Åge Hareide

norsk fotballspelar

Åge Fridtjof Hareide (fødd 23. september 1953) er ein fotballtrenar og tidlegare fotballspelar. Hareide har mange års bakgrunn frå norsk og internasjonal fotball, både som spelar og trenar.

Åge Hareide

StatsborgarskapNoreg
Fødd23. september 1953 (70 år)
Hareid kommune
Yrkefotballspelar, fotballtrenar
Språknorsk
Høgd180 centimeter
Åge Hareide på Commons

Som spelar var han innom Hødd, Molde, Manchester City og Norwich City. Han spelte 50 kampar på det norske landslaget og laga 5 mål.

Som trenar har han trent det norsk fotballandslaget for menn, Molde, Helsingborg, Brøndby, Rosenborg og Örgryte. Han tok Helsingborg og Rosenborg til seriemeisterskap, og Molde og Helsingborg til kvart sitt cupmeisterskap.

Han har, som Giovanni Trappatoni, Trond Sollied og Sven-Göran Eriksson, vunne seriegull i tre ulike, europeiske land.

Karriere som spelar

KlubbKamper*Mål*Periode
Hødd37**2**1970-1975
Molde81**21**1975-1981
Manchester City2401981-1982
Norwich4021982-1984
Molde72101984-1987

* Berre seriekampar.
** Berre eliteseriekampar.