Nordjukagirsk

Nordjukagirsk eller tundrajukagirsk er det eine av to jukagirske språk. Det blir snakka av 30–150 menneske i det austlege Sibir, i Magadan oblast og republikken Sakha.

Nordjukagirsk
Klassifiseringjukagirske
   Nordjukagirsk
Bruk
Tala iRussland
OmrådeSibir
Nordjukagirsktalande i alt30–150
Rangeringikkje blant dei 100 største
SkriftsystemKyrillisk
Språkkodar
ISO 639-3ykg

Fonologi

Vokalar

FremreBakre
Trongi, iːu, uː
Halvtronge, eː
ø, øː
o, oː
Opena, aː

Dei lange midtre vokalane /eː/, /øː/ og /oː/ blir uttalt som diftongar [ie], [uø] ja [uo] i trykksterk staving.

Konsonantar

BilabialAlveolarPalatalVelarUvular
Plosivarpbtdkgq
Frikativarsʁ
Nasalarmnŋ
Lateralarl
Tremulantarr
Halvvokalarwj

Uvular frikativ /ʁ/ blir uttalt som plosiv [ɢ] etter velar nasal /ŋ/.

Staving

Stavingsstrukturen er KVK, eller høgst ein konsonant kan opptre i byrjinga og slutten av ordet, og det kan vere høgst to konsonantar etter kvarandre midt i ordet.