Heliantheini er ein av to biologiske tribusar (stammar) som utgjer underfamilienLesbiinae i kolibrifamilien Trochilidae. Den andre stammen i underfamilien er Lesbiini («koketter»).Det uformelle engelske namnet brilliants er foreslått for denne gruppa, her omsett til «briljantar».
Den største slekta i stammen er Lophornis som òg er koketter etter fellesnemninga i dei norske artsnamna. Per 2023 samlar denne stammen totalt 57 artar fordelte på 13 slekter.[1][2]
Leveområdet er generelt avgrensa til Sør-Amerika for dei 57 artane med unnatak av blåsmykkebriljant (Heliodoxa jacula) som lever frå Costa Rica til Ecuador.[2]
Ein molekylær fylogenetisk studie av kolibriane publisert i 2007 fann at artane dannar ni store kladar.[3] Då Edward Dickinson og James Van Remsen, Jr. oppdaterte Howard and Moore Complete Checklist of the Birds of the World for den 4. utgåva i 2013, baserte dei klassifiseringa si på desse resultata og plasserte to av dei ni kladane i underfamilien Lesbiinae. Kladane vart plasserte i separate stammar som dei kalla Lesbiini («koketter») og Heliantheini («briljantar»).[4]
Molekylær fylogenetiske studiar av Jimmy McGuire og medarbeidarar publiserte mellom 2007 og 2014 bestemde forholdet mellom hovudgruppene av kolibriar.[1][3][5] Dei latinske namna i kladogrammet nedanfor er dei som vart foreslått av Dickinson og Remsen i 2013.[4]
Inndelinga i kladogrammet er etter McGuire et al, 2014.[1] Namna på biologiske tribus (stammar) «bikolibriar», «smaragdar», «fjelljuvelar» osb. er omsett frå engelsk (Topazes, Hermits, Mangoes, Brilliants, Coquettes, Mountain Gems, Bees, Emeralds), og er brukte av mellom anna Licona-Vera and Ornelas, 2017.[6]
Stamme Heliantheini, «briljantar», i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[2] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[7] Utval av slekter, samt IUCNraudlistekategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[8]