Den norske eliteserien i fotball

(Omdirigert frå Eliteserien i fotball)

Eliteserien er den øvste divisjonen i norsk herrefotball.

Den norske eliteserien i fotball
Land Noreg
RegionUEFA
ForbundNFF
Grunnlagt1937
Tal på klubbar16
Nedrykk til1. divisjon fotball for herrar
Nasjonal cupNM i fotball for herrar
TurneringarMeisterligaen
Europaligaen
Flest titlarRosenborg (22)

Det offisielle namnet var frå 1991 til 2017 Tippeligaen, etter at Norsk Tipping gjekk inn som hovedsponsor, men namnet Eliteserien vart nytta av dei fleste avisredaksjonar og medium som ikkje har senderettar for Tippeligaen. Serien har tidlegare vore kjent under namna Norgesserien (1937–1948), Hovedserien (1948–1962) og 1. divisjon (1963–1990). Namnet Toppserien har òg blitt brukt, men er offisielt blitt overtatt av Toppserien for kvinner. Sesongen 1961/62 vart kjent som «maratonserien» fordi han bestod av 16 lag og strekte seg over eitt og eit halvt år. Det offisielle namnet var likevel framleis Hovedserien.

Eliteserien bestod av 14 lag frå 1995 til 2008. Frå og med Tippeligaen 2009 vart serien utvida til 16 lag. Laga spelar to kampar mot kvar motstandar (heime og borte) i løpet av sesongen, som strekkjer seg frå vår til haust. Dermed spelar kvart lag 30 kampar i Eliteserien.

Laga vert rangert etter:

  1. mengde poeng (3 for seier, 1 for uavgjort, 0 for tap)
  2. målskilnaden (talet på skåra mål minus talet på mål sleppte inn)
  3. talet på skåra mål
  4. resultata i oppgjer mellom laga

Dei to laga som er på 15. og 16. plass ved sesongslutt rykker ned, medan laget som kjem tredje sist må spela kvalifiseringskampar mot lag frå Adeccoligaen (divisjonen under Tippeligaen) om den siste plassen i Eliteserien neste år.

Sidan namneendringa til Tippeligaen var serien frem til 2005-sesongen dominert av Rosenborg, som vann tittelen tretten år på rad (1992–2004). Seriemeisteren har rett til å spele kvalifisering til Meisterligaen neste sesong, medan serietoar og -trear, saman med cupvinnaren, får plass i kvalifiseringa til Europaligaen (fram til 2009 kalla UEFA-cupen).

Ulike seriesystem – gradvis utviding av mengd lag og endringar av kvalifiseringsreglar

Gjennom tida har seriesystemet blitt endra fleire gonger. I hovudsak har endringane bestått i å endre reglane slik at alle klubbar, uansett kvar i landet dei hadde heimebane, har fått høve til å rykke opp i Eliteserien, i tillegg til å gradvis utvide talet på lag i Eliteserien.

Norgesserien og Hovedserien

Den første ligaen arrangert av Noregs Fotballforbund var den såkalla prøveligaen som gjekk i åra 1914–1916 med klubbane Odd, Frigg, Kvik Fredrikshald, Drafn, Mercantile og Larvik Turn. Serien vart ikkje ferdigspelt, men i og med at Odd spelte og vann alle kampane sine ville det uansett ikkje vore mogeleg å ta igjen laget.

Den første nokolunde landsomfattande serien (Norgesserien) vart starta i 1937, sjølv om «landsomfattande» er eit sterkt ord for eit system som ikkje dekte dei tre nordlegaste fylka i landet, og heller ikkje Sogn og Fjordane. Lag frå Sogn og Fjordane fekk heller ikkje delta i Hovedserien, og kom først med i det landsomfattande systemet med innføringa av 1. divisjon i 1963.[1] Landet var delt inn i åtte distrikt. Kvart distrikt hadde ein eller to avdelingar, og kåra kvar sin vinnar. Avdelingsvinnarane møttest så i cupspel om seriemeisterskapen. I dei distrikta der ein hadde fleire avdelingar møttest først dei to avdelingsvinnarane for å kåre ein distriktsvinnar. Deretter var det kvartfinale, semifinale og finale for å kåre ein seriemeister. Såvel i seriesystemet i avdelingane som i distriktsfinalane og kvartfinalane møtte ein motstandarane sine både heime og borte. Semifinalen og finalen vart derimot avgjort i ein einskild kamp, med omkamp(ar) ved evt. uavgjort. Då kvar avdeling hadde 6-8 lag, var det under dette systemet ca. 75 lag i den øvste divisjonen i Noreg.

Etter berre tre komplette sesongar (1937/38, 1938/39 og 1947/48) skifta serien namn til Hovedserien og vart krympa til berre to avdelingar, kvar på åtte lag. Dei to avdelingsvinnarane møttest i ein finale for å avgjere seriemeisterskapen. I denne perioden starta serien om hausten, og etter ein lang vinterpause fortsette han om våren.

1. divisjon – utviding av tal på lag

I 1961 gjekk NFF inn for å gå over til éin toppdivisjon med ti lag, der sesongen vart spelt gjennom kalenderåret. Sesongen 1961/62 («Maratonserien») vart dermed ein overgangsssong, der dei 16 laga spelte i éin divisjon gjennom eitt og eit halvt år for å kome med i ti-klubbsserien. I 1963 vart seriesystemet lagt om til éi avdeling med ti lag i toppdivisjonen

Ein allnorsk serie

Lag frå Nord-Noreg hadde ikkje høve til å kvalifisere seg til den øvste divisjonen før i 1972. Store reiseavstandar vart brukt som argument mot å inkludere nordnorske lag. Men òg ei førestelling om eit dårlegare nivå i nord bidrog til eit delt fotballrike. Det delte seriesystemet skapte stor harme i dei store nordnorske fotballbyane på den tida, Narvik og Bodø. Bodø hadde allereie i 1952 teke i bruk ein sivil flyplass med daglege SAS-avgangar til Oslo, slik vart argumentet til NFF om reise stadig mindre relevant. Dei tre nordlegaste fotballkrinsane arrangerte frå 1929 eit eige Nord-Noregsmeisterskap i fotball. Det nordnorske meisterskapet hadde derimot ingen offisiell status hos NFF og vinnaren fekk aldri spele nokre offisielle kampar mot dei beste laga i sør.

I Fotballforbundet si offisielle jubileumsbok «Fotball! Noregs Fotballforbund 100 år» blir seriesystemetet omtalt slik: «Landsdelen hadde fått eit særs så godt fotballag der hardtarbeidande lokale spelarar var blanda med heimvendte søner med heltestatus som måtte overkome ikkje berre motstandarar på banen, men òg eit djupt urimeleg seriesystem. Urettferda i dette beviste Glimt gjennom cup-prestasjonane sine».

Øvste divisjonen hadde ti lag til og med 1971-sesongen. I 1972-1994 hadde øvste divisjonen tolv lag. Ved omlegginga til tolv lag i den øvste divisjonen fekk Mjølner frå Narvik delta som første nordnorske lag. Forskjellsbehandlinga fortsette derimot mellom nord og sør òg på 70-talet. Frå 1972 bestod nest øvste nivå av tre avdelingar: to sør for Nordland og ein for Nord-Noreg. Vinnarane i dei to sør-avdelingane fekk direkte opprykk, medan vinnaren i nord måtte ut i kvalifiseringspel mot toarane i sør-avdelingane. Først i 1980 vart systemet slik at dei gode laga rykte direkte opp uansett kvar i landet dei kom frå.

Tippeligaen og utviding til 14 og 16 lag

Føre 1991-sesongen gjekk Norsk Tipping inn som hovudsponsor for Eliteserien og namnet på den øvste divisjonen vart endra frå Førstedivisjon til Tippeligaen.

Mellom 1995 og 2008 hadde divisjonen 14 lag. Frå og med sesongen 2009 har det vore 16 lag i den øvste divisjonen, dermed vart sesongen 2008 ein «overgangssesong». I denne sesongen rykte det dårlegaste laget i Eliteserien ned. Dei tre beste laga frå Adeccoligaen rykte opp, medan nest dårlegaste laga i Eliteserien spelte kvalifisering mot det fjerde beste laget i Adeccoligaen. Den nye 16-lags serien frå 2009 fekk ordninga med at dei to nedste laga rykte direkte ned, medan det tredje dårlegaste spelte kvalifisering mot laga som kom på tredje-, fjerde- og femteplassen i Adeccoligaen. Frå 2011 vart kvalifiseringa heilt fjerna med grunngjevinga at det er for seint å spele kvalifisering etter serieslutt i Tippeligaen, som er flytta tre veker, frå første til siste helg i november. Ordninga vart likevel gjeninnført etter eitt års fråvær.

I juni 2011 vart det kjent at Noregs Fotballforbund hadde inngått ein sendeavtale med Canal Plus, som blant anna sendar reklame for utanlandske speleselskap retta mot eit norsk publikum. Dette førte til reaksjonar frå Norsk Tipping, som melde at dei hadde «vedteke å gjere ei vurdering av heile avtala».

Medaljeoversyn

Norgesserien

Hovedserien





1. divisjon




Tippeligaen




Gullfordelinga

1972–2015 (allnorsk seriesystem)

1963–2015

Publikum

Sjå òg Tilskodartal i Tippeligaen.

Det vart spelt 132 kampar i året fram til 1994. Året etter vart ligaen utvida med to lag, og talet på kampar vart 182 i året. Frå 2009 spelar 16 lag i den øvste serien noko som tyder 240 kampar i løpet av sesongen.

ÅrTotaltGjennomsnitt
1980671 1765 084
1981775 9565 878
1982603 0274 568
1983729 0435 523
1984568 7654 308
1985581 1774 403
1986426 3493 229
1987469 0303 553
1988576 2574 365
1989624 6794 732
1990647 4894 905
1991706 5085 352
1992671 9035 083
1993731 5655 542
1994688 5895 216
 
ÅrTotaltGjennomsnitt
1995841 7174 624
1996841 3684 622
1997772 1974 242
1998959 3175 270
1999983 6305 404
20001 024 7225 639
20011 013 2645 567
20021 092 3596 002
20031 198 7986 587
20041 458 2588 012
20051 727 2129 490
20061 656 3079 101
20071 906 13610 473
20081 785 8159 812
20092 151 8258 966
20101 909 1658 124

Flest kampar totalt

SpelarTidsromKamper
Roar Strand1989–2010439[2]
Daniel Berg Hestad1993–401
Christer Basma1993–2008348
Ola By Rise1977–1995346
Runar Berg1990–2010345
Erik Hoftun1992–2005336
Bjørn Johansen1987–2005334
Svein Mathisen1973–1989327
Arild Sundgot1995–2011322
Jan Derek Sørensen1992–2009317

Toppskårarar 1949–2015





Rekordar i norsk eliteserie sidan 1963

Sjå òg Norske fotballrekordar.
  • Flest mål i éin kamp: 6
  • Flest mål i éin sesong: 30 mål, Odd Iversen, Rosenborg (1968)
  • Flest mål totalt: 172 mål, Sigurd Rushfeldt, Tromsø og Rosenborg (sjå heile lista)
  • Flest seriemeisterskap: 22, Rosenborg
  • Flest seriemeisterskap, individuelt: 16, Roar Strand, Rosenborg
  • Flest andreplasser: 7, Lillestrøm og Molde
  • Flest tredjeplasser: 8, Viking
  • Flest nedrykk: 8, HamKam
  • Høgaste poengsum i ein sesong 1963–71 (18 kampar): 28 poeng, Lyn (1968)
  • Høgaste poengsum i ein sesong 1972–86 (22 kampar/2 p for siger): 36 poeng, Lillestrøm (1977)
  • Høgaste poengsum i ein sesong 1987–94 (22 kampar/3 p for siger): 52 poeng, Lillestrøm (1989)
  • Høgaste poengsum i ein sesong 1995–2008 (26 kampar): 63 poeng Rosenborg (1998)
  • Høgaste poengsum i ein sesong 2009–2010 (30 kampar): 69 poeng Rosenborg (2009)
  • Lågaste poengsum i ein sesong 1963–71 (18 kampar): 2 poeng, Sandefjord BK (1965)
  • Lågaste poengsum i ein sesong 1972–86 (22 kampar/ 2 p for siger): Os Turn 5 poeng (1975)
  • Lågaste poengsum i ein sesong 1987–94 (22 kampar/ 3 p for siger): Djerv 1919 13 poeng (1988) og Moss 13 poeng (1990)
  • Lågaste poengsum i ein sesong 1995–2008 (26 kampar): Start 11 poeng (2002)
  • Lågaste poengsum i ein sesong 2009–2010 (30 kampar): Sandefjord 12 poeng (2010)
  • Flest sigrar i ein sesong 1963–71 (18 kampar): 14 sigrar, Lyn (1968)
  • Flest sigrar i ein sesong 1972–94 (22 kampar): 16 sigrar, Fredrikstad (1972), Viking (1972) og Lillestrøm (1977, 1986 og 1989)
  • Flest sigrar i ein sesong 1995–2008 (26 kampar): 20 sigrar, Rosenborg (1998)
  • Flest sigrar i ein sesong 2009–2010 (30 kampar): 20 sigrar, Rosenborg (2009)
  • Færrast sigrar i ein sesong 1963–71 (18 kampar): 0 sigrar, Sandefjord (1965)
  • Færrast sigrar i ein sesong 1972–94 (22 kampar): 0 sigrar, Os (1975)
  • Færrast sigrar i ein sesong 1995–2008 (26 kampar): 2 sigrar, Start (2002)
  • Færrast sigrar i ein sesong 2009–2010 (30 kampar): 2 sigrar, Lyn (2009) og Sandefjord (2010)
  • Flest uavgjort i ein sesong 1963–71 (18 kampar): 9 uavgjort, Lyn (1966)
  • Flest uavgjort i ein sesong 1972–94 (22 kampar): 12 uavgjort, Haugar (1981) og Brann (1992)
  • Flest uavgjort i ein sesong 1995–2008 (26 kampar): 12 uavgjort, Vålerenga (2002) og Viking (2004)
  • Flest uavgjort i ein sesong 2009–2010 (30 kampar): 13 uavgjort, Lillestrøm (2010)
  • Færrast uavgjort i ein sesong 1963–71 (18 kampar): 0 uavgjort, Lyn (1968)
  • Færrast uavgjort i ein sesong 1972–94 (22 kampar): 1 uavgjort, Bryne 1986 og 1987
  • Færrast uavgjort i ein sesong 1995–2008 (26 kampar): 1 uavgjort, Start (1995), Brann (1999) og Bryne (2003)
  • Færrast uavgjort i ein sesong 2009–2010 (30 kampar): 4 uavgjort, Vålerenga (2009 og 2010), Fredrikstad (2009) og Strømsgodset (2010)
  • Flest tap i ein sesong 1963–71 (18 kampar): 16 tap, Sandefjord BK (1965)
  • Flest tap i ein sesong 1972–94 (22 kampar): 17 tap, Raufoss (1974) og Os (1975)
  • Flest tap i ein sesong 1995–2008 (26 kampar): 19 tap, Skeid (1997) og Start (2002)
  • Flest tap i ein sesong 2009–2010 (30 kampar): 22 tap, Sandefjord (2010)
  • Færrast tap i ein sesong 1963–71 (18 kampar): 2 tap, Lyn (1964), Skeid (1966) og Rosenborg (1967)
  • Færrast tap i ein sesong 1972–94 (22 kampar): 2 tap, Viking (1974), Lillestrøm (1977, 1978, 1985 og 1989), Start (1978) og Vålerenga (1981)
  • Færrast tap i ein sesong 1995–2008 (26 kampar): 1 tap, Rosenborg (1997)
  • Færrast tap i ein sesong 2009–2010 (30 kampar): 0 tap, Rosenborg (2010)
  • Flest skåra mål i ein sesong 1963–71 (18 kampar): 57 mål, Lyn både i 1965 og 1968
  • Flest skåra mål i ein sesong 1972–94 (22 kampar): 70 mål, Rosenborg (1994)
  • Flest skåra mål i ein sesong 1995–2008 (26 kampar): 87 mål, Rosenborg (1997)
  • Flest skåra mål i ein sesong 2009–2010 (30 kampar): 69 mål, Vålerenga (2010) Rosenborg (2011)
  • Færrast skåra mål i ein sesong 1963–71 (18 kampar): 10 mål, Pors (1970)
  • Færrast skåra mål i ein sesong 1972–94 (22 kampar): 10 mål, Mjølner (1972)
  • Færrast skåra mål i ein sesong 1995–2008 (26 kampar): 21 mål, Start (2002)
  • Færrast skåra mål i ein sesong 2009–2010 (30 kampar): 25 mål, Sandefjord (2010)
  • Flest innsleppte mål i ein sesong 1963–71 (18 kampar): 57 mål, Sandefjord BK (1965)
  • Flest innsleppte mål i ein sesong 1972–94 (22 kampar): 59 mål, Djerv 1919 (1988)
  • Flest innsleppte mål i ein sesong 1995–2008 (26 kampar): 80 mål, Sogndal (1998)
  • Flest innsleppte mål i ein sesong 2009–2010 (30 kampar): 62 mål, Hønefoss (2010)
  • Færrast innsleppte mål i ein sesong 1963–71 (18 kampar): 5 mål, Rosenborg (1970)
  • Færrast innsleppte mål i ein sesong 1972–94 (22 kampar): 10 mål, Viking (1974)
  • Færrast innsleppte mål i ein sesong 1995–2008 (26 kampar): 20 mål, Rosenborg (1997)
  • Færrast innsleppte mål i ein sesong 2009–2010 (30 kampar): 22 mål, Rosenborg (2009)
  • Flest sigrar på rad i ein sesong: Lillestrøm 11 kampar på rad (1986)
  • Flest kampar på rad utan tap: Rosenborg 33 kampar på rad frå oktober 2009 til november 2010
  • Flest kampar på rad utan tap i ein og same sesong: Rosenborg 30 kampar 2010
  • Flest kampar på rad frå seriestart utan tap: Rosenborg 30 kampar 2010
  • Flest tap på rad: Skeid 12 kampar på rad frå august 1996 til mai 1997
  • Flest kampar på rad utan siger: Sandefjord 27 kampar mellom 2. og 30. serierunde 2010
  • Flest uavgjorte kampar på rad:
  • Flest kampar på rad med scoring: Rosenborg 53 kampar på rad april 1994 til mai 1996
  • Flest kampar på rad utan scoring:
  • Flest kampar på rad med scoring imot:
  • Lengste tidspunkt utan scoring imot: Erik Johannessen, Viking, 672 min
  • Høgaste publikumstal i ein kamp gjennom tidene: 28 569 Rosenborg–Lillestrøm 1985
  • Lågaste publikumstal i ein kamp gjennom tidene: 202 Strømmen–Mjøndalen 1986
  • Flest sesongar på rad i øvste divisjon: Lillestrøm 38: 1975 – 2012
  • Flest sesongar i øvste divisjon 1963-2012: Viking 46 (av 50 mogelege): 1963-65, 1968-86, 1989-2012

Totaltabell for Tippeligaen 1991–2012

Plass nrLagKamperVunnetUavgjortTaptMål +Mål -Mål +/-Poeng
1Rosenborg5723451289913536347191163
2Viking572238156178936778158870
3Lillestrøm572237153182972791181864
4Brann57223813120399592372845
5Molde524231119174888776112812
6Tromsø5462061382028017956756
7Stabæk458199101158796674122698
8Vålerenga45417211117168064337627
9Bodø/Glimt38613696154627651-24504
10Odd Grenland35414082132537540-3501
11Start36011683161538645-107431
12Strømsgodset34611873155540668-128427
13Lyn33011184135446516-70417
14Sogndal2827770135348543-195301
15Kongsvinger2488250116354463-109296
16Fredrikstad220774895309356-47279
17Aalesund224735596285342-57274
18HamKam196604492261356-95224
19Haugesund168573774257277-20208
20Moss156492879208289-81175
21Bryne104281858138216-78102
22Sandefjord112252562127202-75100
23Skeid782085096206-11068
24Hønefoss6014182858104-4660
25Fyllingen441012224276-3442
26Sandnes Ulf3088144456-1232
27Hødd2684143857-1928
28Sarpsborg 083056193165-3421
29Mjøndalen2253142042-2218
30Strindheim2645172677-4117
  • 4 lag har spelt alle sesongar i Tippeligaen sidan han starta i 1991: Rosenborg, Lillestrøm, Viking og Brann
  • Mål nr. 10 000 i Tippeligaen var Tromsø sitt 2-0 mål i 4-2 sigeren over Vålerenga den 6. april 2009.
  • Odd Grenland vart trekt eitt poeng 20. september 2012 på grunn av dårleg økonomi.

Laga i 2020

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff