Free Man in Paris

song av Joni Mitchell
Free Man in Paris
Singel av Joni Mitchell
frå albumet Court and Spark
B-side

People's Parties

UtgjeveJuli 1974
Innspelt1973
SjangerFolkjazz, jazzfusion
Lengd3:02
SelskapAsylum
KomponistJoni Mitchell
TekstforfattarJoni Mitchell
Låtskrivar(ar)Joni Mitchell
ProdusentJoni Mitchell
Joni Mitchell-kronologi 
«Help Me»
(1974)
Free Man in Paris«Big Yellow Taxi» (live)
(1974)


«Free Man In Paris» er ein song skriven av den kanadiske visesongaren Joni Mitchell. Han vart gjeven ut i 1974 på albumet Court and Spark, og på konsertalbumet Shadows and Light. Songen er ein av dei mest kjende songane hennar[treng kjelde]. Songen handlar om musikkagenten David Geffen, ein nær ven av Mitchell tidleg i 1970-åra og skidldra Geffen under ei reise Geffen og Mitchell gjorde til Paris med Robbie og Dominique Robertson.[1] «Free Man in Paris» nådde 22. plassen på singellista i USA og andreplassen på Easy Listening-lista.[2]

I 1970-åra vart ein instrumentalversjon av songen nytta som kjenningsmelodi for CBC Television sitt The Saturday Evening News.

«Free Man In Paris» har vorte spelt av andre artistar som Neil Diamond, Sufjan Stevens, Adrienne Young, Phish og JoJo.[3] Han er rangert på 470. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene frå 2004, men var ikkje med på den oppdaterte lista deira frå 2010.

Medverkande

Kjelder

Bakgrunnsstoff