Danmark-Noreg

Danmark-Noreg var ein personialunion mellom kongeriket Danmark og kongeriket Noreg som også omfatta Island, Grønland og Færøyane. I tida frå 1387 til 1814 var desse kongerika styrte av éin sams konge. Særleg vert Danmark-Noreg nytta som ei nemning på rika i tida etter reformasjonen i 1537, eller frå 1523, då Kalmarunionen braut saman. Etter reformasjonen i 1537 var ikkje noko eige norsk riksråd til, og kongen fekk meir makt.

Danmark–Norge
Personalunion

1523–1814
 

FlaggVåpen
FlaggVåpen
Plasseringa til Danmark–Noreg
Plasseringa til Danmark–Noreg
Kart over Danmark–Noreg rundt 1780.
HovudstadKøbenhavn
SpråkDansk og norsk, også tysk, islandsk, færøysk, samisk, grønlandsk. Berre dansk og tysk var nytta som skriftspråk.
ReligionLutheranisme
StyreformValkongedøme til 1660, einevelde frå 1660
KongeFrederik I av Danmark-Noreg (den første)
Frederik 6. (sidste)
Historisk periodeTidleg moderne Europa
 - Gustav Vasa vald som konge av Sverige6. juni 1523
 - Samanbrotet av Kalmarunionen1523
 - Rigkrådet avskaffa14. oktober 1660
 - Lex Regia stadfesta eineveldet14. november 1665
 - Freden i Brømsebro
 - Roskildefreden26. februar 1658
 - Freden i Kiel14. januar 1814
 - WienerkongressenSeptember 18149. juni 1815
Innbyggjarar
 - 1645 est.1,315,000³ 
 - 1801 est.1,859,000³ 
ValutaRiksdalar og skillingar
¹ Frederik 6. var regent for far sin, og var de facto konge frå 14. april 1784. Han forsette å regjera Danmark etter freden i Kiel til han døydde i 1839.

² Danmark (43 094 km²), Slesvig-Holstein (15 763 km²), Noreg (hovudland) (324 220 km²), Færøyane (1 399 km²), Island (103 000 km²). (Pluss Grønland med 2 175,600 km².)
³ 1645: Estimert 825 000 i Danmark, 440 000 i Noreg og 50 000 på Island[1]
1801: 929 000 i Danmark, 883 000 i Noreg og 47 000 på Island[2]

Nemninga «Kongeriket Danmark» vert av og til nytta om området som dei oldenburgske kongane rådde over etter 1536. Hertugdøma Slesvig og Holstein hadde kongane herredøme over som hertug. Dei vart ikkje rekna med i kongeriket Danmark.

Tida under Danmark vert gjerne kalla dansketida i Noreg, og var dei fyrste 434 år av unionstida. På 1800-talet vart tidsrommet omtala som «400-års-natta».

Namn

Omgrepet Danmark-Noreg (og dansketida) er berre brukt i moderne tid. I samtida blei heilstaten omtalt som Danmark, den danske krona (kron zu Dennemarck) eller Tvillingrigerne.[3]

Historie

Tidsline

Administrasjon

Administrativ inndeling

Forvaltingsområda hadde nemningane len og syssel.

Amt var frå 19. februar 1662 eit namn på forvaltingsområda i Danmark og dei i notidas Noreg .

Koloniar

Sankt Thomas i det karibiske havet blei erobra av Danmark-Noreg i 1666, og frå 1672 hadde styresmaktene kontroll over øya gjennom Vestindisk-guineisk Kompagni.Dansk-norsk slavehandel tok til i 1673.[4]

Frå Danmark-Noreg starta kolonitida si til transatlantisk slavehandel blei forbode den 1. januar 1803 skal det ut frå rekneskap ført på norske og danske skip ha blitt frakta rundt 85 000 personar frå Afrika som slavar til St. Thomas, St. Jan og St. Croix.[4]

Kjelder

Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.