Marble Bar i Vest-Australia

Marble Bar er ein by og ein fjellformasjon i regionen Pilbara nordvest i Vest-Australia. Han er kjend for det ekstremt varme vêret.

Marble Bar
by
Marble Bar i 1898
Land Australia
RegionVest-Australia
Høgd178 moh.
Koordinatar21°10′12″S 119°44′49″E / 21.17000°S 119.74694°E / -21.17000; 119.74694
Areal35 032,9 km²
Folketal 194
Grunnlagd1893
Postnummer6760
Normal maks. temp.35,3 ºC
Normal min. temp.19,9 ºC
Årsnedbør361,7 mm
Kart
Marble Bar i Vest-Australia
21°10′12″S 119°44′49″E / 21.17°S 119.747°E / -21.17; 119.747
Wikimedia Commons: Marble Bar, Western Australia

Historie

Byen vart offisielt grunnlagd i 1893 etter at det vart oppdaga gull i området i 1890 av gullgravaren Francis Jenkins, som har fått ei av gatene i byen kalla opp etter seg.[1] Namnet Marble Bar kjem av eit stykke jaspis i elva Coongan i nærleiken, som ein feilaktig trudde var marmor (marble på engelsk).

I 1891 hadde byen over 5000 innbyggjarar då gullrush i området starta.[2]

I 1895 hadde byen fått rådhus og desse er i dag verna. Dei vart laga av lokal stein og står framleis.

Den kanskje mest kjende bygningen i byen er Ironclad hotell, som vart bygd i 1890-åra, av bølgjeblikk, og det fekk dette namnet av amerikanske gruvearbeidarar som syns dei minna om panserskipa (ironclad på engelsk) frå USA. I 2006 vart Ironclad hotel verna.[3]

Det vart funne fleire store gullklumpar under gullrushet. Den største av dei vog 11,7 kg og vart kalla Bobby Dazzler. To andre på opp mot ti kilogram vart òg funne.

Under andre verdskrigen var bombefly frå United States Army Air Forces og Royal Australian Air Force stasjonerte kring 25 km frå byen ved Corunna Downs Airfield. Allierte fly gjekk til åtak på japanske styrkar så langt borte som Borneo frå denne basen.

Byen hadde ein smalsporsjernbane til Port Hedland fram til tidleg i 1950-åra.

Klima

Marble Bar har eit tørt klima med særs varme somrar og milde til varme vintrar. Byen har verdsrekorden i mengda dagar på rad med 100 ºF (37,8 ºC) eller meir, med 160 dagar frå 31. oktober 1923 til 7. april 1924.[4]

I desember og januar er temperaturar over 45 ºC vanleg og den gjennomsnittlege maks. temperaturen går over den normale kroppstemperaturen til mennesket seks månader av året. Nedbøren kjem hovudsakleg om sommaren i form av regnbyer.

Vêrdata for Marble Bar, Vest-Australia
JanFebMarAprMaiJunJulAugSepOktNovDesÅr
Høgast målte °C49,248,346,74539,535,83537,242,645,647,248,349,2
Gjennomsnittleg maks °C4139,8393630,727,126,829,633,937,640,541,635,3
Gjennomsnittleg min °C26,125,724,821,416,613,211,713,316,720,323,625,519,9
Lågast målte °C18,913,915105,61,12,23,95,61014,4171,1
Gjennomsnittleg nedbør mm76,387,856,721,9232312,66,40,93,89,139,6361,1
Kjelde: Australian Bureau of Meteorology[5]


Nordpolen

Ein stad i nærleiken har fått det ironiske namnet Nordpolen (North Pole) på grunn av varmen. Her finst steinformasjonar som ein trur er av dei første spora etter liv på jorda på grunn av stromatolittar i steinane her. Desse er daterte til 3,4 til 3,5 milliardar år sidan.[6][7][8][9][10][11][12][13][14][15] Dette er derimot omstridd og det vert hevda at stromatolittar som er eldre enn 3,2 mrd. år, ikkje kjem av levande organismar men at dei små kjegleform strukturane i Strelley Pool-formajsonen vart danna av fordamping og ein dom-struktur av chert danna av deformasjon av mjuke sediment.[16][17]

Kjelder