YouTube

YouTube er ein nettstad der brukarane sjølve kan lasta opp, vise og dele videoklipp. Nettstaden vart grunnlagt i februar 2005 av tre tidlegare medarbeidarar i PayPal. I dag har YouTube femti tilsette, og har hovudkontor i San Bruno i California i USA.

YouTube

Org.formUnderavdeling, Limited Liability Company
BransjeInternettbransjen
Skipa14. februar 2005
EigarGoogle AS
LandUSA
ProduktVideovert på nettet
Grunnleggjar(ar)Steve Chen,[1] Chad Hurley[1]
Nettstadwww.youtube.com

YouTube bruker Adobe Flash til å vise innhaldet, som omfattar klipp frå filmar og TV-program, musikkvideoar og heimelaga videofilmar. YouTube forbyr opplasting av materiale som er beskytta av opphavsrett, men dette har vist seg vanskeleg å gjennomføre. 9. oktober 2006 vart YouTube kjøpt opp av Google for 11 milliardar kroner.

Stoda i første kvartal 2008 var at YouTube ikkje gav noko forteneste. Profitten vart i 2007 sett på som ikkje substansiell av Google. Eksakte tal på profitten vert ikkje offentleggjort, men ein artikkel i Forbes juni 2008 projiserte ein inntekt på 200 millionar USD, grunna auka annonsesal. [2] Prisen for ein annonse på YouTube sida var på den tida 175 000 USD kvar dag, pluss forpliktelsar om å kjøpe Google og YouTube annonsar andre plassar. Ein eigen kanal, forskjellig ved å ha ein eigen bakgrunn, kostar annonsørar 200 000 USD.

Vekst

YouTube er blant dei raskast veksande nettstadene på Internett, og er rangert som den fjerde mest populære nettstadenav Alexa Internet.[3] 16. juli 2006 kunngjorde YouTube at det kvar dag vart sett 100 millionar filmklipp på YouTube. 65 000 nye videoar vart lasta opp kvar dag.

The Wall Street Journal publiserte i august 2006 ein artikkel der YouTube var vert for 6,1 millionar videoar, som kravde rundt 45 terabyte med lagringskapasitet. På den tida var det rundt 500 000 brukarkontoar. I april 2008 gav eit YouTube-søk omtrent 83,4 millionar videoar og 3,75 millionar brukarkanalar.[4][5] Det er berekna at i 2007 brukte YouTube like mykje kapasitet som heile internett gjorde i år 2000, samtidig som over 13 timar med video vart lasta opp kvart minutt.[6] I mars 2008 var kostnadane til bandbreidde berekna til rundt 1 million USD dagleg.

Problematikk rundt opphavsrett

Den amerikanske lova kring opphavsrett gjeld og for denne sida, og filmklipp som strid imot denne lova vert jamleg fjerna. På tross av dette vert materiale som bryt denne lova lasta opp i vidt omfang. Med fleire millionar av brukarar er det blitt ei uoverkommeleg oppgåve å holde auge med dette, ettersom rettsstridige klipp ofte berre blir fjerna om brukarar eller folk som sit på rettane gjer YouTube merksame på lovbrota. Frå oktober 2007 fekk medieverksemder tillating til å blokkere klipp utan å spørje om lov først, om desse klippa strid med deira opphavsrett.[7]


"The marketing guys love YouTube and the legal guys hate it."
"Marknadsføringsfolka elskar YouTube, og advokatane hatar det."
-Ian Schafer, frå annonsefirmaet Deep Focus


Hollywood sine haldningar til YouTube er delte. Quincy Smith ifrå CBS peikte på at han har interesse av å beskytte ein serie som har stor suksess målt i sal, samtidig som han kan sjå eit marknadsføringspotensiale i å ligge på nettet for ein serie som går dårleg. [8]

På forskjellige språk

Kart over land der YouTube finst i ein lokal variant.

YouTube har komme i fleire variantar, der heile sida er tilgjengeleg i denne språkdrakta eller med eit anna tilbod for dette området.

LandURLSpråkOppstartsdato
Australiahttp://au.youtube.com/Australsk engelsk22. oktober 2007 [9]
Brasilhttp://br.youtube.com/Braziliansk Portugisisk19. juni 2007 [10]
Kanadahttp://ca.youtube.com/Kanadisk engelsk og fransk-kanadisk6. november 2007 [11]
Tsjekkiahttp://cz.youtube.com/Tsjekkisk9. oktober 2008[12]
Frankrikehttp://fr.youtube.com/Fransk19. juni 2007 [10]
Tysklandhttp://de.youtube.com/Tysk8. november 2007 [13]
Hong Konghttp://hk.youtube.com/Tradisjonell kinesisk17. oktober 2007 [14]
Israelhttp://il.youtube.com/Engelsk16. september 2008
Indiahttp://in.youtube.com/Engelsk7. mai 2008 [15]
Irlandhttp://ie.youtube.com/Irsk Engelsk19. juni 2007 [10]
Italiahttp://it.youtube.com/Italiensk19. juni 2007 [10]
Japanhttp://jp.youtube.com/Japansk19. juni 2007 [10]
Koreahttp://kr.youtube.com/Koreansk språk23. januar 2008
Meksikohttp://mx.youtube.com/Meksikansk spansk10. oktober 2007
Nederlandhttp://nl.youtube.com/Nederlandsk19. juni 2007[10]
New Zealandhttp://nz.youtube.com/New zealandsk engelsk22. oktober 2007[9]
Polenhttp://pl.youtube.com/Polsk19. juni 2007[10]
Russlandhttp://ru.youtube.com/Russisk13. november 2007
Spaniahttp://es.youtube.com/Spansk19. juni 2007[10]
Svenskhttp://se.youtube.com/Svensk22. oktober 2008
Taiwanhttp://tw.youtube.com/Tradisjonell kinesisk18. oktober Chita • 檢視主題 - YouTube 台灣版推出 Arkivert 2008-12-05 ved Wayback Machine.</ref>
Storbritanniahttp://uk.youtube.com/Britisk Engelsk10. juni 2007[10]

Google har som mål å konkurrere med videodelande nettsider som DailyMotion i Frankrike. Selskapet har og gjort ein avtale med lokale tv-stasjonar som M6 og France Télévisions til å sende video innhald.

17. oktober 2007 vart det annonsert at ein Hong Kong versjon var lansert. YouTube-representanten Steve Chen sa det neste målet ville vere Taiwan.[16][17]

22. oktober 2007 hadde YouTube New Zealand sitt lanseringsparty, og erklærte dei hadde som mål å skape YouTube kjendisar ifrå New Zealand. Dette vart snart verkeleg gjennom YouTube show som Three Best Friends That Live Together og LiveFromJones.

Planar om å skape ein lokal versjon i Tyrkia har fått problem, ettersom tyrkiske myndigheiter har bedt YouTube om å sette opp eit kontor i Tyrkia, og dermed underlegge det tyrkisk lov. YouTube seier at dei ikkje har planar om dette og dei ikkje reknar videoane deira for å vere underlagt tyrkisk lov. Tyrkiske styresmakter har uttalt uro over at YouTube har blitt brukt til å poste enkelte videoar, som etter deira meining fornærmar nasjonalhelten Mustafa Kemal Atatürk og muslimar generelt.[18]

Fotnotar

Bakgrunnsstoff