Tsuchigumo

Tsuchigumo (土蜘蛛),[1] bokstaveleg omsett ‘jordedderkopp’, er ein historisk japansk nedverdigande term for opprørske lokale klanar, og dessutan namnet på ein type av edderkopp-liknande yōkai i japansk folklore.

Tsuchigumo

«Tsuchigumo» frå Konjaku Gazu Zoku Hyakki av Sekien Toriyama.
Tsuchigumo frå Bakemono no e-rullen, no ved Brigham Young University.

Kjempeedderkoppen tsuchigumo opptredde fyrst som ein oni-aktig yōkai i litterære verk frå mellomalderen. Det mest representative av desse verka er Soga om Heike, (Heike Monogatari), som blei samla i fyrste halvdel av 1200-talet, der vesenet opptrer under namnet 山蜘蛛 (yamogumo fjelledderkopp). Forma til ein tsuchigumo utvikla seg til å bli meir bisarr med tida.[2] I emakimonoen Tsuchigumo Sōshi frå 1300-talet er ein tsuchigumo skildra som ein kjempe-yōkai på 60 meter, og då han blei drepen kom 1 990 hovud ut av magen hans. Minamoto no Yorimitsu og Watanabe no Tsuna, som var med på å nedkjempa tsuchigumoen i desse sogene, er japanske sogeheltar som også opptrer i soga om den mektige onien Shuten-dōji.[3] Tsuchigumoar opptrer også som yōkaiar i verka innan no-, jōruri og kabuki-tradisjonane.[4]

Tsuchigumo Sōshi, del åtte til tretten.

Kjelder