Roko Blažević

Roko Blažević (fødd 10. mars 2000), kjend som Roko, er ein kroatisk songar. I februar 2019 vann han den TV-sende songtevlinga Dora på tv-kanalen HRT, og han representerte Kroatia i Eurovision Song Contest 2019 med songen «The Dream».

Roko Blažević

Fødd10. mars 2000 (24 år)
FødestadSplit
OpphavKroatia
Aktiv2017–
Sjangerpop
Instrumentvokal, piano, orgel
PlateselskapCroatia Records
Verka somsongar

Bakgrunn

Blažević vart fødd i Split i 2000 og vaks opp i ein musikalsk familie.[1] Han byrja å syngje allereie som barn og lærte etter kvart å spela piano og orgel. Som 12-åring vart han med i ei lokal songgruppe, og sidan har han delteke i fleire talentshow i Kroatia og utlandet. Blant desse er Imagine Festival i Brussel og det kroatiske tv-programmet Zvjezde ('stjerner'), der han hadde songaren Jacques Houdek som mentor.[2] Blažević vann òg det serbiske TV-programmet Pinkove Zvezdice ('Stjernene til Pink') i 2017.

I februar 2019 deltok Blažević i den TV-sende songtevlinga Dora 2019 med songen «The Dream». Han vann tevlinga etter å ha fått toppoeng frå både juryane og tv-sjåarane, og han fekk dimed representere Kroatia i Eurovision Song Contest 2019.[1] I semfinalen enda Blažević og songen «The Dream» på ein 14. plass og var dimed ikkje kvalifisert til finalen laurdag 18. mai.[3]

Kjelder