Hatvik-Venjaneset

fergesamband i Vestland

Hatvik-Venjaneset (fram til 1979 Hatvik-Fusa) er eit ferjesamband over Bjørnafjordenfylkesveg 552 mellom Os og Fusa. FosenNamsos Sjø driv i dag sambandet med ferja MF «Fosen», med opptil to avgangar i timen. Overfarten tar om lag 13-15 minuttar.

MF «Fosen» ved Hatvik ferjekai

Historie

Då vegen sørover frå Fusa til Mundheim stod ferdig i 1937, vart det aktuelt å opne ei ferjerute mellom Hatvik i Os og Eikelandsosen i Fusa. Det Midthordlandske Dampskipsselskap leigde inn kutteren «Gå På I», som kunne ta 2-3 bilar, og som starta i ruta sommaren 1937. Behovet for ein større båt var stort og alt i oktober 1937 vart motorkuttaren «Svindland» sett inn i ruta. Denne var større enn «Gå På I» og kunne ta to bussar på tvers på framdekket. Truleg gjekk «Svindland» i ruta fram til andre verdskrigen braut ut i 1940. Tyskarane nytta Hatvik som marinebase under krigen og det var derfor ingen ferjetrafikk her i desse åra.

Sommaren 1949 tok MF «Fusa» over ruta og gjekk her fram til 1956, då MF «Rosendal» gjekk inn i ruta. I 1962, då HSD tok over ruta, og fram til 1969 tok derimot MF «Fusa» over sambandet att. Ei ny ferje, MF «Fusa», vart bygt i 1969 og sett inn i ruta. Denne ferja gjekk i ruta i 18 år, fram til 1987, men i 1979 vart det bygt nytt ferjeleie ved Venjaneset. Ruta vart då langt kortare.

I 1987 fekk den gamle ferja MF «Stord» nytt namn og vart den tredje ferja med namnet MF «Fusa». Ferja vart sett inn i sambandet og gjekk her med korte avbrekk fram til 1997. Det same vart ferja MF «Eidfjord» (tidlegare MF «Bjørgvin»), som gjekk i sambandet frå 1986 til 1998. I 1998 vart ei nybygd ferje sett inn sambandet, MF «Folgefonn». Denne ferja gjekk meir eller mindre fast fram til FosenNamsos tok over sambandet i 2011.

Ferjer i sambandet

  • MK «Gå På I» - 1937
  • MK «Svindland» - 1937 - ?
  • MF «Fusa» (I) - 1949-1956 og 1962-1969.
  • MF «Rosendal» - 1956-1962
  • MF «Vøringen» - 1966-1969 og 1983 (ekstraferje om sommaren)
  • MF «Fusa» (II): 1969 - 1987
  • MF «Kinsarvik»: April-juli 1972, 1973-1974
  • MF «Kvarven»: 1974 (ekstraferje om sommaren)
  • MF «Folgefonn»: 1975-1978 (ekstraferje om sommaren)
  • MF «Huglo»: 1975, 1976, 1978 (ekstraferje om sommaren)
  • MF «Osterøy»: 1977 (ekstraferje om sommaren)
  • MF «Valestrand»: 1977 (ekstraferje om sommaren)
  • MF «Ølen»: 1977 -
  • MF «Solfrid» - 1978 (ekstraferje om sommaren)
  • MF «Fusa» (III): 1987-1997 med avbrekk
  • MF «Eidfjord»: 1986-1998, 2002 (kort)
  • MF «Folgefonn» : 1998 - august 2010
  • MF «Høgsfjord»: August - desember 2010
  • MF «Fosen»: 2011 til i dag

Kjelder

Bakgrunnsstoff