Peter Lorange

Peter Lorange (fødd 17. april 1943) er ein norsk samfunnsøkonom (siviløkonom). Han er busett i Sveits, og er skiparen og eigaren av Lorange Institute of Business Zurich i Zürich, der han er arbeidande styreformann og rektor.

Peter Lorange
StatsborgarskapNoreg
Fødd17. april 1943 (81 år)
Yrkesamfunnsøkonom
Språkengelsk, norsk, tysk

Lorange er utdanna som siviløkonom hjå Norges Handelshøyskole i Bergen, og tok seinare mastergrad ved Yale University, og etter dette Doctor of Business Administration ved Harvard University, som båe er private universitet i USA.

Lorange har vore rektor ved Handelshøyskolen BI i Oslo (1989-1993), professor ved Wharton School ved University of Pennsylvania i USA og Kristian Gerhard Jebsen Professor of International Shipping ved International Institute for Management Development (IMD) i Lausanne i Sveits. Han er forfattar av ein rad vitskaplege bøker og artiklar, og har seks æresdoktorgradar, mellom anna frå Lunds universitet i Sverige. I 2010 vart han utnemnd til kommandør av Den Kongelege Norske Fortenesteordenen «for fortjenstfullt virke for fremme av norske næringslivsinteresser internasjonalt»[1]

Peter Lorange er eigar av selskapet S. Ugelstad Invest AS.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff