Help Me av Joni Mitchell
Help Me Singel av Joni Mitchell frå albumet Court and Spark | ||
B-side | Just Like This Train | |
---|---|---|
Utgjeve | Mars 1974 | |
Innspelt | 1973 | |
Sjanger | Softrock | |
Lengd | 3:22 | |
Selskap | Asylum | |
Komponist | Joni Mitchell | |
Tekstforfattar | Joni Mitchell | |
Låtskrivar(ar) | Joni Mitchell | |
Produsent | Joni Mitchell | |
Joni Mitchell-kronologi | ||
«Raised on Robbery» (1973) | Help Me | «Free Man in Paris» (1974)
|
«Help Me» er ein song skriven, produsert og framført av Joni Mitchell frå albumet hennar Court and Spark i 1974. Songen vart spelt inn med jazzbandet Tom Scott's L.A. Express som akkompagnement.[1] «Help Me» vart den største hitten til Mitchell og nådde sjuandeplassen i juni 1974 på Billboard Hot 100, som den einaste av songane hennar som nådde topp 10 på denne lista. Songen gjekk òg til topps på easy listening-lista.[2]
Billboard skildra teksten på songen som «eit rom om hjelp til å kjenne seg bra.»[3]
Songen vart rangert på 288. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.[4]
Andre versjonar
Artistar som har spelt inn songen er mellom andre:
- Wynonna Judd (på albumet New Day Dawning i 2000)
- Mandy Moore (i 2003 på albumet Coverage)
- Karrin Allyson i 2004 på albumet hennar Wild For You.[5]
- Divine Brown i 2005 på albumet hennar Divine Brown)
- k.d. lang (i 2007 på albumet A Tribute to Joni Mitchell)
- Katharine McPhee (i 2010 på luksusutgåva av iTunes-utgåva av albumet Unbroken)
- Will Young i 2009 i eit konsertopptak frå London, gjeven ut som B-side på singelen Let It Go)
- Judy Kuhn (i 2013 på albumet hennar All This Happiness)
- Chaka Khan (i 2019 på konsertalbumet Joni 75: A Birthday Celebration)
I populærkulturen
Prince-songen «Ballad of Dorothy Parker» (frå albumet Sign o' the Times frå 1987) nemner songen i teksten: «..and it was Joni singing: ‘Help me, I think I'm falling’.» Ein kan òg høyre ein sampling av songen på «Looking Through Patient Eyes» av P.M. Dawn.
I showet South Park syng karakteren Butters denne songen i episode to av sesong 11. I sjette sesongen av TV-serien Shameless syng hovudrolla Frank Gallagher, og kjærasten Queenie, songen under ein frokost.
Salslister
Vekeslister
| Årslister
|
Kjelder
Bakgrunnsstoff
289: «Call Me» Blondie | Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 288 «Help Me» Joni Mitchell | 287: «You Are the Sunshine of My Life » Stevie Wonder |