Alma mater

Alma mater (latin for 'nærande mor') er eit omgrep opphavleg brukt av romerske diktarar om ulike gudinner, men sidan om lag renessansen også om universitet. I dag blir det gjerne brukt om eit universitet eller annan utdanninginstitusjon nokon har gått på.[1]

Statue av Alma mater ved Columbia University.

Romerske diktarar brukte «alma mater» som tilnamn for fleire gudinner, som Ceres, Tellus og Venus. Etter at Roma fall blei omgrepet også brukt innan kristen liturgi om jomfru Maria, som i «Alma Redemptoris Mater» frå 1000-talet.[2]

Alma Mater-emblemet for Cambridge frå 1600.

Frå om lag 1400-talet byrja ein bruka «alma mater» om universitet på engelsk.[3]I 1600 tok trykkaren John Legate ved Cambridge University Press i bruk eit emblem av ei naken, mjølkegjevande kvinne med ei murkrone på hovudet med innskrifta «Alma Mater Cantabrigia».[4]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.