Eurovision Song Contest 1980

Eurovision Song Contest 1980 (ESC 1980), offisielt 25. Eurovisie Songfestival, var den 25. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Congresgebouw i Haag i Nederland. Finalen fann stad laurdag 19. april. Irland vann tevlinga med songen «What's Another Year», framført på engelsk av Johnny Logan.

Eurovision Song Contest 1980
Offisiell tittel
25. Eurovisie Songfestival
Dato
Vertskap
Stad
Congresgebouw
Haag i Nederland
Programleiar(ar)
Marlous Fluitsma
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Debuterte
Marokko
Attende
Tyrkia
Trekte seg
Israel
Monaco
Kart
Røysting
Vinnar
«What's Another Year»
Eurovision Song Contest
Jerusalem 1979 Dublin 1981
██ Land som deltok i tevlinga██ Land som ikkje deltok i tevlinga

Tevlinga vart arrangert i Nederland etter at vinnaren året før, Israel, nekta å påta seg arrangementet for andre år på rad. Den israelske regjeringa gjekk ikkje med på å utvide kringkastaren IBA sitt budsjett slik at ein kunne ta på seg arrangementet, og datoen som Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) hadde sett for tevlinga, 19. april, fall på same dag som den israelske minnedagen for falne i krig. Spania og Storbritannia skal båe ha vorte spurde om å påta seg arrangementet, men takka nei. Nederland gjekk deretter med på å arrangere tevlinga så lenge dei fekk kutte i produksjonskostnadane; som eit resultat av dette vart tevlinga halden på same stad som i 1976, og delar av scena si utforming var lik som i 1976.

Marokko deltok for fyrste gong dette året, medan Tyrkia kom attende til tevlinga. Monaco trekte seg frå tevlinga og kom ikkje att før i 2004.

Finalen

#LandArtistSongSpråkPlassPoeng
01 AusterrikeBlue Danube«Du bist Musik»Tysk864
02 TyrkiaAjda Pekkan«Pet'r Oil»Tyrkisk1523
03 HellasAnna Vissi og Epikouri«Autostop»Gresk1330
04 LuxembourgSophie & Magaly«Papa pingouin»Fransk956
05 MarokkoSamira Bensaïd«Bitakat Hob»Arabisk187
06 ItaliaAlan Sorrenti«Non so che darei»Italiensk687
07 DanmarkBamses Venner«Tænker altid på dig»Dansk1425
08 SverigeTomas Ledin«Just nu!»Svensk1047
09 SveitsPaola del Medico«Cinéma»Fransk4104
10 FinlandVesa-Matti Loiri«Huilumies»Finsk196
11 NoregSverre Kjelsberg og Mattis Hætta«Sámiid Ædnan»Norsk og nordsamisk1615
12 Vest-TysklandKatja Ebstein«Theater»Tysk2128
13 StorbritanniaPrima Donna«Love Enough for Two»Engelsk3106
14 PortugalJosé Cid«Um grande, grande amor»Portugisisk771
15 NederlandMaggie MacNeal«Amsterdam»Nederlandsk593
16 FrankrikeProfil«Hé, hé, m'sieurs dames»Fransk1145
17 IrlandJohnny Logan«What's Another Year»Engelsk1143
18 SpaniaTrigo Limpio«Quédate esta noche»Spansk1238
19 BelgiaTelex«Euro-Vision»Fransk1714

Kjelder

Mal:Land i Eurovision Song Contest 1980Mal:Uttakingar til Eurovision Song Contest 1980Mal:Deltakarar i Eurovision Song Contest 1980Mal:Songar i Eurovision Song Contest 1980Mal:Låtskrivarar i Eurovision Song Contest 1980