Rosenborg Ballklub

Rosenborg Ballklub (RBK) er ein fotballklubb frå Trondheim. A-laget for menn spelar i Eliteserien (2020) og Rosenborg2 spelar i 2. divisjon avdeling 2. Noverande hovudtrenar er Alfred Johansson.

Rosenborg

Fullt namnRosenborg Ballklub
KallenamnTroillongan, Troillan
Kort namnRBK
Grunnlagd19. mai 1917
Heimebane
(kapasitet: 21 405 seter[1])
StyreleiarCecilie Gotaas Johnsen
SportsdirektørMikael Dorsin
HovudtrenarAlfred Johansson
SupporterklubbKjernen
LigaEliteserien
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Noverande sesong

Klubben vart stifta i 1917 under namnet Odd, men skifta namn til Rosenborg Ballklub i 1927. Dei har imponert både ved at dei vann Tippeligaen 13 sesongar på rad (19922004) (i Europa berre slått av Skonto Riga, Latvia), og ved å kvalifisere seg til Meisterligaen kvart år sidan starten, med unnatak av hausten 2003 og 2006. I 2005 kom Rosenborg berre på 7. plass i eliteserien, men vann att i 2006.

Troppen til A-laget

Oppdatert 6. januar 2024.[2]Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr.PosisjonSpelar
2 FErlend Dahl Reitan
3 FJonathan Augustinsson
6 MBSanteri Väänänen
7 FMarkus Henriksen
8 MBTobias Børkeeiet
9 AOle Sæter
10 MBOle Selnæs
11 AJayden Nelson
14 AEmil Frederiksen
16 FHåkon Røsten
Nr.PosisjonSpelar
17 AIsak Thorvaldsson
18 MBMorten Bjørlo
19 FAdrian Pereira
20 MBEdvard Tagseth
21 Olaus Jair Skarsem
22 AAgon Sadiku
23 FUlrik Yttergård Jenssen
24 KSander Tangvik
25 FAdam Andersson
27 ANoah Jean Holm
28 ARasmus Wiedsheim-Paul
32 FLeo Cornic
38 FMikkel Konradsen Ceide
39 MBMarius Broholm
40 FPaweł Chrupałła
41 MBSverre Nypan
KRasmus Sandberg

Historie

Klubben har hatt to gullaldrar. I 1960-åra spelte klubben seg opp frå å vera eit ukjent lag, til å vinne cupen to gonger (i 1960 og i 1964), og dessutan serien to gonger (i 1967 og i 1969). Av dei mest kjende spelarane frå denne tida, er Odd Iversen og Harald Sunde.

RBK tok sølv i serien i 1970 og tok «The Double» i 1971. Sunde og Iversen vart selt som par til Racing Mechelen i 1970. Sunde kom tilbake til Rosenborg i 1972, Iversen i 1973.

Neste gullalder starta med seriegull i 1985, og etter at Nils Arne Eggen gjorde comeback som trenar i Rosenborg i 1988, har klubben dominert norsk fotball.

Trond Sollied trente klubben eit mellomår for Eggen i 1998. Da Eggen gav seg i 2003, tok Åge Hareide over som trenar, men han slutta for å bli trenar for herrelandslaget etter berre eitt år. Tidlegare assistenttrenar Ola By Rise tok over trenarjobben året etter, men fekk sparken etter den eine sesongen, sjølv om laget vann Tippeligaen – rett nok med eit naudskrik – og kvalifiserte seg for Meisterligaen igjen. Assistenttrenar for Ola By Rise, Per Joar Hansen, tok da over som hovedtrenar, og fekk med seg Nils Arne Eggen, Bjørn Hansen og Rune Skarsfjord som i støtteapparatet på trenarsida.

Ut over i sesongen 2005, synte det seg at resultata vart dårlegare enn forventa. Den 7. august gjekk Per Joar Hansen av som trenar. Den 8. august vart det klart av Per-Mathias Høgmo vart ny hovudtrenar. Etter ein dårleg start under Høgmo si leiing, gjekk det betre mot slutten av 2005-sesongen. Rosenborg blei til slutt nr. 7 i eliteserien. Høgmo leia også Rosenborg til gruppespelet i meisterligaen. Hausten 2006 vart Høgmo sjukmeldt, og klubben vart leidd fram til seriemeisterskap av Knut Tørum. Høgmo trekte seg 31. oktober 2006, og Tørum tok da over som trenar. 25. oktober 2007 vart det kjent at Tørum hadde fått sparken på grunn av manglande resultat i serien, og assistentrenar Trond Henriksen tok over trenarjobben. Trenarskiftet vart offentleggjort dagen etter at Rosenborg hadde slått Valencia 2-0 i Meisterligaen.

Meisterligaen

RBK har delteke i Meisterligaen (engelsk: Champions League) kvart år sidan 1995, med unnatak av hausten 2003, da dei rauk ut i kvalifiseringa og måtte spela UEFA-cup i staden, og 2006, da dei pga. 7. plass i Noreg året før ikkje spelte kvalifisering. Som ein av dei største prestasjonane til RBK, hugsar mange 2–1-sigeren borte mot AC Milan i desember 1996. Han førte til at AC Milan vart slått ut etter gruppespelet, og RBK gjekk vidare til kvartfinalen. Der vart likevel RBK slått ut av Juventus, etter å ha spelt 1–1 heime og tapt 2–0 i Torino.

Stadion

Lerkendal stadion vart innvidd 10. august 1947 og fekk installert flaumlys i 1968. «Nye Lerkendal» stod ferdig i oktober 2002 og har ein kapasitet på 21 166 tilskodarar.

Publikumsrekorden er 28 619, frå 15. oktober 1985, i ein seriekamp mot Lillestrøm.

Triumfar

Seriemeisterskap

1967, 1969, 1971, 1985, 1988, 1990, 1992, 1993, 1994, 1995, 1996, 1997, 1998, 1999, 2000, 2001, 2002, 2003, 2004, 2006, 2009, 2010, 2015, 2016, 2017, 2018.

Cupmeisterskap

1960, 1964, 1971, 1988, 1990, 1992, 1995, 1999, 2003, 2015, 2016 og 2018.

Toppscorarar i serien

ÅrNamnMål
1967Odd Iversen17
1968Odd Iversen30
1969Odd Iversen26
1970Erling Meirik5
1971Bjørn Wirkola og Arne Hansen6
1972Arne Hansen9
1973Odd Iversen9
1974Odd Iversen11
1975Odd Iversen9
1976Magnar Florholmen11
1977Steinar Nilsen og Kjell Øyasæther3
1979Viggo Sundmoen og Jørgen Sørli7
1980Viggo Sundmoen11
1981Odd Iversen9
1982Sverre Brandhaug9
1983Håvard Moen8
1984Sverre Brandhaug13
1985Gøran Sørloth12
1986Sverre Brandhaug7
1987Andre Nieuwlaat9
1988Sverre Brandhaug10
1989Jahn Ivar Jakobsen18
1990Jahn Ivar Jakobsen17
1991Karl Petter Løken12
1992Tore André Dahlum13
1993Gøran Sørloth7
1994Harald Martin Brattbakk17
1995Harald Martin Brattbakk26
1996Harald Martin Brattbakk28
1997Sigurd Rushfeldt25
1998Sigurd Rushfeldt27
1999Sigurd Rushfeldt15
2000Frode Johnsen9
2001Frode Johnsen17
2002Harald Martin Brattbakk17
2003Harald Martin Brattbakk17
2004Frode Johnsen19
2005Thorstein Helstad13
2006Steffen Iversen17
2007Steffen Iversen13
2008Steffen Iversen10
2009Rade Prica17
2010Steffen Iversen14
2011Rade Prica16
2012Rade Prica11
2013John Chibuike9
2014Alexander Søderlund13
2015Alexander Søderlund22
2016Christian Gytkjær19

Klubbprofilar

Med 16 seriegull og fem kongepokalar er Roar Strand den mestvinnande spelaren i norsk fotball
Kåre RønnesJan HansenBent Skammelsrud
Sverre FornesOla By RiseErik Hoftun
Eldar HansenSverre BrandhaugRoar Strand
Nils Arne EggenKnut Torbjørn EggenHarald Martin Brattbakk
Odd IversenGøran SørlothSteffen Iversen
Tor Røste FossenRune BratsethSigurd Rushfeldt
Jan ChristiansenKarl Petter LøkenFredrik Winsnes
Harald SundeKåre Ingebrigtsen
Erling MeirikØrjan Berg
Svein GrøndalenJahn Ivar Jakobsen

Kjelder

Bakgrunnsstoff