Aslaug Holm

Aslaug Holm (fødd 1965) er ein norsk dokumentarfilmskapar frå SmølaNordmøre.

Aslaug Holm

StatsborgarskapNoreg
Fødd26. februar 1965 (59 år)
Smøla kommune
Yrkefilmregissør, filmklyppar, filmfotograf, manusforfattar
EktefelleTore Buvarp
Aslaug Holm på Commons

Karriere

Aslaug Holm har vore tilknytt dokumentarfilmselskapet Fenris Film sidan oppstarten i 1992. Ektemannen hennar, Tore Buvarp, arbeider også med film, og dei to har samarbeidd med filmproduksjonar.

Aslaug Holm var fotograf og klippar på filmen Heftig og begeistret (2001), filmen om kormiljøet i Berlevåg i Finnmark. Ho er også kjend for dokumentaren Oljeberget, som skildrar Jens Stoltenberg og det norske samfunnet som verdas rikaste land. I 2008 produserte ho To brødre, ein dokumentarfilm om oppveksten til hennar eigne søner på sju og ti år.

Produksjonar i utval

  • 1995: Bak din rygg (regi)
  • 2001: Heftig og begeistret (klipp, regi og foto)
  • 2005: Alt for Norge (regi)
  • 2006: Oljeberget (regi)
  • 2008: To brødre (regi)

Heider

  • 2001: Filmforbundets Fagpris for arbeidet med Heftig og begeistret.
  • 2006: Den internasjonale filmkritikarprisen - FIPRESCI for dokumentaren Oljeberget.
  • 2007: Aslaug Holm vann Gullklapperen under utdelinga av Amandaprisen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff