFil:US-NLM-PubMed-Logo.svgAndre pinsedagIslandske nasjonaldrakter