Heilage Birgitta

svensk skribent
(Omdirigert frå Den heilage Birgitta)

Birgitta Birgersdotter frå Sverige er kjend som den Heilage Birgitta. Ho var forfattar, teolog, klostergrunnleggjar og helgen. Birgitta var fødd i 1303 som Birgitta Birgersdotter, dotter til Birger Persson og Ingeborg Bengtsdotter. Birgitta døydde den 23. juli i 1373 i Roma. Gjennom foreldra og gemalen Ulf Gudmarsson høyrde ho til dei leiande krinsane i svensk politikk i samtida. Morfaren hennar var syskenbarn til kong Magnus Ladulås. Begge foreldra kom frå folkungætta.

Heilage Birgitta

Heilaga Birgitta som motiv på eit alterskap frå Salem kyrkje i Södermanland i Sverige.
Fødd1303
FødestadFinsta
Daud23. juli 1373
DødsstadRoma
Yrkeskribent, filosof, politikar, teolog, memoarforfattar, mystiker
Helgendag23. juli, 23. juli

Britemesse den 7. oktober vart feira til minne om henne.

Fødestad

Birgitta var fødd i 1303. Det har ikkje vore råd å stadfeste fødestaden. Etter tradisjonen vart ho fødd på garden Finsta, vest for Norrtälje i Uppland. Kjelder frå pavestaten nemner gardsnamnet «Frastad», eit namn som har vore tolka som garden Fresta i Vallentuna herad.

Livet i Sverige

Birgitta får ei openberring. Etter måleri frå mellomalderen.

Då Birgitta var tolv år døydde mora hennar. Faren meinte at han ikkje klarte å gje Birgitta den oppsedinga som passa for ei jente i hennar stilling. Difor vart Birgitta send til svigerinna Katarina Bengtsdotter på garden Aspanäs i Östergötland.

Etter berre nokre år, då ho var tretten, vart Birgitta gift med den atten år gamle Ulf Gudmarsson. Paret budde på garden Ulfåsa i Östergötland. Dei fekk åtte barn saman. Alt som barn fekk Birgitta openberringar. Ein gong såg ho jomfru Maria som sette ei krone på hovudet hennar. I eit anna syn såg ho korleis Kristus vart pint til døde på krossen.

Fromskapen kom til å prega Birgitta og livet hennar saman med Ulf. Mellom anna drog dei på pilegrimsferd til Nidaros og til Santiago de Compostela. På veg heim frå Spania, i den franske byen Arras, vart Ulf sjuk. I ei openberring lova den franske helgenen Sankt Denis Birgitta at mannen hennar ikkje skulle døy.

Attende i Sverige flytta Birgitta og Ulf til Alvastra kloster. Ulf døydde i 1344 (eller i 1346). Arven etter Ulf vart delt på arvingane. Store summar vart òg delte ut til fattige. Sjølv tok Birgitta til å leve eit enkelt liv ved klosteret. Talet på openberringar auka trutt. Ho opplevde seg som 'Kristi brud og talerøyr'. I openberringane fekk ho i oppgåve av Gud, Kristus og Maria å formidle bodskap både til politiske og kyrkjelege leiarar. Birgitta samtala òg med helgenar.

Livet i Roma

Birgitta reiste til Roma i 1349 for å delta i feiringa av kyrkja sitt jubelår 1350 samt for å få løyve av paven til å grunnleggje ein ny klosterorden. I Roma budde Birgitta fyrst i eit palass ikkje langt unna kyrkja San Lorenzo in Damaso. Paven hadde sidan 1309 residert i Avignon i Frankrike. Birgitta argumenterte for at han måtte vende attende til Roma. Dette skjedde kortvarig mellom 1368 og 1370. I denne tida vart Birgitta sin ordensregel saumfart og godkjend av den heilage stolen.

I 1371, sekstiåtte år gamal, la Birgitta ut på valfart til det heilage landet. Reisa gjekk gjennom Napoli og Kypros. I Napoli døydde sonen hennar, Karl Ulvsson.

Attende i Roma om våren i 1373 var Birgitta svak etter å ha vore sjuk. Den 23. juli døyde ho i Birgittahuset, Casa di Santa Brigida, som ligg like ved Piazza Farnese. Der finst i dag ei kyrkje, eit kloster og ein gjesteheim.

Etter eige ynske vart ho gravlagd i kyrkja San Lorenzo in Panisperna, medan personlege eignelutar vart sende til Sverige. I 1377 gav bispen Alfonso av Jaén ut den fyrste utgåva av openberringane til Birgitta. Birgittaklosteret i Vadstena opna i 1384.

I 1391 vart Birgitta lyst heilag av pave Bonifatius IX. I 1999 vart Birgitta utnemnd til heile Europa sin vernehelgen saman med Katarina av Siena og Edith Stein.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Heilage Birgitta