Mount Stromlo-observatoriet

Mount Stromlo-observatoriet ligg like utafor Canberra i Australia, og er ein del av Research School of Astronomy and Astrophysics ved Australian National University (ANU).

Restane av den gamle administrasjonsbygningen med domen til Farnhamteleskopet.
Restane av domen til det 50 tommar store Great Melbourne-teleskopet
Statue av ein astronom og konseptet med kosmisk avstandsstige, skapt av forskaren og kunstnaren Tim Wetherell, laga av ein asimutring og andre delar av Yale-Columbia-teleskopet og øydelagd av Canberra-skogbrannane i 2003, der Mount Stromlo-observatoriet brende ned.

Det vart grunnlagd i 1924 som The Commonwealth Solar Observatory. Mount Stromlo hadde alt blitt nytta for observasjonar det tidlegare tiåret, og eit lite observatorium vart bygd der av Pietro Baracchi i 1911.[1] Domen som husa Oddie-teleskopet var den første bygningen som vart bygd i det nyoppretta Australian Capital Territory. Fram til andre verdskrigen spesialiserte observatoriet seg på sol- og atmosfæreobservasjonar. Etter krigen vart fokuset endra mot stjerne- og galakseastronomi, og det fekk namnet The Commonwealth Observatory.

18. januar 2003 vart Mount Stromlo råka av ein omfattande skogbrann, og fem teleskop, verkstader, sju hus og ein verneverdig bygning vart øydelagd.[2] Det einaste telskopet som overlevde flammane var det 15 cm store Farnham-teleskopet frå 1886. Bitar av observatoriet er i dag på utstilling i National Museum of Australia.[3]

Observatoriet er i dag ein stor partnar i bygginga av Giant Magellan Telescope.[4]


Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Mount Stromlo-observatoriet

35°19′13″S 149°00′25″E / 35.32028°S 149.00694°E / -35.32028; 149.00694