Noaide

Noaide (nordsamisk noaidi, lulesamisk noajdde, sørsamisk nåejttie, skoltesamisk nōjjd, tersamisk niojte, kildinsamisk noojd/nuojd, pitesamisk nåjjde) var ein samisk sjaman, ein ritualleiar i tradisjonell samisk religion. Noaidetradisjonen forsvann i løpet av 1600-talet, då kristendommen blei den dominerande religionen blant samane. Noaiden var ein særs viktig person i samisk kultur, ettersom han fungerte som bindeledd mellom menneska og åndeverda.[1] Det var hans oppgåve å sørga for fruktbarheit og sunnheit, og han var derfor på ein gong prest, lege og vismann. Av styresmaktene blei noaidane sett på som hekser, trollmenn eller magikarar. Mange av dei sjamanistiske førestillingane og rituelle praksisane til samane har stor likskap med tradisjonar funne hjå ei rekke sibirske kulturar.[2]

Samisk sjaman, avbilding frå 1700-talet.

Praksis og opphav

Teikning av ein noaide av Johannes Schefferus frå Lapponia frå 1673.
Kopi av runebomma til Anders Paulsen, som blei konfiskert i 1691. Paulsen blei arrestert for trolldom og drepen medan han var i fangenskap.[3]

Den samiske kulturen oppfatta noaidar som mellommenn mellom menneska og gudane, og for å kunne utføra verv, måtte dei kunne kommunisera med gudane og stilla dei spørsmål for til dømes å få svar på kva for offer gudane måtte ha for å hjelpa menneska. Den viktigaste reiskapen til noaiden var ei runebomme. På denne tromma slo han rytmisk og intenst med ein hammar forma som ein T eller F, laga av reinsdyrhorn. Joik blei òg brukt. Under ritualet brukte noaiden tromme og song til han kom i transe eller ekstase og gav seg ut på ei reise til åndeverda. Det var no muleg for han å sjå både framtida, fortida og å tala med dei døde. Han kunne få melding frå gudane om kor det var bytte eller bjørnar, ulvar og andre farar. I transen kunne han òg heila, frigjera sjeler og spå. Han kunne få melding frå gudane om ein skulle ofra noko til dei. Noaiden kunne såleis avgjera kva for offer som var nødvendige for å stabilisera balansen mellom verdene til dei døyelege og dei udøyelege.

Utøvinga til noaidane er hovudsakleg kjend frå arkeologiske funn av reiskapar, rettsprotokollar og rapportar frå misjonærar. Slike beretningar kan ikkje reknast som objektive, ettersom noaidane sin praksis blei sett på som skadeleg «trolldom »av forfattarane. Han blei forboden av styresmaktene, og tradisjonell religiøs praksis blei forfølgd.[1] Noaidar blei i nokre høve straffa med døden om dei blei funne skuldige i å ha praktisert «trolldom».

Det er usikkert kvar noaidetradisjonen stammar frå. Blant finnane fanst det eit liknande fenomen kalla noita, men det har ikkje vore mogleg å avgjera kva for kultur som var utgangspunkt for tradisjonen.

Folkemusikk

Delar av tradisjonen blei bevart i folkloristiske forteljingar om sjamanar.[4] Nokre av dei moderne joikemelodiane blei òg brukte til sjamanistiske ritual.[5] Fram til nyleg blei joik framført i to ulike former, der den eine berre blei sungen av unge. Til den andre blei det brukt ein spesiell «mumlestil», og det er muleg at han bygger på ein rituell tradisjonen. Opphavet til desse skilnadene er ukjent.[6]

Kjelder

Litteratur

  • Deschênes, Bruno (2002). «Inuit Throat-Singing». Musical Traditions. The Magazine for Traditional Music Throughout the World. 
  •   Diószegi, Vilmos (1960). Sámánok nyomában Szibéria földjén. Egy néprajzi kutatóút története (på ungarsk). Budapest: Magvető Könyvkiadó.  Boka er omsett til engelsk: Diószegi, Vilmos (1968). Tracing shamans in Siberia. The story of an ethnographical research expedition. oversat fra ungarsk af Anita Rajkay Babó. Oosterhout: Anthropological Publications. 
  •  Hoppál, Mihály (2005). Sámánok Eurázsiában (på ungarsk). Budapest: Akadémiai Kiadó. ISBN 963-05-8295-3.  Tittelen tyder 'Sjamanar i Eurasia'. Boka er også utgjeven på tysk, estisk og finsk. Nettstaden til utgjevaren Arkivert 2010-01-02 ved Wayback Machine.
  •  Hoppál, Mihály (2006). «Music of Shamanic Healing». I Gerhard Kilger. Macht Musik. Musik als Glück und Nutzen für das Leben. Köln: Wienand Verlag. ISBN 3879098654. Arkivert frå originalen (PDF) 14. januar 2008. Henta 6. april 2009. 
  • Nattiez, Jean Jacques, Inuit Games and Songs • Chants et Jeux des Inuit, Musiques & musiciens du monde • Musics & musicians of the world, Montreal: Research Group in Musical Semiotics, Faculty of Music, University of Montreal . Songane er tilgjengelege online frå ethnopoetics.
  •  Szomjas-Schiffert, György (1996). Lapp sámánok énekes hagyománya • Singing tradition of Lapp shamans (på ungarsk og engelsk). Budapest: Akadémiai Kiadó. ISBN 963 05 6940 X. 
  •  Voigt, Vilmos (1966). A varázsdob és a látó asszonyok. Lapp népmesék. Népek meséi (på ungarsk). Budapest: Európa Könyvkiadó.  Tittelen betyr omsett Den magiske tromma og dei klarsynte kvinnene. Samiske folkesegner.