Annie Whitehead

Annie Whitehead (fødd 16. juli 1955 i Oldham i Lancashire)[1] er ein engelsk jazztrombonist. Ho har spelt for Michael Rath Trombones.[2]

Annie Whitehead

Fødd16. juli 1955 (68 år)
FødestadOldham
OpphavStorbritannia
Aktiv1971–
Sjangerjazz
Instrumenttrombone
Verka somjazzmusikar

Whitehead byrja å spele trombone på skulen og i 1970-åra flytta ho til London, der ho var etterspurt. Dei neste åra arbeidde ho med Chris McGregor sitt Brotherhood of Breath, National Health, Carla Bley, Robert Wyatt, Joan Armatrading, Penguin Cafe Orchestra, Chris Rea, Bill Wyman, Elvis Costello, Jah Wobble, ...And the Native Hipsters[3] og andre. I 1984 danna ho sitt eige band og gav ut det første albumet sitt som leiar. Ho var medlem av Working Week,[4] og har spelt på meir enn 50 album..[5][6]

I 2003 spelte ho trombone på Robert Wyatt-albumet Cuckooland. Seinare spelte ho i hyllestbandet til Frank Zappa, Zappatistas[7] med jazzgitaristen John Etheridge og andre. I 2006 vart ho med i det belgiske bandet The Wrong Object. I 2007 spelte ho trombone på Robert Wyatt-albumet Comicopera.

Diskografi

  • Mix up 1984
  • This is ...Rude 1994
  • Naked 1997
  • Home 2000
  • The Gathering 2000

Kjelder

Bakgrunnsstoff