Gamle diskusjonar ligg i kjellarboden.

Taksoboks

Eg overlet til deg å laga taksoboks og klassifiera dette dyret.... --Sigmundg 17:22, 2 april 2008 (CEST)

Hehe.

--Gunnar 23:51, 2 april 2008 (CEST)

Insekt

Du skriv i artikkelen om insekt at «Kvart år vert ein tredel av verdas avlingar øydelagt av insekt av eit eller anna slag.». Kan du legge inn meir bakgrunnsstoff (kor i verda, kva for insekt, kva for avlingar) og ei direkte kjelde til dette utsagnet, så hadde det vore fint. -- Hogne 8. juli 2008 kl. 08:47 (CEST)

Eg har freista å finna attende til kjelda eg brukte, men utan vidare hell. Eg skal leita litt vidare i morgon, me kan inntil vidare legga på ei "kjelde manglar"-lapp.--Gunnar 11. juli 2008 kl. 00:45 (CEST)
Som så mykje anna eg har skrive kjem dette frå Brusca & Brusca sitt monster av ei bok; andreutgåva av Invertebrates frå 2002, gjeve ut av Sinauer Associates.--Gunnar 13. juli 2008 kl. 15:55 (CEST)


Kursivering i taksoboks

Takk for tipset. Grunnen til at eg ikkje hev skrive i kursiv er at eg er van med at ein berre skriv slekt- og artsnamn i kursiv, og at høgare inndeling skrivast med vanleg skrift. Men det er ingi hjartesak, so eg kann godt byrja skriva alt i kursiv.--Zach Janes 5. august 2008 kl. 01:17 (CEST)

Eg veit det ikkje er vanleg praksis internasjonalt å nytta kursiv så mykje som me gjer her på nynorsk wikipedia, men når fenomenet er såpass lite viktig og samstundes så innarbeidd som det er i dette tilfellet ser eg inga grunn til å slutta med det.--Gunnar 5. august 2008 kl. 08:00 (CEST)

Raude lenkjer i geologiske periodar

Hei Gunnar! Eg held for tida på med, og er snart ferdig med, å skrive om dei ulike periodane, epokane og aldrane i geologien. Her er det mykje raude lenkjer på forskjellige dyreslekter og dyreartar. Enkelte av dei går veldig mykje igjen (me har t.d. ikkje artikkel om trilobittar, armføttingar osv), medan andre sikkert er nokså obskure. I tillegg er eg usikker på om mange av namna er skrive rett, særleg med tanke på om dei står i eintal eller fleirtal (eg er ikkje så stø i latin). Så om du har tid og lyst ein gong... --Frokor 24. august 2008 kl. 15:52 (CEST)

Framifrå arbeid! Eg skal sjå kva eg får til; både trilobittar og armføttingar skulle vera ganske greitt å grava fram stoff om både i privatbiblioteket mitt og på skulen. Forhistorie er stas.--Gunnar 27. august 2008 kl. 17:29 (CEST)

Administrator?

Eg lurer på om du kunne tenkje deg å vere administrator her? --~~

Kva inneber dette av pliktar og gode?--Gunnar 28. august 2008 kl. 15:06 (CEST)
Administratorar har tilgang til desse ekstra verktya:
  • eitklikks attenderulling
  • sletting av sider
  • tilgong til å sjå og evt. gjenopprette sletta sider/sletta siderevisjonar
  • verne sider/fjerne vern av sider/tilgong til å redigere sider som er verna for brukarar som ikkje er administrator
  • blokkere brukarar og IP'ar/fjerne blokkeringar av brukarar og IP'ar
Det er ingen plikter utover dei som alle brukarar har, men ein må bruke dei ekstra verktya med vet. --Jorunn 28. august 2008 kl. 15:19 (CEST)
Då har du administratorstatus. --Frokor 29. august 2008 kl. 17:15 (CEST)
Jippi!--Gunnar 1. september 2008 kl. 00:16 (CEST)

Darwin og Evolusjonsteorien

Hei eg ser at du har arbeida med Darwin og Evolusjonsteorien. Er det OK å sette desse på framsida i veke 7 og 8, tykkjer du? Hogne 24. januar 2009 kl. 23:52 (CET)

Det bør jo skje, i og med at det er jubileum på gong. Darwin er derimot ikkje bra nok enno, han kunne trengd underkapittel om idehistorie og støtteartiklar om mellom anna Alfred Russel Wallace kroppsspråk og meitemakk. Evolusjonsteorien er på si side særs tynn på kjeldefronten. Eg skal sjå kva eg kan få gjort.
evolusjon
Er det OK å nytta denne illustrasjonen for evolusjonsteorien?? Hogne 26. januar 2009 kl. 23:54 (CET)
Han passar nok betre i ein eigen spesialartikkel om mennesket sin evolusjon; kanskje eg skulle prøva å skriva noko slikt? Me har framleis nokre få veker på oss før me treng å diska opp med noko aktuelt. Eg vil elles tilrå meir generelle figurar, som desse:
evolusjon
evolusjon
pattedyrevolusjon

.

Eg kan diverre ikkje vektorgrafikk sjølv, men om nokon andre på nn kan dette kan eg gjerne omsetja nokre av figurane. Elles kan artikkelen med fordel illustrerast med gode døme på indisium for teorien; dette kan eg sjå på til helga.--Gunnar 27. januar 2009 kl. 07:11 (CET)

Søvn hjå dyr

Hei, Gunnar. Eg trur det er på tide å anten gjere denne artikkelen god, eller fjerne han frå kandidatlista. Det har vel vore gjort ein del endringar sidan du skreiv kommentaren din på Wikipedia:Gode artiklar/Kandidatar/Søvn hjå dyr, så difor lurte eg på om du som er godt inne på dette fagfeltet kunne sjå på artikkelen ein gong til, og eventuelt, dersom du har tid ordne opp i feil og manglar. Om stoda er den same som sist, er det nok berre å fjerne denne artikkelen frå kandidatlista. --EIRIK\diskusjon 15. august 2009 kl. 00:13 (CEST)


Wikipedia Academy 2013

Hei ! Jeg håper å se deg på årets Wikipedia Academy som arrangeres lørdag 14. desember på Arkitekturmuseet i Oslo. Styret har forespurt mange enkeltpersoner om programønsker, og forespurt hele nettsamfunnet gjennom innlegg på ting og torg. Vi har utfra dette lagt opp til et variert program med mange tema som forhåpentlig treffer wikipedianere. Vi skal se nærmere på, og diskutere, Wikidata, Visual Editor, botproduksjon, bruk av frie kartdata, kultursamarbeidet, wikipedianere som er utplassert i institusjoner, og vi skal få en presentasjon av den mye omtalte artikkelen om The decline of Wikipedia. Blant mange spennende foredragsholdere har vi hentet flere fra interne Wikipedia-rekker, men også eksterne foredragsholdere som vil rette sine blikk på Wikipedia utenfra. Det blir premiering av Årets wikipedianer og av vinnerne i Wiki Loves Monuments 2013. Etter akademiet går vi rett videre til årets Julebord, på Gamle Rådhus. Se det varierte programmet her. Lørdag 14. desember kan du treffe dine kolleger på Norges største kunnskapsdugnad! Vennlig hilsen, Bjoertvedt (diskusjon) 16. november 2013 kl. 02:31 (CET)

Ang: Din status som administrator

Hei! Jeg er en av stewardene på Wikipedia. Der er nylig blitt innført en policy med hensyn til endring/ tilbakekalling av utvidede rettigheter for brukere (administrator, byråkrat o.a.). Denne ble innført ved konsensus i nettsamfunnet. I tråd med denne policyen går man nå gjennom administratoraktivitetene for wikier der policy vedrørende inaktivitet ikke er innført. Du fyller kriteriene for ikke-aktivitet (ingen registrerte logg-handlinger og ingen redigeringer siste 2 år) på nnwiki, hvor du er administrator. Siden nnwiki ikke har egen prosess for gjennomgang av administratorrettigheter, gjøres den globale policyen gjeldende. Hvis du ønsker å beholde rettighetene, vennligst ta kontakt med det aktuelle wikisamfunnet ditt og fortell at du har fått denne meldingen, men ønsker å fortsette. Når dette er gjennomgått og drøftet av det aktuelle forumet, kan du kontakte stewardene på  m:Stewards' noticeboard, med lenke til forumet der ditt wikisamfunn uttrykker ønske om å opprettholde rettighetene. Vi, stewardene, vil vurdere svarene. Hvis der ikke foreligger noe svar etter ca. en måned, vil vi fjerne administratorrettighetene. I tvilstilfeller vil vi la spørsmålet gå tilbake til lokalsamfunnet for gjennomgang og kommentarer. Hvis du har spørsmål, vennligst ta kontakt via m:Stewards' noticeboard. Med vennlig hilsen, Rschen7754 6. august 2014 kl. 05:53 (CEST)

Wikispecies

Välkommen till Wikispecies, vi har ingen nynorsk medlem där! Dan Koehl (diskusjon) 7. mars 2015 kl. 10:52 (CET)