Boston

Boston er hovudstaden og den største byen i delstaten Massachusetts i USA. Boston er òg den største byen i regionen New England og er derfor ofte sett på som ein slags hovudstad i New England. Byen er ein av dei eldste og mest velståande i USA, med ein økonomi basert på utdanning, helsestell, finans og høgteknologi. Boston har nærare 620 000 innbyggarar. Saman med mellom anna kommunane Cambridge og Newton dannar Boston eit samanhengande byområde med nærmare 5 millionar innbyggarar.

Boston
Motto: Sicut patribus sit Deus nobis
Land USA
FylkeSuffolk County
Del avNew England
Areal232,1 km²
Typeby
Folketal 675 647 (1. april 2020)[1]
Folketettleik4 924 / km²
Grunnlagd17. september 1630
BorgarmeisterMichelle Wu
TidssoneEastern UTC-5
Kart
Boston
42°21′37″N 71°03′28″W / 42.360277777778°N 71.057777777778°W / 42.360277777778; -71.057777777778
Wikimedia Commons: Boston
Nettstad: http://www.cityofboston.gov

Byen blei grunnlagt 17. september 1630 og er oppkalla etter Boston i England. Boston har spelt ei sentral rolle i historia til USA. Frigjeringskrigen frå Storbritannia starta her gjennom Boston Tea Party. Boston er mellom dei fremste både når det gjeld kultur og utdanning og har ei rekke kjente institusjonar på desse områda.

Boston blir styrt av ein borgarmeister og eit City Council. Borgarmeisteren, som er den dominerande styresmakta, blir vald for ein periode på fire år. Bystyret blir valt for ein periode på to år.

Historie

Boston var ein av dei tretten opphavlege statane i USA, og blei fyrst folkesett av europearar i 1630.[2] Boston var ein av dei fyrste byane i USA til å gjera motstand mot den britiske kolonistyresmakta. I 1770 var det stor misnøye over skattane innførte av Storbritannia, og folk reagerte ved å gjera narr av soldater. Ved eit høve braut det ut døyeleg vald då britiske soldatar skaut mot ei folkemengd og drap fem personar i den såkalla Bostonmassakren.[3] Ei betre kjend hending var då amerikanske patriotar kledde seg ut som indianarar, 16. desember 1773, og lurte seg ombord på båtar lasta med te frå det Austindia-kompaniet og velta fleire hundre kassar med te ut i vatnet, som ein reaksjon etter at britane aukte skatten på te i 1773.[4][5] Dette blei seinare kalla Boston Tea Party.[6] Briteae reagerte med å blokkera hamna med kampskip og innførte strengt militært styre i byen.[4] Dette var del av opptakten til den amerikanske revolusjonen.[6]

Kjende utdanningsinstitusjonar

  • Boston College
  • Boston University
  • Northeastern University
  • New England Conservatory
  • Berklee College of Music

Kultur

Boston har ei rekke kjente kulturinstitusjonar

  • Boston Symphony Orchestra
  • Boston Pops Orchestra
  • Boston Ballet
  • Museum of Fine Arts
  • Museum of Science
  • New England Aquarium

Sport

  • Boston Celtics (Basket)
  • Boston Red Sox (baseball)
  • Boston Bruins (ishockey)
  • Boston Marathon

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Boston