Joachim Gotsche Giæver

norsk ingeniør

Joachim Gotsche Giæver (15. august 185629. mai 1925) var ein norsk-amerikansk bygningsingeniør, som er kjend for å ha bygd fleire skyskraparar og bruer i Dei amerikanske sambandsstatane.[1] Han var mellom anna ansvarleg for å reisa den berande konstruksjonen til Fridomsgudinna i New York. Han vart fødd i bygda Jøvik i Troms, og studerte i Trondheim.[1]

Joachim Gotsche Giæver

Fødd15. august 1856
Lyngen kommune
Død29. mai 1925
Chicago
NasjonalitetNoreg, USA
Yrkearkitekt, sivilingeniør
Alma materTrondhjems Tekniske Læreanstalt

Virke

Giæver utvandre til USA i 1882, der han blei teknisk teiknar (draftsman) ved jernbaneselskapet Northern Pacific i St. Paul i Minnesota. Eit år seinare flytta han til Pittsburgh i Pennsylvania, der han blei tilsett ved Schiffer Bridge Company.I 1884 blei han overingeniør (chief engineer) ved føretaket.[2]

I 1891 var Giæver teknisk nestleiar ved World's Columbian Exposition i Chicago. Han stod mellom anna bak hovudbygningen ved utstillinga, The Manufactures and Liberal Arts Building.[1] Han var med på å utvikla H-bjelken, ein viktig del av moderne konstruksjon.[1]

Frå 1898 til 1915 var han sjefsingeniør for D. H. Burnham & Company i Chicago.[3][4] I 1916 gjekk han saman med Frederick P. Dinkelberg i firmaet Giaver and Dinkelberg, som mellom anna teikna bygningen 35 East Wacker Drive, «Jewelers building», den største bygningen i Amerika som ikkje sto i New York.[5]

Giæver konstruerte også kuppelen til Hooker-teleskopet i California, det største teleskopet i verda til då.[1]

I 1922 blei han gjeven St. Olavs Orden av kong Haakon.[1]

Byggverk knytte til Giæver

Kjelder

Referansar