Valerij Podluzjnyj

Valerij Vasiljevitsj Podluzjnyj[a] (fødd 22. august 1952) i Donetsk er ein ukrainsk lengdehoppar som representerte Sovjetunionen. Han vann gullmedaljen i EM 1974 i Roma og bronsemedaljen under OL 1980 i Moskva.

Valerij Podluzjnyj
StatsborgarskapSovjetunionen, Ukraina
Fødd22. august 1952
Donetsk
Død

4. oktober 2021 (69 år)
Brovary

Yrkefriidrettsutøvar
Høgd175 centimeter

Aktiv

Etter at han hadde vorte junior-europameister i tresteghopp i 1970 satsa Podluzjnyj på lengdehopp. Han nærma seg europa-eliten i lengdehopp i 1972-sesongen, då han sette personleg rekord med 7,88 m. I 1973-sesongen tok han steget opp i verdseliten og vann unversiaden med eit hopp på 8,15 m. Året etter vann han lengdetevlinga i både i landskampen Sovjetunionen-USA og i landskampen Sovjet-Vesttyskland-Frankrike. Under europameisterskapen 1974 i Roma sigra han med 8,12 meter, før han seinare i sesongen flytta den personlege rekorden til 8,17 meter.

I 1979 vann Podluzjnyj lengdehopp i unversiaden for andre gong, med sterke 8,16 meter. Året etter, i finalen under sommarleikane i Moskva, gjorde han sitt livs lengste hopp med 8,18 meter, noko som heldt til bronsemedalje.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Merknadar

Kjelder