MF «Hardangerfjord»

bilferge bygd i 1953
(Omdirigert frå MF Hardangerfjord (1953))

MF «Hardangerfjord», her som MF «Vøringen», ved Utåker ferjekai 1975. Foto: Harald Sætre.
Karriere Noreg
Namn:MF «Hardangerfjord»
Eigar:Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Verft:Bergens mek. Verksteder i Bergen
Verftsnummer:404
Sjøsett:Juni 1953
Teke ut av teneste:1983
Omdøypt:1959: MF «Vøringen»
1983: MF «Vøringen I»
Heimehamn:Bergen
Kjennemerke:LLXQ
Generelle mål
Type:Bilferje
Tonnasje:236 bruttotonnregister, 81 nrt
Lengd:127,4 fot (38,8 m)
Breidd:29,6 fot (9,0 m)
Djupgang:10,0 fot (3,0 m)
Installert effekt :400 bhk
Framdrift:8cyl. 2T EV DM (Normo i Bergen)
Fart:12 kt
Passasjerar:300 passasjerar
Bilar:30 køyretøy
Karriere Noreg
Eigar:Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Generelle mål Ny motor i 1969
Type:Bilferje
Installert effekt :750 bhk
Framdrift:5cyl. 2T EV DM (Wichmann Motorfabrikk, Rubbestadneset)
Karriere Noreg
Namn:MF «Bergshorn»
Eigar:Birger Larsen, Steinsland i Bergen
Sett i teneste:1983
Heimehamn:Bergen
Karriere Noreg
Namn:MF «Bergshorn»
Eigar:Elcon Finans A/S, Oslo/Bergen
Sett i teneste:1983
Heimehamn:Bergen
Karriere Noreg
Namn:MF «Bergshorn»
Eigar:Bisi A/S, Steinsland
Sett i teneste:Juni 1984
Heimehamn:Bergen
Karriere Noreg
Namn:MF «Bergsjø»
Eigar:A/S Mini Cruise, Fyllingsdalen
Sett i teneste:Mars 1991
Heimehamn:Bergen
Karriere Danmark
Namn:MF «Bergsjø»
Eigar:Ukjend
Sett i teneste:Mai 1994
Heimehamn:Tuborg Havn
Karriere Noreg
Namn:MF «Gamle Hardangerfjord»
Eigar:Johan Brigtsen
Heimehamn:Dimmelsvik
Lagnad:I opplag sidan 2009

MF «Hardangerfjord», og frå 1959 seinare MF «Vøringen», var ei bilferje bygd i 1953 for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap. Ho gjekk i rute for HSD fram til 1983. Ferja kunne ta 30 bilar og 300 passsjerar. I dag ligg ferja i Kvinnherad og har namnet «Gamle Hardangerfjord».

Historie

Ferja vart sett inn i ruta Kvanndal-Utne-Kinsarvik, der ho gjekk fram til 1961, og igjen i 1973. I slutten av 1960-åra gjekk ho i ruta Hatvik-Fusa, og frå 1971 til 1973 i ruta Gjermundshamn-Varaldsøy-Løfallstrand. Dei siste åra for HSD var ho reserveferje.

Ferja vart selt i 1983 og fekk nytt namn, «Bergshorn», og hadde fleire eigarar dei neste åra. I 1991 vart ho omdøypt «Bergsjø», og i 1994 vart ho seld til Danmark, der ho låg i opplag. Fram til juli 2009 låg ferja i København, der det vart nytta som kontorlokale.

I 2009 vart ferja kjøpt av nokre nordmenn og frakta for eigen maskin til Sunnhordland i juli. Sidan oktober 2009 har ferja lagt i Dimmelsvik i Kvinnherad, men maskinen er per februar 2014 ut av drift.

Kjelder

Bakgrunnsstoff