Statthaldarar i Noreg
Statthaldarembetet i Noreg vart skipa i 1572 og vara fram til 1739 med avbrot for åra 1583-88. Embetet blei oppretta att i 1750 og lagd ned i 1771.[1] Embetet blei oppretta att under Napoleonskrigane.
Statthaldar (frå nedertysk Statthalter, 'stadfortredar') er ei nemning på ein person som styrer eit større område på vegner av andre.
Statthaldaren var normalt òg lensherre over Akershus og han var etter tradisjonell meining òg den høgaste myndigheita i Noreg. Men om ein samanliknar med andre lensherrar og - etter 1660 - amtmenn synest han å ha vore den fyrste blant likemenn meir enn ein overordna. Påverknaden statthaldarembetet hadde varierte med innehavarane.[2][1] Det er fleire opphald i kontinuiteten. Det kan delvist forklarast med at oppgåvene i embetet var færre i dei fyrste åra og at det difor var mindre behov for ein kontinuerleg «jourhavande». Kongen kunne og vente med å nemne ut eller leggja ned embetet om han meinte det tente han betre ikkje å ha ein sjølvstendig, pro-norsk aktør i Noreg.
Statthaldarar 1572–1814
Perioden omfattar tida under den dansk-norske unionen. Embetet som statthaldar var med enkelte avbrot besatt til 1771.
- Povel Huitfeldt (1572–1577)
- Ludvig Munk (1577–1583)
- Axel Gyldenstjerne (1588–1601)
- Jørgen Friis (1601–1608)
- Enevold Kruse (1608–1618)
- Jens Juel (1618–1629)
- Christoffer Urne (1629–1642)
- Hannibal Sehested (1642–1651)
- Gregers Krabbe (1651–1655)
- Niels Trolle (1656–1661)
- Iver Krabbe (1661–1664)
- Ulrik Fredrik Gyldenløve (1664–1699)
- Waldemar Løvendal (1710–1712)
- Ditlev Vibe (1721–1731)
- Christian Rantzau (1731–1739)
- Embetet lagt ned 1739–50
- Karl av Hessen (titulær statthaldar) (1766–1770)
- Jacob Benzon (1770–1771)
- Embetet lagt ned 1771–1809
- Christian August (1809–1810)
- Frederik av Hessen (1810–1813)
- Kristian Fredrik (1813–1814)
Statthaldarar 1814–1856
Statthaldar, Statholder eller Vice-Konge var under første del av Unionen mellom Noreg og Sverige (1814–1905) namnet på stillinga som leiar for den norske regjeringa og øverstkommanderande for det norske forsvaret når monarken sjølv ikkje inntok denne posisjonen. Embetet blei skipa da den reviderte norske grunnlova av 4. november 1814 trådde i kraft. Paragraf 12, 13 og 15 bestemte at ein statthaldar kunne bli peika ut.[3] Statthaldaren skulle bu i Christiania og leie den norske regjeringa når kongen var i Stockholm. I korte periodar fungerte kronprinsane som visekongar.
- Hans Henrik greve von Essen (1814–1816)
- Carl Carlsson greve Mörner (1816–1818)
- Johan August greve Sandels (1818–1827)
- Johan August greve Sandels (1824–1827)
- Baltzar Bogislaus greve von Platen (1827–1829)
- embetet ubesatt (1829–1836)
- Herman lensgreve Wedel-Jarlsberg (1836–1840)
- Severin Løvenskiold (1841–1856)
- embetet ubesatt (1856–1873)
Lista er frå artikkelen Stattholdere og visestattholdere i Norge 1572–1873 av Tor Ragnar Weidling i Store norske leksikon.[4]