Lengdehopp

Lengdehopp eller lengdesprang er ei grein innan friidrett som går ut på å hoppa så langt ein kan i eitt hopp. Lengdehopp med tilløp går ut på å hoppa lengst mogleg etter å ha sprunge og teke sats frå ein planke. Dette er ei internasjonal øving som kan vera ei eiga tevling eller del av mangekamp - i tikamp for menn og sjukamp for kvinner. Stille lengde går føre seg innandørs utan tilløp, og er ikkje ei internasjonal øving.[1] Lengdehopp er kjend frå den greske olympiaden, og har vore med i dei moderne olympiske leikane sidan dei blei innstifta. Ei liknande øving er tresteg.

Døme på lengdehopp.

Rekordar

Mike Powell sette den noverande verdsrekorden i lengdehopp i 1991.

Verdsrekorden i lengdehopp for menn er 8,95 m. Denne blei sett av Mike Powell i VM i friidrett 1991. Han forbetra då Bob Beamon sin verdsrekord på 8,90 m frå OL i Mexico i 1968. Rett før verdsrekord-hoppet til Powell hoppa Carl Lewis 8,91 m, men med for mykje medvind til at hoppet kunne bli godkjend som verdsrekord. For kvinner er rekorden 7,52 m. Denne blei sett av Galina Tsjistjakova i Leningrad i 1988.

Noregsrekorden for lengdehopp er 8,02 m. Denne blei sett av Kristen Fløgstad på Bislett den 4. august 1973. Per juli 2015 er dette den eldste individuelle noregsrekorden i friidrett. For kvinner er rekorden 6,68 m. Denne blei sett av Margrethe Renstrøm under EM i Barcelona den 27. juli 2010. Renstrøm slo då sin eigen rekord på 6,64 frå noregsmeisterskapet i 2009, då ho utraderte den 41 år gamle norske rekorden til Berit Berthelsen på 6,56 meter frå Bislett den 10. september 1968.[2]

Verdsrekordutvikling

Menn

Jesse Owens heldt verdsrekorden frå 1935 til 1960.
Lengde (m)NamnLandDatoStad
7,61Peter O'ConnorGBR05.08.1901Dublin
7,69Edward GourdinUSA23.07.1921Cambridge
7,76Robert LeGendreUSA07.07.1924Paris
7,89William DeHart HubbardUSA13.06.1925Chicago
7,90Edward HammUSA07.07.1928Cambridge
7,93Silvio CatorHAI09.09.1928Paris
7,98Chuhei NambuJPN27.10.1931Tokyo
8,13Jesse OwensUSA25.05.1935Ann Arbor
8,21Ralph BostonUSA12.08.1960Walnut
8,24Ralph BostonUSA27.05.1961Modesto
8,28Ralph BostonUSA16.07.1961Moskva
8,31Igor Ter-OvanesjanURS10.06.1962Jerevan
8,31Ralph BostonUSA15.08.1964Kingston
8,34Ralph BostonUSA12.09.1964Los Angeles
8,35Ralph BostonUSA29.05.1965Modesto
8,35Igor Ter-OvanesjanURS19.10.1967Mexico by
8,90Bob BeamonUSA18.10.1968Mexico by
8,95Mike PowellUSA30.08.1991Tokyo

Kvinner

* : Godkjent som verdsrekord gjennom den internasjonale idrettsorganisasjonen for kvinner FSFI, før Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) registrerte verdsrekordar for kvinner.

LengdeNamnLandDatoStad
5,16 *Marie Mejzlíková IITCH06.08.1922Praha
5,30 *Marie Mejzlíková IITCH23.09.1923Praha
5,485 *Muriel GunnGBR02.08.1926London
5,50 *Kinue HitomiJPN28.08.1926Göteborg
5,575 *Muriel GunnGBR01.08.1927London
5,98Kinue HitomiJPN20.05.1928Osaka
6,12Christel SchulzGER30.07.1939Berlin
6,25Fanny Blankers-KoenHOL19.09.1943Leiden
6,28Yvette WilliamsNZL20.02.1954Gisborne
6,28Galina VinogradovaURS11.09.1955Moskva
6,31Galina VinogradovaURS18.11.1955Tbilisi
6,35Elzbieta KrzesinskaPOL20.08.1956Budapest
6,35Elzbieta KrzesinskaPOL27.11.1956Melbourne
6,40Hildrun ClausGDR07.08.1960Erfurt
6,42Hildrun ClausGDR23.06.1961Berlin
6,48Tatjana SjtsjelkanovaURS16.07.1961Moskva
6,53Tatjana SjtsjelkanovaURS10.06.1962Leipzig
6,70Tatjana SjtsjelkanovaURS04.07.1964Moskva
6,76Mary RandGBR14.10.1964Tokyo
6,82Viorica ViscopoleanuROM14.10.1968Mexico by
6,84Heide RosendahlFRG03.09.1970Torino
6,92Angela VoigtGDR09.05.1976Dresden
6,99Sigrun SieglGDR19.05.1976Dresden
7,07Vilma BardauskieneURS18.08.1978Chișinău
7,09Vilma BardauskieneURS29.08.1978Praha
7,15Anișoara CușmirROM01.08.1982București
7,20Vali IonescuROM01.08.1982București
7,21Anișoara CușmirROM15.05.1983București
7,27Anișoara CușmirROM04.06.1983București
7,43Anișoara CușmirROM04.06.1983București
7,44Heike DrechslerGDR22.09.1985Berlin
7,45Heike DrechslerGDR21.06.1986Tallinn
7,45Heike DrechslerGDR03.07.1986Dresden
7,45Jackie Joyner-KerseeUSA13.08.1987Indianapolis
7,45Galina TsjistjakovaURS11.06.1988Leningrad
7,52Galina TsjistjakovaURS11.06.1988Leningrad

Kjelder

Bakgrunnsstoff