Helga Flatland

Helga Flatland (fødd 16. september 1984)[1] er ein norsk forfattar.

Helga Flatland

NasjonalitetNorsk
StatsborgarskapNoreg
Fødd16. september 1984 (39 år)
Flatdal, Noreg
YrkeForfattar, tekstforfattar
Periode2010-
MorElisabeth Swensen
DebutBli hvis du kan. Reis hvis du må
Helga Flatland på Commons

Flatland budde dei to fyrste åra av livet i Fyresdal før familien flytte til Flatdal i Seljord, der ho voks opp.[2] Ho er utdanna tekstforfattar frå Westerdals School of Communications[2] og har bachelorgrad i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Oslo.[3] Ho er busett i Oslo.[3]

Ho debuterte som forfattar med romanen Bli hvis du kan. Reis hvis du måAschehoug i 2010.[3] Boka er om tre barndomsvener som vervar seg og fer til Afghanistan for å delta i krigen der, og dei som vert att heime. Det er fire forteljarstemmer i boka og ho er skriven dels på bokmål, dels på nynorsk.[4] Romanen fekk gode kritikkar og Flatland fekk Tarjei Vesaas' debutantpris, Ungdommens kritikerpris og Aschehougs debutantstipend for henne.[5] I grunngjevinga for tildelinga av Tarjei Vesaas debutantpris skreiv Stein Versto mellom anna: «Her talar ein forfattar som står til truande, som har noko på hjarta, og som med sjølvsagd autoritet etablerer ulike figurar, av båe kjønn og ulike aldrar. Det er gjort med innleving, tyngde og ein forteljande flyt som raskt vekkjer lesaren.».[5] Andreboka hennar, Alle vil hjem. Ingen vil tilbake, kom i 2011 og er ei fortsetjing til Bli hvis du kan. Reis hvis du må. Også den er skriven dels på nynorsk, dels på bokmål, og fekk god mottaking av bokmeldarane.[6]

Bøker

  • 2010 – Bli hvis du kan. Reis hvis du må – Roman
  • 2011 – Alle vil hjem. Ingen vil tilbake – Roman
  • 2013 – Det finnes ingen helhet – Roman

Prisar og utmerkingar

Referansar

Bakgrunnsstoff