James Taylor av James Taylor

James Taylor
Studioalbum av James Taylor
Språkengelsk
Utgjeve6. desember 1968
InnspeltJuli til oktober 1968
StudioTrident Studios i London
Sjanger
Lengd38:30
SelskapApple
ProdusentPeter Asher
James Taylor-kronologi 
James TaylorSweet Baby James
(1970)


Singlar frå James Taylor
  1. «Carolina in My Mind»
    Utgjeve: Februar 1969
  2. «Knocking 'Round the Zoo»
    Utgjeve: 1969

James Taylor er det første studioalbumet til den amerikanske songaren og låtskrivaren James Taylor. Det vart gjeve ut den 6. desember 1968, og var den første innspelinga av ein ikkje-britisk artist som vart gjeven ut av Apple Records, og det skulle òg vere Taylor sitt einaste album på det selskapet. Albumet vart gjeve ut under tittelen First Album i den sørafrikanske marknaden.

Bakgrunn

Albumet vart produsert av Peter Asher, som var A&R-sjef for The Beatles sitt nyleg danna plateselskap Apple Records.[1] Taylor spelte inn albumet frå juli til oktober 1968 i Trident Studios, samtidig som The Beatles spelte inn The White Album.[2][3] Trident var det mest teknologisk avanserte studioet i England på den tida, og var svært ettertrakta. Ein del av den bestilte studiotida til The Beatles vart brukt til å spele inn Taylor sitt album. Paul McCartney og Peter Asher henta inn arrangøren Richard Hewson for å leggje til orkestreringar til fleire av songane og uvanlege passasjar mellom dei. Desse fekk ein varierande mottaking. [4][5]

Songar

Blant songane på albumet er «Something in the Way She Moves», «Carolina in My Mind» og «Rainy Day Man». McCartney og ein ukredittert George Harrison gjesta på på høvesvis bassgitar og korvokal på «Carolina in My Mind». I teksten refererer Taylor til The Beatles med linja «holy host of others standing around me». Tittelfrasen på Taylor sin «Something in the Way She Moves» skulle bli startpunktet for Harrison sin «Something».[4][6] (Tilfeldigvis har Taylor sagt at han hadde tenkt å kalle songen «I Feel Fine», etter ei dominerande linje i refrenget, men tittelen hadde allereie blitt brukt på ein annan Beatles-song.) Taylor spelte òg inn ein svært tidleg versjon av «Fire and Rain», som skulle bli hans gjennombrottslåt på hans andre album, men Asher valde ikkje å ta den med på albumet.[7]

Utgjeving og mottaking

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic [8]
Encyclopedia of Popular Music [9]
Mojo [10]
MusicHound Rock3.5/5[11]
Rolling Stone(favorable)[5]
Rolling Stone Album Guide [12]
Tom HullB–[13]

Albumet vart gjeve ut av Apple Records 6. desember 1968 i Storbritannia og februar 1969 i USA.[14] Kritikarane var overvegande positive, inkludert ei svært positiv Jon Landau-melding i Rolling Stone-magasinet, som skreiv: «dette album er det friskaste eg har innhalert på lenge. Det slår meg ut.»[5] Albumet selde dårleg på grunn sidan Taylor ikkje hadde høve til å marknadsføre det då han vart innlagd på sjukehus på grunn av rusavhengigheit.[14] «Carolina in My Mind» med «Something's Wrong» vart gjeven ut som singel i Storbritannia (APPLE 32) i februar 1969, men klarte ikkje å kome på lista.[14] Han vart gjeven ut som singel i USA (Apple 1805) i mars 1969, men nådde berre 118. plassen der.[14] «Knocking 'Round the Zoo» vart gjeven ut som singel i Frankrike (APF 506) med «Something's Wrong» på B-sida.[15]

På grunn av vanskar med å få rettane frå Apple i løpet av 1970-talet, vart «Something in the Way She Moves» og «Carolina in My Mind» spelt inn på nytt i 1976 for Taylor-albumet Greatest Hits.

«Rainy Day Man» vart spelt inn på nytt i 1979 for Taylor-albumet Flag.

Innhald

Alle songar er skrivne av James Taylor, utanom der andre er nemnde..

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Don't Talk Now»2:36
2.«Something's Wrong»3:00
3.«Knocking 'Round the Zoo»3:26
4.«Sunshine Sunshine»3:30
5.«Taking It In»3:01
6.«Something in the Way She Moves»2:26
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Carolina in My Mind» 3:36
8.«Brighten Your Night With My Day» 3:05
9.«Night Owl» 3:38
10.«Rainy Day Man»Taylor, Zach Wiesner3:00
11.«Circle Round the Sun»Tradisjonell; arrangert av Taylor3:24
12.«The Blues Is Just a Bad Dream» 3:42
Bonusspor på CD-utgåva frå 2010
Nr.TittelLengd
13.«Sunny Skies» (Demo)2:12
14.«Let Me Ride» (Demo)3:57
15.«Sunshine Sunshine» (Demo)2:51
16.«Carolina in My Mind» (Demo)3:06

Medverkande

Salslister

Liste (1969/71)Plassering
Australia (Kent Music Report)[16]12

Kjelder