I Want It All av Queen

I Want It All
Singel av Queen
frå albumet The Miracle
B-side

«Hang On in There»

Utgjeve2. mai 1989 (UK)
11. mai 1989 (US)
Innspelt1988
SjangerHardrock
Lengd4:41 (album)
4:01 (singel)
Selskap
TekstforfattarBrian May
Låtskrivar(ar)Brian May
Produsent
Queen-kronologi 
«Who Wants to Live Forever»
(1986)
I Want It All«Breakthru»
(1989)


«I Want It All» er ein song av det britiske rockebandet Queen frå 1989 på albumet The Miracle. Han vart skriven av gitaristen Brian May (men tilskriven heile Queen) og produsert av David Richards. Han vart gjeven ut som den første singelen frå albumet den 2. mai 1989.[1] «I Want It All» nådde tredjeplassen på både UK Singles Chart[2] og den amerikanske Billboard Hot Mainstream Rock Tracks-lista,[3] 50. plassen på Billboard Hot 100-lista[3] og toppen av listene i fleire land i Europa, som Spania.[1]

Songen vart først spelt på konsert den 20. april 1992, tre år etter han kom ut, under The Freddie Mercury Tribute Concert, med dei tre gjenlevande medlemmane av Queen, med Roger Daltrey på solovokal og Tony Iommi på rytmegitar.[4] Mercury sjølv song aldri songen på konsert, sidan han døydde i november 1991 av AIDS. Songen er hovudsakleg sungen av Mercury, medan May er med på refrenga og mellomspelet.

Det finst minst to versjonar av songen. Den lengste versjonen er på albumet, medan den korte versjonen vart gjeve ut på singel og nytta i musikkvideoen. Denne finst òg på Greatest Hits II. Samanlikna med albumversjonen har videoversjonen ein annan start, utan den akustiske og elektriske gitaren og det korte gitarpartiet i starten av sognen. Han startar i staden med bandet som syng refrenget acappella, som så går over i det første elektriske gitarriffet ttil May. Gitarsoloen er òg annleis.

Bakgrunn

Songen var i følgje John Deacon ein av få som var ferdig skriven før dei kom i studio i byrjinga av 1988 for det som skulle bli The Miracle. Tittelen kom frå eit uttrykk som Anita Dobson, seinare den andre kona til Brian May, brukte å sei: «I want it all and I want it now!». «I Want It All» er tung og nyttar tema knytte til opprør og samfunnsuro. Låtskrivaren May hevdar han handlar om å ha ambisjonar og kjempe for å nå måla sine, og på grunn av dette vart songen ein anti-apartheid-song i Sør-Afrika.[1]

Stil og mottaking

I ei melding om The Miracle skreiv Allmusic at songen, som tittelsporet «The Miracle», «reflekterer tisltanden i verda seint i 1980-åra» og kallar songen «heavy rock».[5]

Songen var første og einaste gong det vart nytta doble basstrommer i ein Queen-song.

Musikkvideo

Musikkvideoen består av bandet som spelar i eit studio med halogenlys. Han vart regissert av David Mallet og filma i Elstree Studios i London i mars 1989. I the Greatest Video Hits 2 skildrar Brian May og Roger Taylor at helsa til Mercury var byrja å bli ganske dårleg under filminga av videoen, og at det var merkverdig at det ikkje var mogeleg å sjå i videoen, sidan Mercury framførte med all den energien han hadde. Videoen var òg første gongen Mercury var å sjå med skjegg, etter at han hadde barbert bort den kjende barten sin tidleg i 1987.

Medverkande

I andre media

Songen er nytta i fleire videospel, mellom anna i Madden 12, SingStar Queen, Guitar Hero: Van Halen, Guitar Hero Live og Rock Band 3.[6][7]

Lister

Vekeslister

Liste (1989)Plassering
Australia (ARIA)[8]10
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[9]11
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[10]10
Canada Top Singles (RPM)[11]34
Tyskland (Media Control AG)[12]9
Irland (IRMA)[13]3
Italian Singles Chart[14]4
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[15]2
Nederland (Mega Single Top 100)[16]2
New Zealand (RIANZ)[17]3
Noreg (VG-lista)[18]4
Sverige (Sverigetopplistan)[19]14
Sveits (Schweizer Hitparade)[20]8
UK Singles (Official Charts Company)[21]3
US Billboard Hot 100[22]50
US Mainstream Rock (Billboard)[23]3

Salstrofé

RegionSalstroféSalstal
Storbritannia (BPI)[24]Sølv200 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder

Bakgrunnsstoff