The Guardian er ei britiskavis gjeven ut av The Guardian Media Group plc i London. Den internasjonale utgåva, The Guardian Weekly, vert gjeven ut kvar veke over heile verda. Ho inneheld òg artiklar frå den britiske søndagsavisa The Observer, USA-amerikanskeThe Washington Post og franskeLe Monde.
The Guardian vart opphavleg grunnlagd som The Manchester Guardian i 1821 i Manchester, og fekk det noverande namnet sitt i 1959. Tradisjonelt var ho knytt til det britiske liberale partiet. Under den spanske borgarkrigen støtta den venstresida og var den einaste noverande britiske avisa som ikkje støtta Francisco Francos nasjonalistar. The Guardian er ei av dei mest velsette avisene i Storbritannia, og er kjend for å vere uavhengig og ha høg journalistisk standard.
I 2005 endra avisa format frå det tradisjonelle fullformatet (broadsheet) til berlinar (midi), blant anna som eit svar på at aviskonkurrentar som The Times og The Independent gjekk over til tabloidformat.
I november 2005 hadde avisa eit dagleg opplag på rundt 380 000 eksemplar.